Helene Laupland, Brede Sola Gimre, Lea Berge Jensen og Lisa Siqveland gler seg over at skulekrinsen på Vigrestad får kommunal fritidsklubb.
Helene Laupland, Brede Sola Gimre, Lea Berge Jensen og Lisa Siqveland gler seg over at skulekrinsen på Vigrestad får kommunal fritidsklubb. Foto: Håvard Ovesen

Hå kommune har hausta mykje ros for fritidsklubbane sine. I dag har kommunen fritidsklubbar på Ogna, Varhaug og Nærbø. For eit år sidan vart den på Nærbø, Loen ungdomsklubb, kåra til årets fritidsklubb av barne- og ungdomsorganisasjonen Ungdom og Fritid.

Vigrestad er den einaste skulekrinsen i Hå som ikkje har hatt eigen kommunal fritidsklubb. Det får dei nå.

Det er det ungdommane i kommunen som sjølv har sørga for.

Kvar mandag

Ungdomsrådet i Hå har søkt om, og fått, 200.000 kroner frå Ungdom og Fritid. Pengane skal gå til å driva ungdomsklubb på Vigrestad storskule ein gong i veka.

Fritidsklubben har fått namnet Heng igjen. Opningstidene vert kvar mandag, frå skulen sluttar klokka 14 til klokka 17.

Ungdomsrådet seier dei kjem til å jobba for at klubben vert organisert på ein måte som gjer at det ikkje kjennest ut som om klubben berre er ei fortsetting av skulen.

Det vert servering av gratis varmmat, spelkonsollar, kiosk og andre aktivitetar.

– Me vil bruka noko av pengane på kunst- og handverksutstyr, slik at me kan halda på med ting me ikkje gjer heime, seier ungdomsrådsleiar Helene Laupland.

Ungdommane håper òg å kunna ha temakveldar, kurs og liknande.

Elevar skal hjelpa med drifta

Gjennom valfaget Innsats for andre vert lokale ungdommar frå Vigrestad storskule involvert i drifta av klubben. Elevane skal blant anna vera med og gjera klart til klubben i forkant, og rydda etterpå.

– Det vert litt det same opplegget som på Ogna, seier Brede Sola Gimre, nestleiar i Ungdomsrådet.

Når klubben opnar, betyr det at det vert ungdomsklubbdrift kvar vekedag frå mandag til torsdag. Frå før er det ungdomsklubb på Varhaug på tysdagar, på Nærbø på onsdagar og på Ogna torsdagar.

Grunnen til at Heng igjen skal vera på skulen, er at det ikkje er andre ledige lokale på Vigrestad. I tillegg slepp kommunen å betala husleige.

Ungdomsrådet er glade for at kommunen satsar på ungdomsklubbar – det er eit gratis tilbod, der ungdommane kan komma og gå som dei vil, utan å forplikta seg.

– Det er viktig med fritidsklubbar for å ha noko å gjera på, seier Lisa Siqveland.

Utan ein plass å gå, vert det fort til at ungdommane berre sit heime, eller heng på skulen, på butikken eller andre plassar.

– Har me ikkje meir å gjera, vert det ofte tull og vas, seier ho.

Frå før driv Norkirken Vigrestad ein livssynsnøytral og rusfri fritidsklubb i det gamle meieri-internatet på Vigrestad kvar torsdag.

Pengar til eit halvt år

Etter planen skal den kommunale ungdomsklubben på Vigrestad til å starta opp i januar.

Klubben er eit pilotprosjekt; pengane dei har fått er ikkje venta å vara lenger enn i eit halvt år.

– Det langsiktige målet er å få til eit fast ungdomsklubbtilbod på Vigrestad, seier Antette Jensen Gimre, ungdomskonsulent i Hå kommune og prosjektansvarleg for Heng igjen.

For å få kabalen til å gå opp, omrokkerer det kommunale tenesteområdet kultur og fritid på ressursane sine. Siri Hove, som til vanleg arbeider ved Lensmannsløå ungdomsklubb på Varhaug, skal fram til sommarferien jobba ved Heng igjen på Vigrestad i staden.

Gimre, som er prosjektansvarleg, er allereie leiar for Loen og Lensmannsløå ungdomsklubb. Gimre seier at både ho og ungdomsrådet er så gira på prosjektet at dei berre må starta opp for å sjå korleis det vil gå, men at ho sjølv ikkje har kapasitet til å driva prosjektet over lang tid.

– Så om dette går bra og det viser seg at bygda Vigrestad treng ein kommunal fritidsklubb, må politikarane finna pengar til drift og lønnsmidler, seier Gimre.

Varaordføraren: – Må få til noko

Fleire av dei politiske partia i Hå gjekk i 2023 til val på ønsket om kommunal fritidsklubb på Vigrestad.

Sist temaet var oppe, var under varaordførar Svein Arve Nygård (Frp) sitt innlegg då handlings- og økonomiplanen for 2025 til 2028 vart vedtatt av kommunestyret.

– Me har gode ungdomsklubbar på Nærbø, Varhaug og Ogna, men me manglar tilbod på Vigrestad. Her må me få til noko. Me håpar me kan finna ut av dette i 2025, så me får det på stell på Vigrestad òg, sa Nygård.

Varaordføraren la til at han er klar over at dei som driv fritidsklubbane nok skulle hatt litt meir ressursar.

– Me håpar å få kartlagt dette i 2025, sa han.