Som Jærbladet allereie har skrive, sluttar dagens leiar av Nav Klepp-Time, Audhild Vikan, etter fire år i stillinga. Ho skal over til ei ny stilling i Nav Rogaland frå 1. august.

Sju menn og seks kvinner hadde meldt seg innan søknadsfristen 19. mai, men to av dei har trekt søknaden sin, og står derfor ikkje på søkjarlista som no blir offentleggjort.

Desse 11 kandidatane er att i konkurransen om stillinga:

  • Maria Therese Halvorsen (43), jobbsøkjar, Sandnes.
  • Torbjørn Sakariassen (54), leiar kundesenter, Lindesnes.
  • Endre Munthe Landsnes (50), seksjonssjef, Time.
  • Renate Ollestad (42), avdelingsleiar, Sandnes.
  • Lasse Hjelmervik (46), dagleg leiar, Klepp.
  • Gina Løyning Rosland (32), leiar, Time.
  • Ann Helen B. Aune (50), verksemdsleiar, Sandnes.
  • Silje Særheim (50), dagleg leiar, Time.
  • Dan Allingham (48), avdelingsleiar, Stavanger.
  • Trygve Martinsen (56), administrerande direktør, Gjesdal.
  • Ann-Kristin Viken Eklund (54), dagleg leiar, Stavanger.

Stadnamnet som står til slutt, er bustadkommunen til søkjaren.

Nav-kontoret for Klepp og Time har 86 medarbeidarar og held til i Kjøpmannsbrotet på Kleppe. Sidan det då er Klepp som er vertskommune, skal den nye Nav-leiaren formelt tilsetjast av Klepp kommune.