Ved 16-tida søndag fekk politiet melding om eit elsykkeltjuveri på Nærbø. Elsykkelen sto låst og parkert utføre Breidablikk kulturbarnehage i Parkvegen.

– Nokon har kappa låsen med ein vinkelslipar og stole sykkelen, opplyser politioverbetjent Morten Slettebø ved Jæren politistasjon.

Fredag kveld klokka 23 fekk politiet melding om høg musikk frå ein bustad på Brusand – noko som ifølgje meldinga skal vera eit gjentakande problem.

– Politiet tok ein telefon til vedkomande og bad han om å skru ned, og då skal det ha løyst seg, seier Slettebø.

Litt seinare på natta, ved 02:15-tida, fekk politiet melding frå eit nabolag på Kleppe om høg musikk og banking på dører.

Politiet var på staden og fann kjelda til den høge musikken.

– Vedkomande fekk beskjed om å halda fred til neste morgon, seier Slettebø.

På dagtid laurdag, i 17-tida, blei politiet tilkalla til ein utestad på Bryne.

Ein gjest hadde slått seg vrang og var til sjenanse for dei andre gjestene.

– Då politiet kom, hadde han forlate staden sjølve, men patruljen fann han, fortel Slettebø.

Det enda med at den berusa, godt vaksne mannen fekk pålegg om å halda seg borte frå Bryne sentrum til neste dag klokka 08.

Elles har helga for politiet vore prega av fleire store hendingar, og nokre mindre, som Jærbladet allereie har skrive om: