Nesheim ligg med karakteristiske steinbygningar ved den nordlege innkøyringa til Nærbø frå fylkesveg 44. Adressa er også kjent under eit anna namn, Køhlertunet, kalla opp etter J.M. Køhler.
I 1850-åra henta han inn svenske og danske steinarbeidarar for å bygga meieri og uthus, i tillegg er det eit steinhus, løe og eit gammalt parkområde her. Han skal ha tatt i bruk nye reiskap og maskinar, nye fôrvekstar og nye husdyrrasar.
Garden hadde rett og slett ei sentral rolle i moderniseringa av jord- og husdyrbruket på Jæren, står det i Hå kommune sin kulturmiljøplan.
Sidan 2013 er det Tore og Albertine Namork Gudmestad som har eigd og drive garden. Faren Tobias er framleis med i drifta, og Maria står for stell av tunet og uteområdet.
Nå har dei effektivisert alt som er på garden. Skal dei gjera meir, må ektefellane utvida.
– Me har ikkje bygd ein kvadratmeter på garden på tretten år, berre effektivisert drifta og betra dyrevelferda. Nå prøver me å utnytta ressursane på garden fullt ut.
Dobbelt opp
På garden har dei kjøt- og mjølkeproduksjon på storfe og slaktekyllingar. Kyllinghuset er ikkje større enn 1000 kvadratmeter, og gjer at dei ikkje kan produsera full kvote.
I bakkant av det gamle kyllinghuset har gravemaskinen gjort grunnarbeida for å supplera med eit nytt, på 3650 kvadratmeter. Før dei kunne bygga, hadde Tore og Albertine hatt ein lang og frustrerande søknadsprosess, som enda med ein telefon til ordføraren.
Målet er at investeringa på 22 millionar kroner kan stå ferdig tidleg neste år. Forhåpentleg blir prosessen kjappare for prosjekt nummer to, som også kostar 22 millionar, slik at biogassanlegget står ferdig på same tida.
– Me håper å sleppa å måtta ringa ordføraren denne gongen, men med eit freda tun og ein gravhaug, veit me ikkje kva fylkeskommunen vil koma med, fortel Tore og Albertine.
20. juli søkte konsulenten deira, Norsk Landbruksrådgiving, kommunen om løyve til å setta opp eit anlegg som vil gjera dei til nettoprodusentar av straum og varme.
Har rekna heim investeringa
Ektefellane har rekna og granska driftsplanar frå Norsk Landbruksrådgiving, og seier dei skal tola eit «verste fall-scenario» med rente på 8-9 prosent.
Dei fortel om god dialog med Innovasjon Norge. Tilskotet frå staten er ein føresetnad for prosjektet.
– Me siktar på ei nedbetalingstid på 15 år. Då har me berre rekna på reine pengar – kva me tener på å selja straum, og kva me får i statsstøtte. Økonomisk verdi av betra gjødselkvalitet, som kanskje utgjer 15.000 til 30.000 kroner i året, er ikkje tatt med i reknestykket.
Ektefellane har brukt rådgjevarar og planlagt anlegget sitt i detalj, men reknar med litt oppstartsvanskar.
Som far hans alltid har sagt: Skal ein bygga hus eller fjós, burde ein ha bygd det tre-fire gonger før ein vert heilt fornøgd.
– Det blir nok nokre utfordringar både med kyllinghuset og biogassanlegget, og det har me tatt høgd for.
Gjødsel som ressurs
Regelverket for landbruksområde tillèt berre nødvendige tiltak for landbruk og gardstilknytt næring basert på gardens ressursar. I biogassanlegget på Nesheim er ressursen gjødsel frå kylling og storfe.
Gjødsel som rotnar, utviklar klimagassen metan. Eit biogassanlegg fangar metanet i eit lukka system, slik at det kan brennast og varma opp både nytt og gammalt kyllinghus, fjóset og bustadene på garden.
Slik kan kortreist biogass erstatta kjøpt naturgass og gjera at dei elektriske varmepumpene kan slåast av utanom på dei aller kaldaste vinterdagane.
«Sirkulærøkonomi» er i grunnen eit godt ord for det, seier Tore.
– Me gjer det fordi det er fornuftig for garden. Berekraft og alt det andre er viktig, men det gjev meining. Ein kan kanskje òg kalla det litt galskap, men av og til må ein berre satsa.
Jokeren i gjødsla
Eit stort, industrielt biogassanlegg skal byggast på Grødeland, under ei halv mil unna garden. Tore og Albertine ser nesten ingen gode grunnar til å betala for å senda gjødsla dit med lastebil.
Grunnen til at dei har sete på gjerdet er ikkje økonomisk, men har med å gjera det som skal skje etter biogassproduksjonen.
– Det er litt «happy-go-lucky», for det er vanskeleg og dyrt å skilja ut fosfor, seier Tore.
Kyllinglorten som blir blanda inn før rotninga i prosesstanken, må nemleg skiljast ut i etterkant. Bioresten er potent jordforbetring, men tørrstoffet har for høgt fosforinnhald til å kunna spreiast rett ut på jordet.
Anlegget deira vil ha kapasitet til å ta imot gjødsel frå naboar òg, men først må dei finna ei løysing på fosforet. Ikkje eingong ekspertane i Norsk Landbruksrådgiving har eit klart svar på korleis.
Ektefellane er overgjevne over at staten stadig endrar på fosforregelverket.
– Me har derfor tatt ei avgjerd basert på kva me meiner er fornuftig agronomi, så får me heller ta prøver og tilpassa mengdene etter kvart som staten bestemmer seg for kva retning dei vil gå, seier Albertine.