Lukas Gjedrem har jakta i Nærbøparken frå eitt til sju. Eit såkalla event i spelet Pokémon Go er på gang, som gjer at det finst gode moglegheiter til å treffa på sjeldne pokémonar.
Dette er dei same fantastiske vesena som sidan 1996 har herja i teikneseriar og på spelekort, og som i 2016 kom i ei virtuell utgåve, der spelarane går ut i verda og fangar dei.
Om sommaren kjem det oftare event i Pokémon Go, då går ryktet fort. Torsdag har Gjedrem vore innom og slåast på nærmare femti treningssenter, på jakt etter Zacian og eit par andre som ifølge rykta, skal vera i parken.
Spelarane er ute dagleg og er mest aktive mellom seks og sju på kvelden, ettersom det er då det er mest gang i spelet. Torsdag er ekstra bra, på grunn av pókemonane, sommarferie og vêret.
– Nå kan eg gå i t-skjorte og med flipflops, og sleppa å gå med jakka. Eg treng ikkje dekka mobilen med regnet.
Fast møteplass
– Her treffest me kvar onsdag. Denne veka har eg vore her kvar dag, frå seks til halv åtte, seier Kjetil Horpestad.
Han er ein generasjon eldre enn dei fleste andre, og var med då Pokémon Go vart ein farsott i 2016. Han meiner dagens utgåve er langt å føretrekka, med mykje større utval.
Denne veka har vore særleg god, ifølge Horpestad. Han har ikkje fått tak i dei beste pokémonane enno, men finn noko heile vegen.
Namnet Zacian, pokémonen som Lukas Gjedrem hadde fått has på, drar han kjensel på.
– Ja, det er den, og éin til, me har jakta heile dagen.
Sjansane blir truleg endå større til helga på grunn av det doble, verdsomspennande Pokémon-jubileet.
Jaktar dei aller sjeldnaste
Nede ved fuglehuset er Ulrik Tjelta ute på raid, på jakt etter Mega Gengar. Tjelta hadde sjansen til å fanga spøkelsespokémonen i fjor sommar, men fekk ikkje tatt han då.
Tjelta er ikkje åleine i parken, og ikkje alle har med telefonen for å spela.
Ole Andreas Slettebø og John Lye steglar på sykkelen sin, mens Ulrik Bjorheim filmar. Han har ikkje fått oppretta eigen brukar, derfor støttar han heller dei andre.
Ikkje at broren Noah treng noko særleg støtte. Han har samla både Gengar, Zacian og dessutan Zamazenta, som er den siste sjeldne pokémonen som luskar i Nærbøparken på torsdag.
Dei var her også sist sommar, og då nytta han sjansen godt. I den imponerande samlinga har han den legendariske og sjeldne Mew, men ikkje Mewtwo, som han håper å kunna fanga i helga.