[Video: Bli med på tur i bilsimulatoren til ungdommane på Vigrestad]
I mars opna ein ny fritidsklubb i det gamle meieri-internatet på Vigrestad. Sidan starten har dei fått rundt 60 faste medlemmar. To dagar i veka er dei opne, kvar onsdag og kvar torsdag.
Frå før har klubben eit eige gamingrom med TV-skjerm og spelkonsoll. Det er det nokon av dei unge vaksne i klubben som har samla inn pengar til og innreia.
Avansert simulator
No har klubben tatt det heile eit steg lenger og sett i stand eit eige rom med bilsimulator. Det er ungdommane sjølv som har stått for heile opplegget. Det er òg dei som har bygd bilsimulatoren.
– Den er sett saman på ein måte som gjer ei mest mogleg realistisk oppleving av bilkøyring, forklarar Adrian Stokkeland.
Simulatoren har kosta rundt 150.000 kroner.
I utgangspunktet køyrer dei rundt i ei dataspel-verd med racingsete, ratt, gir og pedalar. Tre bua skjermar står for den visuelle delen av simuleringa.
Kjerna i opplevinga er ikkje like lett å få auge på, sjølv om ho kjennest godt for dei som sit bak rattet: Setet står på ei plattform. Under den plattforma er det ei røys med motorar. Dei sørger for at setet rister, krenger og svinger som respons på køyringa.
Held du deg på asfalten og køyrer fint, ristar det lite. Hamnar du i grøfta, ristar det desto meir.
Sjølvbygd
Alt er sett saman av ungdommmane sjølve. Simon Stokkeland (16), Adrian Haugstad (15) og Adrian Stokkeland (16), som Jærbladet treff på klubben, har vore sentrale.
– Me brukte nokre dagar og kveldar på det. I tillegg kjem den tida me brukte på å finna ut kva deler me skulle tinga frå kor, fortel dei.
Noko kom frå Noreg, noko frå Danmark og resten frå Tyskland.
Adrian Stokkeland fortel at det var mykje fram og tilbake med blaing i instruksar og «putling».
– Det var litt frustrasjon innimellom, Men me fann ut av det til slutt, seier han.
Ungdommane er godt nøgde med resultatet.
– Han verkar bedre enn eg hadde venta, seier Adrian Haugstad.
Sjølve ideen kom frå klubbleiar Ketil Stokkeland, men alt arbeidet var det ungdommane som gjorde.
– Det einaste eg gjorde, var å pakka opp to skjermar frå ei eske. I tillegg tok eg ansvar for sjølve tinginga. Ellers har dei gjort alt sjølv, seier Stokkeland stolt.
Fekk telefon frå banken
Det vil seie, han gjorde ein ting til: Han sendte ein søknad om stønad til Sparebanken Sør sitt gavefond. Banken vart så tende på ideen at dei sponsa heile rekninga på 150.000 kroner.
– Tårene rann då dei ringte og fortalde det, smiler Ketil Stokkeland.
Han kjem frå Norkirken Vigrestad som er dei som reint formelt driv fritidsklubben. Han fortel at dei hadde hatt lyst til å starta ungdomsklubb på Vigrestad i årevis, før høvet endeleg bydde seg tidlegare i år.
– Me har jo sett at det har vore ungdommar i sentrum utan nokon plass å henga. På årsmøtet gjorde me vedtak om at me ville gjera noko for ungdommane. Me er ein del av Misjonshuset, som formelt eig bygget, og har fått lov å ta ansvaret for det, fortel han.
Til tross for at han er driven av eit kyrkjesamfunn, er fritidsklubben livssynsnøytral, utan til dømes andakt.
– Her heng me i lag. Det er utruleg kjekt. Me sett ingen andre krav til ungdommane enn at dei oppfører seg skikkeleg, seier Kjetil Stokkeland.
Kjem frå heile Jæren
Han fortel at det kjem ungdommar frå heile Jæren. Spesielt er det mykje folk på onsdagane. Då er det ope for alle frå åttande klasse og oppover.
– Det er mange som går frå fritidsklubb til fritidsklubb. At dei kjem hit, fortel meg at dei liker klubben og har behov for å henga i lag. Her bygg dei relasjonar og treff folk frå andre plassar, seier Kjetil Stokkeland.
Ein treng ikkje vera medlem i klubben for å gå, men det har nokre fordelar. Blant anna er ein nødt til å vera innmeldt for å kunna bruka racingsimulatoren. Medlemmar får òg påverka tilbodet i klubben.
For klubben, som er driven på heilt frivillig basis, har det og ein annan fordel: Dei får offentleg støtte ut frå medlemstalet.
Femten år gamle Adrian Haugstad tilrår uansett klubben.
– Det er ein god plass for ungdommar å kosa seg, seier han.