[Video: Vaksinebuss i Hå]
Før sommaren pensjonerte Torvald Tjåland seg etter 45 år som biokjemikar.
Han har sertifikatet på buss og har køyrt litt ved sida av fulltidsjobben som bioingeniør ved Nærbø legekontor.
Då han pensjonerte seg, såg han ikkje bort frå at han kom til å køyra litt rutebuss på si.
Vanlegvis er det bussoperatøren Vy som ringjer. I helga er det Hå kommune som har hanka han inn.
– Eg har fått ny jobb! Eg skal vera med vaksinetemaet ut og setja vaksine på folk, seier Tjåland.
Laurdag turnerer kommunen heile kommunen, med buss, frå Ogna i sør til Nærbø i nord.
Drop-in i Loen
Kommuneoverlege Gerd Signy Omland seier at servicetorget har kartlagt ønske i befolkninga.
– Det er blitt etterlyst vaksinering i helga, og at me spreier oss ut. Derfor går me for buss på ein laurdag, seier ho.
Allereie onsdag er det moglegheit for å droppa innom og få vaksinen. Det skjer i Nye Loen, før kampen mot FyllingenBergen Håndball.
– Me har fått beskjed om at det er mogleg å vaksinera seg før kamp. Det vil me vera og oppfordra til, og håper at folk stiller, seier kaptein og midtback Andreas Horst Haugseng.
Fem i bussen
Ved sida av å køyra buss, og spela saksofon og trekkspel, skal Torvald Tjåland registrera dei som får vaksine.
Han får med seg administrasjonsarbeidar Linda Tjensvoll Line, til å registrera personar i ReMin.
Vaksineansvarlege Anne Brit Kristensen og Hanne Skårland, skal setja dosane. Stine Olseth er opptrekkjar.
Slik er bussruta
Rute og tidspunkt:
- Ogna ved togstasjonen kl. 10.30
- Vigrestad ved torget kl. 12.00
- Varhaug ved rådhuset kl. 13.30
- Nærbø torg kl. 15.00
Personar over 18 år kan møta alle stadene, for få dose 1 eller dose 2. Vaksinen er Moderna.
For dei som skal ta dose 2, må det ha gått minst fire veker sidan første dose.
16- og 17-åringar som ønskjer vaksine på laurdag, må møta på Nærbø. Dei må ha Pfizer-vaksinen.