På tomta ved sidan av IVAR sitt biogassanlegg for matavfallet frå folk i regionen, skal eit nytt biogassanlegg etter planen byggast. Det skal ta imot gjødsel frå husdyr på Jæren.
På tomta ved sidan av IVAR sitt biogassanlegg for matavfallet frå folk i regionen, skal eit nytt biogassanlegg etter planen byggast. Det skal ta imot gjødsel frå husdyr på Jæren. Foto: Håvard Ovesen

Eigarane av det som kan bli Norges største biogassanlegg for gjødsel frå husdyr, har søkt om utsleppsløyve.

Tomta ligg langs Nordsjøvegen på Grødaland i Hå, vegg i vegg med IVAR sitt reinse- og biogassanlegg for matavfall frå folk sine brune dunkar.

Der har selskapet Bio Jæren AS sidan 2022 jobba med planar om å bygga eit anna biogassanlegg.

Med ei investering på over ein milliard kroner skal det gi nokre tital arbeidsplassar og produsera biogass som kan brukast til straum.

Men ikkje berre det.

Anlegget skal ta imot 650.000 tonn gjødsel - eventuelt inntil 750.000 tonn i periodar - frå gris, storfe, høns, kylling og sau på Jæren. Det skal løysa problem for både bøndene og for klimaet.

I desember søkte Bio Jæren statsforvaltaren om løyve til å få drifta anlegget, som skal forsynast av råstoff frå 200–300 gardar i distriktet.

Minst 70 tunge køyretøy

I søknaden går det fram at rundt 100 lastebilar og tankbilar vil frakta gjødsel inn til anlegget kvar dag, og ha med seg flytande biogjødsel tilbake til bønder i området. Transporten skal gå føre seg måndag til laurdag mellom klokka 7 og 23, ifølge søknaden.

– 650.000 tonn gjødsel betyr ein del trafikk inn og ut, erkjenner Esben Tonning Otterlei, prosjektleiar i Bio Jæren AS og administrerande direktør i Lyse Bio AS.

– Til dette trengst 70 bilar til dagen, men me har søkt om 100 for å kunna handtera inntil 750.000 tonn. Denne trafikken vil erstatta gjødseltransporten som bøndene driv med traktor og spreievagn mellom gardar og satellittlager i dag, seier han.

Jæren har meir enn 25 prosent av landets husdyr. Men i sør-Rogaland står også landbruket for nesten 30 prosent av klimautsleppa - mellom anna på grunn av husdyrgjødsel som slepp ut metan og lystgass til atmosfæren.
Jæren har meir enn 25 prosent av landets husdyr. Men i sør-Rogaland står også landbruket for nesten 30 prosent av klimautsleppa - mellom anna på grunn av husdyrgjødsel som slepp ut metan og lystgass til atmosfæren. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Nordsjøvegen har rundt 7.000 køyretøy per døgn. I berekningar ut frå Norsk vegdatabase vil denne trafikken auka med 1.700 køyretøy per døgn i framtida. På tilkomstvegen til Grødaland vil det vera 600 køyretøy per døgn, og 69 prosent av desse vil vera tunge køyretøy, står det i søknaden.

Vil forbi alle hinder

Bak Bio Jæren står Felleskjøpet Rogaland og Agder, IVAR, Lyse og det svensk-norske Redo Biosolutions. Planlegginga går gradvis framover.

Eigarane har ein opsjonsavtale med Hå kommune om å kjøpa tomta til anlegget, men har ennå ikkje kjøpt den.

Bio Jæren har heller ikkje gjort endeleg investeringsvedtak, ifølge Otterlei.

– Det vil me gjera til hausten. Men ei investeringsavgjerd er «point of no return». Derfor vil me ha avklart alt som kan stansa prosjektet først, seier han.

Utsleppsløyve frå statsforvaltaren er éin slik ting.

Støy

I søknaden går det fram at risikoen for forureining frå biogassanlegget vil vera «svært liten».

Men lastebiltrafikken vil føra til støy, og det vil òg lasting, lossing og forflytting av gods, maskinar, høgtrykksspyling, luftkompressorar, vifter, pumper, skrupressar, dekanterar, tørkarar og fakling, ifølge søknaden.

Bio Jæren skal likevel halda seg innanfor grenseverdiar i retningslinjene for støy.

Støy skal ikkje bli noko problem for nærmaste nabo, går det fram.

Lukt

Ifølge søknaden vil det ikkje bli luktplagar frå det nye biogassanlegget som går over grenseverdiane.

– Bøndene på Jæren pleier å seia at «det luktar pengar» når dei spreier gjødsel. Men lukta vil bli redusert i omdanninga til biogjødsel, seier Otterlei.

Heim til kvar bonde

Ein annan avgjerande faktor før investeringsvedtak, er at leverandørane er sikra.

I neste veke skal landbruksrådgivarar frå Bio Jæren på feltarbeid til mellom 200 og 300 bønder som har skrive under på intensjonsavtale om å levera gjødsel til anlegget, fortel Otterlei.

– Rådgivarane våre vil gå i ein-til-ein-dialog med bøndene for å få gjort om intensjonsavtalene til endelege avtalar.

Mange bønder har ikkje nok spreieareal for gjødsla som dyra deira produserer. Leveransar til biogassanlegg er ei løysing på dette problemet.
Mange bønder har ikkje nok spreieareal for gjødsla som dyra deira produserer. Leveransar til biogassanlegg er ei løysing på dette problemet. Foto: Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Mange bønder er frustrert over at dei ikkje har nok spreieareal til gjødsla som dyra deira produserer.

Nye og strengare krav til hevding gjer at mange bønder anten må ha færre dyr enn før, eller finna andre måtar å kvitta seg med lorten på.

Trygg på volumet

Ein måte er å levera til biogassanlegg.

Staten gir årlege tilskot til bønder som gjer dette.

Bøndene betalar til anlegget for å få gjødsla omdanna til biogjødsel, som dei så får tilbake. Den er betre å bruka til spreiing enn ubehandla gjødsel, ettersom den har mindre fosfor.

– Bøndene sit igjen med ein sum frå tilskotet som dei kan bruka til å investera i det som trengst for å kunna levera til biogassanlegget: Nokre treng lager for å ta imot biogjødsel, andre treng ein ekstra kum eller eit utlastingssystem for bilar som kjem for å henta gjødsel, seier Otterlei til Jærbladet.

– Er det kurant å få omgjort desse intensjonsavtalane?

– Me har veldig stor tru på at me vil få volumet me treng. Men at nokre fell ifrå og andre kjem til, kan godt vera.

Skjær i sjøen

Saksbehandlingstida hos statsforvaltaren er seks til 12 månader, ifølge Otterlei.

Søknaden sende dei i desember.

– Framdriftsplanen er å starta bygging tidleg neste år, og å setta i gang produksjon hausten 2028, med full drift frå 2029, seier han.

– Kva kan velta prosjektet nå?

– Me har sterk tru på at det vil gå vegen. Men det er ennå skjær i sjøen. Utstyret som må leverast frå utlandet, kan plutseleg bli mykje dyrare på grunn av den geopolitiske situasjonen. Men me har god dialog med leverandørane og trur ikkje det vil skje, seier Otterlei.

Konkurrera med kunstgjødsel

Eit siste spørsmål som må avklarast, er kva kommersiell marknad Bio Jæren vil ha for det andre produktet som blir igjen når husdyrgjødsel med høgt fosforinnhald blir gjort om til biogjødsel. Biogjødselen vil ha ein balanse mellom fosfor og nitrogen som er betre for planter på Jæren.

– Det blir ein restfraksjon som vil vera rik på fosfor. Me jobbar med å laga organisk gjødsel av dette som vil konkurrera med kunstgjødsel. Marknaden vil primært vera i Norge, men også utanfor. Dette er store ting som me har jobba med lenge, men som begynner å ordna seg, seier Esben Tonning Otterlei, administrerande direktør i Bio Jæren AS.