Dei siste åra har auka busetting av flyktningar ført til større press på bustadmarknaden og dei kommunale tenestene på Jæren. Den auka busettinga skuldast i stor grad Russland sin krig i Ukraina.
Det er det statlege Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) som skal sørga for at folk som har fått innvilga i Noreg, får ein plass å bu. IMDi tildeler oppgåva til villige kommunar, i byte med eit integreringstilskot som går over fem år.
Tilskotet er høgast det første året og vert gradvis mindre. Ideen er at kvar flyktning i løpet av denne tida skal ha lært seg norsk, vorte integrert i lokalsamfunnet og ha fått seg ein jobb eller utdanningsplass.
157 flyktningar i år
Det er fire år sidan Russland gjekk til eit fullskala angrep på Ukraina. Mange flykta frå invasjonen. Norge mobiliserte for å ta imot nokre av dei.
Det første året fekk kommunane på Jæren førespurnad om dei kunne ta imot 165 flyktningar kvar – på toppen av dei flyktningane dei allereie hadde bestemt at dei skulle ta imot dette året.
Ut over året blei talet noko oppjustert, men fullt så mange flyktningar vart det aldri nødvendig å busetta. Heller ikkje dei etterfølgande åra har det faktisk komme like mange flyktningar som kommunane på Jæren har sagt ja til å ta imot.
Den politiske møterunden på Jæren i vinter viser likevel tydeleg at det politiske fleirtalet på Jæren meiner at lokalsamfunnet nå nærmar seg smertegrensa.
For 2026 bad IMDi Klepp og Hå om å busetta 55 flyktningar kvar, medan Time fekk førespurnad om 47.
Trygve Apeland, kommunedirektør i Time råda politikarane til å seia ja. Han grunngav dette med at kommunen dei siste åra har vist stor vilje til å busetta og integrera flyktningar, og har etablert gode rutinar og tenestetilbod som sikrar at flyktningane får den oppfølginga dei skal.
«Det er viktig at denne innsatsen held fram i 2026 for å møta dei nasjonale behova for busetting og integrering», skreiv kommunedirektør Trygve Apeland.
I Hå og Klepp foreslo kommunedirektørane at talet på flyktningar burde justerast ned til det kommunedirektøren i Hå kalla «eit meir handterbart tal»: 47 – same tal som i Time.
Maks 30
Klepp var det første kommunestyret på Jæren som diskuterte førespurnaden frå IMDi.
Der bestemte eit knapt fleirtal, beståande av Framstegspartiet og Høgre sine representantar, å setta grensa ved 30 flyktningar.
Mindretalet, alle dei andre partia i kommunestyret, gjekk inn for å ta imot 47 flyktningar i år, i tråd med rådet frå kommunedirektøren.
Rolf Helge Bergseth frå KrF meinte 47 flyktningar ville vera rett nivå å legga seg på, i tråd med rådet frå kommunedirektøren.
Bergseth viste til at det tidlegare har vore stor tverrpolitisk semje om flyktningpolitikken i Klepp, men at ei endring nå synest å vera på gang.
– Har me blitt slitne? Klarar me ikkje halda ut det presset me nå står under? undra han.
KrF-politikaren erkjende at å ta imot mange flyktningar er utfordrande, både når det gjeld bustadar og tilpassing av dei kommunale tenestene.
– Men så har me stor tiltru til at når kommunedirektøren har valt å ta imot 47, er det fordi me trur me skal få til dette, og gje det husværet og dei tenestene dei har behov for, sa Bergseth.
KrF fekk med seg Senterpartiet, Arbeidarpartiet, INp, Venstre og SV.
Dei til saman 15 representantane deira er ikkje nok til å få fleirtal. Framstegspartiet og Høgre har fleirtal med 16 representantar. Dei gjekk, som dei òg gjorde i formannskapet, inn for at Klepp skal ta imot opp til 30 flyktningar i år.
«Trist og på grensa til pinleg», meinte Kolbjørn Sandve (SV), utan at nokon frå fleirtalet utfordra han på det.
Følgde Klepp
Vedtaket i Klepp gjorde at kommunedirektøren i Time endra innstillinga si då kommunestyret der skulle diskutera saka onsdag i førre veke.
Dei to kommunane har felles flyktningteneste. Kommunedirektøren i Time råda derfor politikarane til å gå inn for same tal for Klepp, sidan dette forenklar ressursfordelinga mellom dei to kommunane.
Ikkje alle var samde.
To av Framstegspartiet sine representantar ville eigentleg setta grensa ved 15 flyktningar.
Varaordførar Gaute Stokka (Frp), som la fram forslaget, sa at dei ut frå bustadsituasjonen eigentleg burde setta talet til null, men at dei ønsker «å hjelpa til så mykje som mogleg». Varaordføraren uttrykte òg uro for tilgangen på kvalifisert personell.
– Me ønsker at Time skal vera ein god busettingskommune både for dei som bur her i dag, og for dei som skal komma til oss, sa Stokka.
Endre Vollsund frå Venstre la fram forslag om at kommunen burde ta imot 47 flyktningar, slik IMDi opphavleg hadde førespurt.
– Ikkje fordi det er enkelt, ikkje fordi det er gratis, men fordi det er rett, sa han.
Venstre sin einaste representant i kommunestyret fekk med seg Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV og Kjetil Hustoft frå KrF, men var likevel i mindretal.
Høgre, Framstegspartiet, INp og Anders Undheim og Bjørghild Underhaug frå KrF sikra i staden eit knapt fleirtal for det som òg var innstillinga frå formannskapet, nemleg at Time i år skal ta imot 30 flyktningar.
Anders Undheim (KrF) sa at partiet hans i utgangspunktet hadde tenkt å stemma for kommunedirektøren si opphavlege innstilling: Opp til 47 flyktningar i 2026.
– Men når kommunedirektøren snur og seier dette skaper ei utfordring, skal me òg vera villige til å gjera det, sa Undheim.
KrF-politikaren la til at kommunen bør sjå på ei ny løysing for korleis Time og Klepp skal fordela kostnadane for dei felles flyktningtenestene sine.
Åtvara mot bjørnetenester
I Hå enda dei òg opp på 30. Her, som i Time og Klepp, var det uro for kapasiteten i dei kommunale tenestene. Både Kristeleg Folkeparti og Høgre åtvara mot å gjera flyktningane «ei bjørneteneste» ved å ta imot utantilstrekkeleg kapasitet til å integrera dei.
– Me ønsker å ta ansvar, busetta flyktningar og integrera dei godt. Men skal integreringa lukkast, må me ha kapasitet til å følga opp den enkelte, sa Irene Omland frå Høgre.
Framstegspartiet, INp, Konservativt og Reidar Håland frå Hå-lista tok til orde for at kommunen ikkje skal ta imot flyktningar i år.
– Solidaritet utan berekraft er ikkje solidaritet, det er ansvarsfråskriving. Hå bør ta eit reelt pust i bakken i 2026 før me aukar volumet igjen. Det er ansvar og det er solidaritet, meinte Arne Husveg (Konservativt).
Njål Sikveland (Ap) gjekk opp på talarstolen for å erklæra seg «veldig ueinig» med Husveg.
– Me som bur her, i ein av dei rikaste regionane i eit av verdas riskaste land, bør ta ansvar og hjelpa folk som treng hjelpa nå, sa han, med trykk på det siste ordet.
Saman med SV gjekk Arbeidarpartiet inn for å ta imot 47 flyktningar, same tal som kommunedirektøren innstilte på.
Det store fleirtalet, Kristeleg Folkeparti, Høgre, Senterpartiet og Elin Hetland Mong, Merethe Elin Kvia og Henriette Mjåtveit frå Hå-lista, avgjorde til slutt at Hå i år skal ta imot 30 flyktningar.
Stilte vilkår om bustadar
Når kommunane nå har sagt ja til å busetta opp til 30 flyktningar i året, er dei tilbake til nivået dei låg på før den russiske invasjonen av Ukraina.
Dei lokale vedtaka gjer at kommunane på Jæren til saman seier ja til å busetta opp til 90 flyktningar i år. Det svarar til 57 prosent av dei 157 flyktningane IMDi bad om å få busetta her.
Det er mogleg at kommunane kan komma til å justera talet ytterlegare ned i løpet av året. Alle tre har nemleg stilt som vilkår at det må vera nok bustadar tilgjengeleg.
I Hå tok dei òg eit anna atterhald: Vedtaket om å ta imot opp til 30 flyktningar gjeld berre så lenge det er kapasitet i dei kommunale tenestene.