Denne veka rulla ein ny maskin inn i Vigreskogen.
Det er Aase Landbruk sin. Dei testar ein Novotny hogstmaskin frå Tsjekkia.
Det er ein kombinasjonsmaskin som både kan hogga skog og frakta tømmeret ut. Maskinen er òg mykje lettare enn tradisjonelle tømmerlastarar.
– Han er meir skånsam for skogbotnen, samanlikna med dei store maskinane mange av dei store skogsentreprenørane bruker, seier Kjell Martin Aase frå Aase Landbruk.
Han trur medvitet om å ta vare på mangfaldet i skogen berre vil veksa med åra.
Det er det, kombinert med behova dei ser i små vestlandsskogar, som gjer at dei har tatt inn maskinen.
For å finna ein plass å testa maskinen, kontakta han David Njå, som eig Vigreskogen.
– Han hadde ein del vindfall, så det passa veldig godt, seier Aase.
Overfor Jærbladet understrekar Njå at dei berre tar vindfall som ligg i skogen, og at hogsten er klarert med skogbruksansvarleg i Hå kommune.
Aase seier han er godt nøgd med testen så langt.
Den nye hogstmaskinen kjem til å vera i skogen i eit par dagar.
– Så tar eg truleg resten sjølv i løpet av vinteren, seier Njå til Jærbladet.