Etter månadar med venting er det no avgjort: Andre Holt Hodne og Dina Kristin Heigre får kjøpa garden på Høg-Jæren for 25,5 millionar kroner.
Hå kommune meinte prisen var for høg, og sa nei til konsesjon. Både kjøparane og seljarane, som var Geir Ødegård og Olaug Ødegård, klaga vedtaket frå kommunen inn for Statsforvaltaren i Rogaland.
Ikkje over 20 millionar
Fredag kom brevet der Statsforvaltaren slår fast at kjøpesummen ikkje var for høg.
Vedtaket er endeleg og kan ikkje klagast på til overordna forvaltningsorgan.
Det var den 18. januar i år at Utval for samfunn i Hå avslo konsesjonssøknaden for Skutholen gard på Elgane, cirka sju kilometer frå Varhaug.
I vedtaket heiter det at kommunen berre kunne gje konsesjon dersom kjøpesummen var 20 millionar kroner eller lågare.
Prisreduksjonen var på 21,5 prosent. Inkludert i denne summen var mjølkekvote på 4,2 millionar kroner.
– Forskjellsbehandling
Den avgjerande vurderinga som gjeld «samfunnsmessig forsvarleg prisutvikling» er grunnlaget for klagen.
I desse vurderingane, som blei lagt fram for politikarane då dei avslo konsesjonssøknaden, heiter det:
Eigedomen har store verdiar, og eit rimeleg stort produksjonsgrunnlag. Den avtala kjøpesummen er høgare enn avkastninga eigedomen kan gje, når det samtidig skal vera eit forsvarleg arbeidsvederlag og kjøpet av eigedomen i hovudsak skal lånefinansierast. Den avtala prisen for eigedomen er difor ikkje samfunnsmessig forsvarleg og innafor konsesjonslova sine krav. Det kan ikkje innvilgast konsesjon som søkt.
Klagarane påstår at kommunen sitt vedtak lir av saksbehandlingsfeil, på grunn av mangelfull informasjon om at driftsplanen ville bli brukt i vurderinga.
Ein driftsplan er ein plan for korleis ein gard skal drivast. Den spelte ei vesentleg rolle i avslaget frå kommunen, og går ut på å forbetra gardsdrifta for å gjennomføra ein optimal produksjon med mål om maksimalt økonomisk utbytte og minimal belastning på miljøet.
Frå klagarane blei det også synt til at bruk av driftsplan i denne saka var forskjellsbehandling, fordi det i ei anna nyleg sak ikkje blei innhenta driftsplan for konsesjonsbehandling av kjøp av tilleggsjord til 10,5 millionar kroner.
– Ei samanblanding
Statsforvaltaren konkluderer med at dei er samde med klagar i at bruken av driftsplan er utfordrande som grunnlag for avgjerd i prisspørsmålet.
Det blir også synt til at driftsplanen uansett ikkje ein sjølvstendig heimel for avslag.
«Å vektlegge driftsplanen i konsesjonsvurderinga står fram som ei samanblanding av juridiske konsesjonsvurderingar, og utanforliggjande økonomisk omsyn,» heiter det i Statsforvaltaren sitt vedtak.
Statsforvaltaren finn det ikkje tilstrekkeleg grunngjeve at utfallet frå driftsplanen skal vere avgjerande.
– Eit «ubehageleg» høgt lån, som riktig nok peikar mot ei krevjande prisutvikling i landbruket, kan ikkje vektleggast så tungt at det i dette høvet kan vege tyngre enn alle dei andre momenta som talar for å innvilge konsesjon. Basert på vurderingane over har me kome til å gi partane medhald i klagen, heiter det vidare.
Statsforvaltaren var på synfaring på eigedommen som ein del av saksbehandlinga.
– Litt overraska
Olav Magne Tonstad, tidlegare jordbrukssjef i Hå, arbeider no som takstmann og konsulent i landbruket. Tonstad har gitt hjelp til kjøparane og seljarane i klagesak.
– Me er god nøgde med at klagen vann fram, og spesielt nøgde er med at Statsforvaltaren konkluderer med at det var feil å bruka driftsplan i saka. Det er no slått fast som ei prinsippsak at driftsplan ikkje skal brukast. Samstundes er det litt skuffande at me måtte ta saka heilt til Statsforvaltaren, seier Tonstad.
Som takstmann og tidlegare jordbrukssjef er han glad for at Statsforvaltaren har slått fast at det er prinsippa for verdsetting i departementet sine ulike prisrundskriv som skal leggast til grunn når ein skal vurdere kjøpesummen.
Magnus Ånestad (KrF), leiar i Utval for samfunn i Hå, er litt overraska over Statsforvaltaren sitt vedtak:
– Men me må forhalde oss til vedtaket som er gjort. Det ser ut til at Statsforvaltaren meiner bruken av driftsplanen ikkje var korrekt, seier Ånestad, som også syner til at det er første gongen det er selt ein så dyr gard i Hå.
Jærbladet har vore i kontakt med Andre Holt Hodne, som seier at kjøparane ikkje ønskjer å kommentera saka.