Frå Re er det ikkje meir enn fire kilometer til Kyllingstadgarden i Klepp.
Frå Re er det ikkje meir enn fire kilometer til Kyllingstadgarden i Klepp. Foto: Snorre Standish Norheim

66-åringen Ståle Kyllingstad er travel toppsjef og eigar av IKM-konsernet. Han leier bransjeorganisasjonen Norsk Industri, eitt av heile 75 styreleiarverv han har.

Då blir det lite tid til jordbruk, og derfor har han funne ei løysing for 11,5 dekar fulldyrka jord ved bustaden sin på Re utanfor Bryne.

Han er sjølv oppvaksen på gard i Klepp, der Magnus Kyllingstad og kona Benedicte driv med ammeku, fjørfe og melkeproduksjon.

I 2025 inngjekk dei ein 20-årig leigekontrakt med Ståle Kyllingstad om å driva teigen på Re som tilleggsjord.

Avtalen kan ikkje seiast opp utanom ved vesentleg misleghald. Leigeavgifta er symbolske 1000 kroner per år.

I 2012 kjøpte Ståle Kyllingstad to naboeigedommar på Re. Den eine er ein landbrukseigedom, der han etter mykje styr har fått lov til å bygga opp ei gammal løe.
I 2012 kjøpte Ståle Kyllingstad to naboeigedommar på Re. Den eine er ein landbrukseigedom, der han etter mykje styr har fått lov til å bygga opp ei gammal løe. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim (arkiv)

– Driftsmessig grei løysing

I fjor innvilga Time kommune ein søknad om frådeling etter jordlova § 12 for etablering av leigekontrakt fram til 2044.

På grunn av lengda måtte leigetakaren søka og få konsesjon. Time kommune innvilga konsesjonen 8. juli i år.

Kommunen forklarer at avtalen kom i stand fordi leigetakaren vil ha føreseielege forhold rundt investeringar og drift av arealet.

Det er avgrensa avstand mellom Kyllingstadgarden og det leigde arealet, og transporten skal skje på mindre trafikkerte vegar.

– Vidareføring av det eksisterande leigeforholdet som søkjar i dag har med grunneigar av gnr. 3, bnr. 111 gjennom ein langsiktig leigekontrakt vil vera ei driftsmessig grei løysing, står det i vedtaket.

Kyllingstadgarden har 361 dekar fulldyrka jord, ifølge NIBIO. Tilleggsarealet på Re skal brukast til produksjon av korn og gras.