Lone Lie Buås frydar seg i vannstrålene som plutseleg kjem opp av bakken.
Foto: Åge Bjørnevik
– Ein ny epoke for Klepp sentrum er i gang, sa varaordførar Ove Horpestad då han laurdag klypte snora og gjennomførte den høgtidelege opninga av Plogenparken – den nye samlingsstaden for store og små i Klepp sentrum.
Varaordførar Ove Horpestad klypper snora og erklærer Plogenparken for opna. Søstrene Sandra og Angelica Bærheim – døtrene til prosjektleiaren for parken – fekk det ærefulle oppdraget med å halda i kvar sin ende av snora.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Berre vatnet i bekken som skal renna gjennom parken, pluss nokre få benkar, manglar. Elles er alt ferdig. Inkludert eit politisk vedtak om ein midlertidig isflate komande vinter.
– Eit levande sentrum skaper ikkje seg sjølv. Det er me som bur her i Klepp som må skapa aktiviteten og ta tilbodet me no har fått i bruk, sa Horpestad.
Budsjettet for den store aktivitetsparken er på 28 millionar kroner.
Kåre Trane Skadsem og Johan Hermansen i fint driv i eit klatrestativ.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Emily Charlotte Damsgård kosar seg på ei av dei splitter nye dissene.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Ooops, der kom vatnet! Lone Lie Buås og Henrikke Ranum hoppar til.
Thor Damp Knutsen og Adrian Elstad testar ut eitt av styrketreningsapparata. Asbjørn Birkeland frå Voll IL (til venstre) brukte opningsdagen som instruktør på dei nye apparata.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Mange mogelegheiter for å leika fysisk.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Varaordførar Ove Horpestad har fått på seg ordførarkjedet, og nyt korpsmusikk frå Tu skulekorps medan han ventar på tur til å koma opp på scenen framføre dei mange frammøtte.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Sunniva Lunde Randeberg og Ole Mathias Olafsrud Vestvik – leiar og nestleiar i Klepp ungdomsråd – leia opninga av Plogenparken, og takka på vegner av alle dei unge i Klepp for det nye tilbodet.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Lyden av Klepp er eit song- og musikktilbod som ungdommens kommunestyre tok initiativ til, for å gje mogelegheit til å møtast på tvers av skulekrinsar. 45 barn frå 4. til 7. trinn er med, 25 av dei var med på opninga, der dei urframførte ein eigenskriven song om å vera ung i Klepp: «Me kan ver to».
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Ludvig Fosså – som fann på namnet Plogenparken, og dermed vann namnekonkurransen med nesten 300 forslag – var ein naturleg heidersgjest under opninga.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Mange menneske hadde teke turen til den offisielle opninga av aktivitetsparken laurdag klokka 11.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Tu skulekorps spela.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Mange ville buldra/klatra.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Jærbladet fekk før opninga ei omvising i Plogenparken. Under kan du sjå videoen med presentasjon av nokre av tilboda:
Dette inneheld aktivitetsparken:
Skatepark
Pumptrack
Multibinge for ballsport
Padelbane
Eigenvektstrening
Treningsområde for styrke og kardio
Klatreboulder
Klatrestativ
Bekk med fleire bruer
Spelområde og benkar
Gapahuk
Fontene
Politikarane har også vedteke at det skal leggjast ei midlertidig isflate til vinteren.