«Dette gjorde inntrykk», skriv kaptein på seglskuta Christian Radich, Oddrun Irene Bø, i eit Facebook-innlegg.
Saman med besetninga på skipet gjesta ho Sirevåg denne helga, som del av Tall Ships Races. Superlativa er mange når ho skriv om besøket deira.
Sjå bildegalleri: – Eit mektig syn
Christian Radich er eit av fem skip som valde å segle innom Sirevåg som ein del av regattaen. Opptakta til ankomst i Sirevåg hamn vert framstilt av Bø som noko utfordrande. For fleire i besetninga var mellom anna døgnet før innsegling rufsete. Sjølve ankomsttidspunktet vart òg utsett grunna vêrforholda.
Alt i alt vart difor ankomst i hamna skildra som ei lettelse av Bø. Dette vart vidare spegla av den svært gode mottakinga dei fekk i Sirevåg.
I løpet av tida i Sirevåg hadde skipet over 2000 besøkjande om bord på ope skip. Dette er det nest høgaste talet besøkjande på Christian Radich denne sommaren, kun slått av talet besøkjande som kom om bord under stopp i ei hamn i Frankrike tidlegare denne månaden.
I reisebrevet delt på Christian Radich si Facebook-side løftar Bø spesielt fram energien, positiviteten og gjestfridommen til dei som møtte besetninga. Dette gav dei ei kjensle av å vere venta.
Les òg: Ola kom sjøvegen til skutefesten
Alt dugnadsarbeidet som ligg bak arrangementet vert òg løfta fram som imponerande.
Avslutningsvis skildrar Bø besøket deira som ei oppleving som gjekk over all forventning og kjem med helsinga: «På gjensyn!».