På garden veks Jærens første gards-bioanlegg fram. – Eg har fått kona på laget, det går ikkje utan, seier Vegard Lode, her med Jorunn Torland og dattera Iben Torland Lode.
På garden veks Jærens første gards-bioanlegg fram. – Eg har fått kona på laget, det går ikkje utan, seier Vegard Lode, her med Jorunn Torland og dattera Iben Torland Lode. Foto: Privat

Byggeløyvet fekk han i slutten av februar.

I juni skal 26-åringen frå Nærbø skru på anlegget som han meiner skal gjera han sjølvforsynt med straum og varme, halvera innkjøpet av kunstgjødsel – og gjera garden «nesten» klimanøytral.

– Lorten er bondens gull. Hos meg blir det diamant, seier Vegard Lode til Jærbladet.

Det er berre månader sidan han tok over garden frå mora.

Ho vil fortsetja å ta seg av 250 storfe.

Sjølv vil han driva jorda og maskinane og sørga for 2.100 slaktegris. Samt bygga eige biogassanlegg.

Prislapp: 20 millionar kroner.

Frå Innovasjon Norge har han fått ni millionar i tilskot.

Grøfter for straum, varme, trekkerøyr og gjødselrøyr er ferdige.
Grøfter for straum, varme, trekkerøyr og gjødselrøyr er ferdige. Foto: Foto: Privat

Ser store gevinstar

Lode vil utnytta ressursane på garden til å bli meir sjølvforsynt.

– Eg vil produsera straum og varme og få gjødsel med høgare nitrogeninnhald, som er meir plantevennleg.

Slik vil han få betre klimarekneskap og betre beredskap, seier han.

– Eg vil spara store kostnader til straum, varme, kunstgjødsel og på å sleppa å flytta lort rundt omkring til ulike lager, seier Lode, som også har 100 prosent dagjobb i BRI Landbruksbygg.

Han reknar med at anlegget vil produsera 550.000 kWt i året. Gardens eige behov er 250.000, under det halve.

– Då kan eg selja resten til straumnettet, så det blir ei inntektskjelde.

I motsetning til solcellepanel, som produserer mykje mindre straum i dårleg vêr enn når sola skin, produserer biogassanlegget han nå installerer, like godt, anten det regnar eller er sol, seier Lode.

– Det ligg mykje energi i lorten. Nå får eg brukt han.

Vil ikkje levera til kjempeanlegg

Det er ikkje lange distansen til Grødaland, der selskapet Bio Jæren AS har søkt statsforvaltaren om løyve til å få drifta det som vil bli Norges største biogassanlegg for husdyrgjødsel.

Planen er at det skal forsynast av råstoff frå 200–300 gardar i distriktet.

Frå Lode-garden vil det ikkje bli levert noko.

– Ved å bygga sjølv, slepp eg å ha vogntog på 30 kubikkmeter inn på garden kvar dag heile året. Det ville ha blitt hinsides mykje trafikk.

– Selskapet skal ha klimagevinsten når dei sel gassen, og uansett ville eg ha måtta investert fire-fem millionar og arbeidet for å levera til fellesanlegg.

Lode trur at han ville ha tapt pengar på å levera til Grødaland.

Dansk teknologi som fleire snuser på

Ein grusplass på garden er blitt anleggsområde. Der er utgraving, støyping og montering av gjødselkummar godt i gang.

Det er grøfta for straum, varme, trekkerøyr og gjødselrøyr.

Før påske er planen å gjera ferdig grunnarbeidet og gjera klart til støyping.

Etter påske skal prosesstank og isolering på plass, før anlegget skal koplast saman og gjerast klar for oppstart.

– Det ligg mykje energi i lorten. Nå får eg brukt han, seier den unge bonden.
– Det ligg mykje energi i lorten. Nå får eg brukt han, seier den unge bonden. Foto: Foto: Privat

Heilt konkret vil det fungera slik:

– Me samlar lorten i fjoset og pumpar han ned i ein kum på 200 kubikk. Der blandar me lort frå ku, gris og høns til ei god suppe som så blir pumpa inn i biogassanlegget, til ein prosesstank.

Der blir den liggande i rundt 40 dagar i cirka 40 grader. Gassen hentar dei ut undervegs, og til slutt pumpar dei ut lorten, forklarer Lode.

– Den er blitt meir tyntflytande og god å spreia på markene, seier Lode, som òg dyrkar gras og korn.

Teknologien er dansk. I Norge finst det ni slike anlegg på gardar, fortel Vegard Lode.

– Fleire andre her på Jæren er i kontakt med det danske firmaet. Men eg er den første som har fått ut fingeren.

Biogassanlegg på garden til Vegard Lode
Biogassanlegg på garden til Vegard Lode Foto: Foto: Privat

Skepsis og støtte

I lokalmiljøet merker han noko skepsis, seier Lode.

– Dette er relativt ny teknologi, og folk er skeptiske til alt som er nytt.

– Eg har kjøpt gard, bygd om huset, og nå skal eg ha biogassanlegg. Men eg er sikker på at det skal gå greitt, seier 26-åringen.

Han trur gardsbaserte biogassanlegg vil bli meir og meir vanleg på Jæren.

Men han har støtte der det trengst mest.

– Foreldra mine er positive til å satsa på noko nytt. Dessutan har eg fått kona på laget, det går ikkje utan. Så det er mykje velstand, seier Vegard Lode.