Andreas Vollsund Dei neste tolv åra vil regjeringa bruka over 1300 milliardar kroner på samferdsle, men ikkje éi krone på Jærbanen sør for Sandnes. Det synest ikkje Andreas Bjorland (KrF), Kjetil Maudal (Frp) og Andreas Vollsund (H) er godt nok.
Andreas Vollsund Dei neste tolv åra vil regjeringa bruka over 1300 milliardar kroner på samferdsle, men ikkje éi krone på Jærbanen sør for Sandnes. Det synest ikkje Andreas Bjorland (KrF), Kjetil Maudal (Frp) og Andreas Vollsund (H) er godt nok. Foto: Håvard Ovesen

I dag, 25. april, er det ti år sidan folkerøystinga om ein mogleg Jæren kommune. Resultatet var tydeleg: fleirtal for samanslåing i Time, og fleirtal mot i Klepp og Hå.

Etter ti år er det naturleg å stille spørsmålet om tida er moden for å vurdere saka på nytt.

Poenget er ikkje å slå saman kommunar for ein kvar pris, men å greie ut fordelar og ulemper på ein grundig og kunnskapsbasert måte.

Eit naturleg utgangspunkt kan vere å sjå nærare på Time og Klepp. Desse kommunane har over tid vakse tettare saman, særleg i områda Bryne/Kåsen og Orstad/Kvernaland. Det finst allereie fleire døme på samarbeid, mellom anna felles ungdomsskule i Vardheia, og planar om ny ungdomsskule for Orstad/Kvernaland. I tillegg samarbeider kommunane på fleire område, som NAV-tenester, flyktningteneste, Jærskulen, vaksenopplæring og barnevern.

Ei eventuell samanslåing kan gi meir heilskapleg planlegging av areal og utvikling i område som i praksis fungerer som eit område.

Montasjen viser forslag til kommunevåpen for Jæren kommune, laga våren 2016.
Montasjen viser forslag til kommunevåpen for Jæren kommune, laga våren 2016. Foto: Foto: Arkiv

Vidare kan det vere potensial for reduserte administrasjonskostnader, slik ein har sett i andre delar av landet. Til dømes har utgreiingar frå Gjøvik, Østre Toten og Vestre Toten peika på ei mogleg innsparing på 60 millionar i administrasjon ved ei samanslåing. Dette er årlege kostnadar. Slike midlar kan i så fall nyttast til å styrkje tenestetilbodet, til dømes innan skule, helse og lag og organisasjonar.

Samtidig er det viktige omsyn som må vurderast. Nokre er uroa for at utviklinga kan bli skeivt fordelt mellom Bryne og Klepp. Dette er spørsmål som må avklarast gjennom politiske vedtak og langsiktig planlegging, slik at ein sikrar utvikling begge stader. Det meiner eg både er rett og viktig!

Økonomi er og eit sentralt tema. Dei siste åra har Time teke grep for å redusere kostnader og gjeldsgrad. Ei oppdatert og uavhengig vurdering av den økonomiske situasjonen i kommunane vil vere viktig som grunnlag for vidare diskusjon.

Det er no ti år sidan førre debatt. I ei tid med fokus på effektiv ressursbruk, mindre sløsing og gode tenester til innbyggjarane, meiner eg at det er rett å ta opp att ein open, sakleg og faktabasert diskusjon om kommunestruktur på Jæren.

Målet i neste valperiode bør difor vere å gjennomføre ei grundig utgreiing av fordelar og ulemper, som grunnlag for ein opplyst offentleg debatt om ein eventuell framtidig Jæren kommune.