Rolf Tengesdal (frå venstre), Charles Jourdan, Per Harald Pedersen og Roald Børve ute i sitt naturlege habitat.
Rolf Tengesdal (frå venstre), Charles Jourdan, Per Harald Pedersen og Roald Børve ute i sitt naturlege habitat. Foto: Håvard Ovesen

Dei tre siste dagane har oppbodet vore stort ved parkeringslomma langs fylkesveg 44 der han går forbi Vigreskogen. Folk tar oppstilling, mange av dei med avanserte fotografiapparat eller kikkertar. Det dei har til felles, er at dei vil ha eit glimt av ein sjeldan gjest på desse trakter: Ein aftenfalk.

– Det er ein kjempeflott fugl, seier Rolf Tengesdal til Jærbladet.

Han og kona Hildur er på veg frå Hauge i Dalane til Haugesund, men har sett av litt ekstra tid på turen slik at dei kunne få med seg aftenfalken i Vigreskogen.

– Det er ei eiga oppleving nå du får sjå ein fugl du aldri får sett før, seier dei.

Hildur og Rolf Tengesdal har stansa ved Vigresskogen for å få med seg den sjeldne fuglen.
Hildur og Rolf Tengesdal har stansa ved Vigresskogen for å få med seg den sjeldne fuglen. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Sjeldan rovfugl

Aftenfalk er ein liten rovfugl som eigentleg ikkje høyrer heime i Norge. Stort sett hekkar dei i områda frå Aust-Europa til Sentral-Sibir. Aftenfalken er ein trekkfugl, så om vinteren flyr han til det sørlege Afrika.

Sjølv om dei ikkje hekkar her, er observasjonar av aftenfalk ikkje heilt uvanlege i Norge. Ifølge Store Norske Leksikon er det totalt registrert eit hundretals observasjonar.

Den siste av desse kom inn i Artsdatabanken mandag kveld. Det dreier seg om ein to år gammal hofugl i hogstfeltet på vestsida av Vigreskogen.

Sveinung Hobberstad er blant mange lokale fugleentusiastar som har svinga innom Vigreskogen dei siste dagane. Han har sett aftenfalk eit par gonger før, begge gongene i Klepp. Dette er første gong han ser ein i heimkommunen Hå.

– Det er alltid stas for meg å sjå ein ny fugl i Hå, seier han.

Aftenfalk i Vigreskogen
Aftenfalk i Vigreskogen Foto: Foto: Sveinung Hobberstad

Trekk for langt

Hobberstad byr òg på ei mogleg forklaring for det sjeldne besøket.

– Av og til kjem det trekkfugl som skal nordover frå Afrika, men som gløymer å stansa, seier han.

I fagmiljøet er dette kjend som forlenga trekk. Kva som forårsakar dette, er uvisst.

Noko tilsvarande kan skje på hausten, fortel Hobberstad. Då er det gjerne ungfuglar frå Sibir som skal trekka sørover, men som av ukjende grunnar heller flyr i vestleg retning.

Det har vore reine folkevandringa av skodelystne til Vigre dei siste dagane. I løpet av den tida Jærbladet var innom onsdag, var det ti personar der, her representert ved Roald Børve (frå venstre), Per Harald Pedersen og Charles Jourdan.
Det har vore reine folkevandringa av skodelystne til Vigre dei siste dagane. I løpet av den tida Jærbladet var innom onsdag, var det ti personar der, her representert ved Roald Børve (frå venstre), Per Harald Pedersen og Charles Jourdan. Foto: Foto: Håvard Ovesen

For mange fuglekikkarar er det noko eige med slike sjeldne besøk. Rolf og Hildur Tengesdal fortel at det ikkje er lenge sidan sist dei var på Jæren for å sjå på fugl. For eit par dagar sidan tok dei turen til Grudavatnet for å sjå ein skeistork som hadde funne vegen dit.

Rolf hentar fram mobilen og viser stolt fram eit blinkskot av ein høgreist fugl med eit imponerande nebb.

– Me måtte nesten opp og sjå han, seier han.

Vanskeleg modell

Då Jærbladet var innom Vigreskogen onsdag, stod ei titals personar på respektfull avstand med håp om å få eit godt bilde av aftenfalken. Ikkje så lett visstnok, først fordi han flaug lenger vekk frå dei skodelystne, og seinare fordi han, då han kom tilbake til favorittgreina si, sat seg med hovudet vendt vekk frå kameralinsene.

Ein trekkfugl som trakk litt vel langt nord denne våren har trekt Roald Børve (frå venstre), Per Harald Pedersen og Charles Jourdan til Vigre.
Ein trekkfugl som trakk litt vel langt nord denne våren har trekt Roald Børve (frå venstre), Per Harald Pedersen og Charles Jourdan til Vigre. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Ein av dei som ventar tolmodig er Per Harald Pedersen. Han skal snart på jobb, men først vil han prøva å sikra seg eit bilde. Han innrømmer at det går nokre timar til fuglekikking.

– Det blir som ein kvar annan hobby, seier Pedersen.

Ved sida av han står Charles Jourdan, takknemleg for å vera pensjonist og ha god tid.

Det kan kanskje trengast, for førebels har han ikkje heilt klart å få det bildet han ønsker seg.

– Det blir mest regn og ikkje så mykje fugl, seier Jourdan og ler.

Roald Børve (frå venstre), Per Harald Pedersen og Charles Jourdan er ivrige fuglefotografar.
Roald Børve (frå venstre), Per Harald Pedersen og Charles Jourdan er ivrige fuglefotografar. Foto: Foto: Håvard Ovesen

– Naturoppleving

Fugleentusiastane står tett oppi fylkesvegen. Med jamne mellomrom dundrar tungtransporten forbi i 70 kilometer i timen.

Likevel insiterer Roald Børve på at det er ei naturoppleving.

– Det er noko med å følga åtferda til fuglen, seier han.

Rolf Tengesdal viser fram eit bilde han har klart å ta i det fuglen lettar frå greina han sit på.

– Det er når det blir sånn at det blir verdt heile greiene. Men det er berre flaks, seier han og smiler.

Aftenfalk i Vigreskogen
Aftenfalk i Vigreskogen Foto: Foto: Sveinung Hobberstad

Sveinung Hobberstad har vore ein del av fuglemiljøet i snart 40 år. Han seier at rovfuglar er særleg populære når det dukkar opp eit sjeldan eksemplar.

– Og dette er ein litt spesiell art, så det verkar som det fenger, seier han.

Hobberstad har sjølv sans for aftenfalken.

– Det er ein flott fugl, seier han.

Hobberstad fortel at fuglekikkarmiljøet er i vekst.

– Det som er nytt nå, er at det er stadig fleire damer som ser på fuglar, seier han.

Aftenfalken, foreviga med Jærbladet sitt kamera. Kan du sjå han?
Aftenfalken, foreviga med Jærbladet sitt kamera. Kan du sjå han? Foto: Foto: Håvard Ovesen