Dagens fjos ved skulen er umoderne og lite relevant som læringsarena for elevar, ifølge fylkesdirektørens saksframlegg.
Det oppfyller ikkje krava til god dyrevelferd. Evalueringar viser «et tydelig gap mellom dagens fasiliteter og moderne krav til husdyrproduksjon».
Fylkeskommunens ambisjon er at Øksnevad vgs. skal bli eit grønt kompetansesenter. Til det trengst eit fjos som er stort nok til å sikra HMS for både dyr og elevar.
Halverte beløpet
Framlegget er rundt 60 årskyr og ei drift med digitale styringssystem og robotisert mjølking, som kan produsera rundt 500.000 liter mjølk i året.
Planen inneber òg meir effektiv organisering av undervisninga ved hjelp av garderobar, grupperom i rein sone og observasjonsområde.
Det kostar å bygga.
I økonomiplanen 2025–28 sette fylkeskommunen av 104 millionar kroner til nytt undervisningsfjos ved Øksnevad vgs., og ved neste korsveg – økonomiplanen 2026–29 – justerte fylkesdirektøren ramma til 107,5 millionar i si innstilling.
Men det politiske fleirtalet ville ikkje vera med på dette. Dei meir enn halverte beløpet, til 50 millionar kroner.
Det er ikkje forsvarleg å kutta lengre ned enn til 85 millionar kroner, meiner fylkesdirektør Gunn Claire Westad.
Skal det knipast meir, så må det skrivast ei anna type sak enn den som ligg føre, varsla ho tidleg i mars.
Negative følger
Fleirtalet av dei folkevalde i opplæringsutvalet (Frp, H, KrF og V) ville likevel ha eit notat om kva ein kan få for 50 millionar ved å redusera talet på kyr, velja langt rimelegare materialar og skrumpa arealet.
Høgre og KrF syntest heller ikkje at fylkesdirektøren hadde gitt gode nok argument for at det er pedagogisk nødvendig å gå for prosjektet til 85 millionar kroner.
Før fylkesutvalet leverte fylkesdirektøren eit slikt notat, der ho heldt fast ved at det høge ambisjonsnivået er nødvendig «for å møte forventningene som ligger i Øksnevadsvisjonen sitt mål om å bli 'landets mest jordnære og matnyttige arena for læring, mestring og utvikling'».
Ei kostnadsramme på 50 millionar vil få betydelege negative følger for undervisningskvalitet, HMS-nivå og skulen si rolle som relevant og framtidsretta fagmiljø for landbruket i Rogaland.
Står ved 50 mill.
I fylkesutvalet stod fleirtalet fast ved at dei må prøva å byggja fjoset til 50 millionar kroner, og at løysingane må tilpassast dette. Dei vil framleis ha 60 årskyr. Saka blir dermed send tilbake til administrasjonen.
Fylkesordførar Ole Ueland oppmoda fylkesdirektøren til å søkja erfaring og kunnskap frå dei som har prøvd ein alternativ entrepriseform, der ein seier «så mykje pengar har me, og dette er det me ønskjer oss», og så lèt marknaden konkurrera.
Han kalla det eit «radikalt grep», men meinte at dei nokre gonger må fristilla seg frå korleis dei har tenkt at det skal vera, når dei ser at ramma er som ho er.
– Då kan me ikkje vedta eit rom- og funksjonsprogram, slik fylkesdirektøren har føreslått. Då må me få ei ny sak. Får me tilbake tilbod som det ikkje er plass til innanfor ramma på 50 millionar, kan det skildrast som ei tilleggssak. Då kan ein auka ramma.
Mille-Sofie Kvannli (H), Kjartan Alexander Lunde (V) og Anne Kristin Bruns (KrF) tala alle for at dette uansett var ei stor satsing på Øksnevad vgs. og ei skikkeleg gladsak.
– Femti millionar er ikkje småpengar, sa Lunde.
– Dette i kombinasjon med grønt kompetansesenter og nytt bygg viser at me tek Øksnevad vgs. på største alvor. Dette er definisjonen på ei gladsak, sa Kvannli.
Anne Kristin Bruns i KrF sa at jærbonden er ein stolt bonde, og at dei i utviklinga av dette fjoset får bruk for den haldninga og kompetansen jærbonden har.