Frode Aardal i BirdLife Rogaland og Tore Haye i Naturvernforbundet i Sandnes trur dei har brukt opp mot 50-60 dugnadstimar på prosjektet til saman.
Frode Aardal i BirdLife Rogaland og Tore Haye i Naturvernforbundet i Sandnes trur dei har brukt opp mot 50-60 dugnadstimar på prosjektet til saman. Foto: Ellisiv Tomasgard Raftevold

(Sandnesposten): – Det er kjekt at alle vi har spurt, seier ja. Alle er veldig glade i vipa, seier Frode Aardal i BirdLife Rogaland.

Prosjektet er ein del av eit forskingsprosjekt til BirdLife Norge som ser på om det kan fungere å sette bur over vipereir med egg. Samtidig prøver dei å finne ut kven som stel egga.

Jæren er eit av dei viktigaste områda for vipa nasjonalt. Då det blei moglegheit for eit lokalt vipeprosjekt, hengde Tore Haye og Naturvernforbundet i Sandnes seg raskt på. Her ville dei vere med og bidra.

Slik ser vipebura ut. Her var tidlegare eit reir inni, men egga har klekt og ungane sprunge ut.
Slik ser vipebura ut. Her var tidlegare eit reir inni, men egga har klekt og ungane sprunge ut.

Kan vere vekke om 18 år

– Vipa er kritisk trua, noko som betyr at viss vi ikkje gjer noko, så forsvinn ho. Det ligg an til at ho kan vere vekke om berre 18 år, seier Aardal.

– Det er akkurat det vi må prøve å forhindre, seier han.

Vipebestanden gjekk ned 96 prosent frå 2007 til 2019.

– Viss det før sat hundre viper på eit jorde, så sit det no fire, og det er kjempeproblematisk, seier Aardal.

Dei fortel om eit stort engasjement for vipa i området, spesielt blant bøndene.

– Folk blir sjokkerte når dei høyrer om den store nedgangen, og då vil folk engasjere seg. Det synest vi i BirdLife er veldig kjekt, seier Aardal.

– Eg anbefaler ingenting

Sandnesposten fekk vere med og sjekke vipebura på ei mark på Vagle i Sandnes, rett over kommunegrensa frå Klepp.

Denne marka er det bonde Audun Handeland som forvaltar. Han nølte ikkje då han blei spurt om å vere med og redde vipa.

– Eg er opptatt av vipa og har alltid vore det. Det er ein del av Jæren som er i ferd med å forsvinne. Vi må ta vare på vipa så lenge vi kan, seier han.

Audun Handeland var veldig positiv til å vere med på prosjektet. – Eg har fulgt med på vipa i 40 år, og eg har budd her i 40 år, seier han.
Audun Handeland var veldig positiv til å vere med på prosjektet. – Eg har fulgt med på vipa i 40 år, og eg har budd her i 40 år, seier han. Foto: Foto: Ellisiv Tomasgard Raftevold

På spørsmål om prosjektet går ut over avlingane eller drifta, svarar han at dei brukar å vere ferdige med våronna før vipene legg egg. I år, fortel han, vart det litt seint fordi det regna mykje, men dei er opptekne av å vere ferdige før for å ikkje forstyrre vipa.

– Vil du anbefale andre å vere med på prosjektet?

– Nei, eg anbefaler ingenting til andre. Dei får gjere som dei vil, seier Handeland med eit smil.

Har det fungert?

På marka på Vagle var det fem vipereir. Dei prøvde å sette bur på alle reira, men det var ei vipemor som ikkje ville akseptere buret, og dei måtte då fjerne det.

I reiret utan bur forsvann egga fort, medan egga som var beskytta av vipebur, fekk sjansen til å klekke.

Men der er håp. Om det ikkje går bra første gongen, fortel dei at vipene ofte prøver ein gong til.

På marka ligg det egg som Aardal seier har blitt tatt av rovdyr. – Dei klekker vanlegvis ikkje slik som dette, seier han.
På marka ligg det egg som Aardal seier har blitt tatt av rovdyr. – Dei klekker vanlegvis ikkje slik som dette, seier han. Foto: Foto: Ellisiv Tomasgard Raftevold

Utspekulerte kråker

Dei veit ikkje sikkert kva som tok egga i det eine reiret på Vagle, men der er mange kråker i området som kan finne på å ete dei.

Kråkene er smarte og har funne ut at merkepinnen dei brukar for å markere reira før dei set på buret, betyr at her finst mat. Pinnen må difor settast to meter nord for reiret, slik at kråkene ikkje fyk rett bort og et egga.

Prosjektet er også på Randaberg. Her er det raudrev og grevling som hovudsakleg et vipeegga, men bura fungerer også mot desse, då dei har solide piggar som går godt ned i bakken.

Bura er laga lokalt i Åna fengsel. Her har prosjektet også sett inn eit kamera slik at dei kan følge med på reiret på avstand og sjå kva rovdyr som prøvar seg.
Bura er laga lokalt i Åna fengsel. Her har prosjektet også sett inn eit kamera slik at dei kan følge med på reiret på avstand og sjå kva rovdyr som prøvar seg. Foto: Foto: Ellisiv Tomasgard Raftevold

– Spring rundt som tullballar

– Det som er sårt for oss, er at vi ikkje kan beskytte ungane etter dei er klekte. Då spring dei rundt som tullballar, og så kjem det ei kråke, seier Aardal.

Han fortel vidare at hos eine bonden dei jobba med, så fekk dei redda eit reir med fire egg. Alle klekte, fire små ungar. Men dei påfølgande fire dagane kom det ein måse og åt ein av ungane kvar dag. Så fire dagar seinare var alt det arbeidet dei hadde gjort og alle dugnadstimane forgjeves.

Fire viper fauk over og kjefta då bura skulle sjekkast. Då var det nok ungar som har overlevd i nærleiken, men dei var ikkje mogleg å sjå i graset.
Fire viper fauk over og kjefta då bura skulle sjekkast. Då var det nok ungar som har overlevd i nærleiken, men dei var ikkje mogleg å sjå i graset. Foto: Foto: Ellisiv Tomasgard Raftevold

Handeland fortel at vipene etter kvart brukar å flytte ungane over på andre sida av vegen. Då er det fare for påkøyrslar, og dei små nøstene har hatt problem med å kome seg over ein altfor høg fortauskant. Bonden seier dei av og til må hjelpe dei over kanten.

Kva kan du gjere?

Aardal seier at om folk flest vil bidra, kan dei registrere viper dei ser på Artsobservasjoner.

– Den folkedugnaden er ekstremt viktig. Om du registrerer ei vipe, så ser vi at den var der på det tidspunktet, og det har veldig stor verdi.

Haye legg til at dersom eit område skal bli bygd ut, så går dei alltid inn og sjekkar kva artar som er der.

– Då er det viktig å registrere vipene ein ser slik at ein veit at dei finst i det området.