Ole Mathias Olafsrud Vestvik kan ikkje bli med lenger, for han er blitt 19 år og er ferdig med vidaregåande.
Men Arian Eshaghi kan – og vil gjerne fortsetta.
Dei to vil også svært gjerne sjå fleire ungdommar som vil vera med å påverka, når dei kallar inn til valmøte på ungdomsklubben Axis tysdag 2. juni.
– Det er fem-seks møte i året. Me får innsikt i det som rører seg i Klepp – pluss litt løn og pizza, seier dei.
Ungdomsrådet skal vera ungdommen sitt talerøyr overfor politikarar og andre som bestemmer i kommunen. Dei skal representera ungdommen sine interesser og gi råd til dei vaksne om kva dei bør gjera for å sikra at Klepp er ein god kommune å veksa opp i for barn og unge. Rådet har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld ungdom, og dei kan òg ta opp eigne saker, ifølge kommunen si nettside.
Sjølve rådet har ni medlemmar frå kommunens ungdomsskular og frå vidaregåande skular; dessuten skal det veljast like mange vararepresentantar.
– Valmøtet er ope, og folk kan gjerne komma og høyra på òg, seier dei to.
Denne veka kan dei gleda seg over å sjå resultatet av sin eigen innsats i éi sak: Gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse for ungdom. Måndag var dei på plass då helsesjukepleiarar frå Klepp helsestasjon vaksinerte dei 65 første 10.-klassingane i kommunen, elevar ved Kleppe ungdomsskule.
Kravet om gratis vaksine lytta politikarane til i fjor, og frå nå av skal vaksinen – som før har kosta 400 kroner – bli gitt til alle i 10. klasse utan at det kostar dei pengar.
– Det er eit bevis på at ungdom kan påverka politikarane i kommunestyret, seier dei.
Men dette er langt ifrå den einaste saka Ungdomsrådet jobbar med.
– Me er veldig opptatt av kollektiv transport. Når bussruter blir endra, påverkar det livet til ungdom, seier Arian Eshaghi, som dermed mellom anna er opptatt av å få fleire bysyklar rundt i kommunen.
I november vil dei dessutan kunna ta i bruk det splitter nye Plogen kulturhus, som veks fram i Kleppekrossen med kulturliv, kyrkje og rådhus så å seia under eitt tak.
Der skal også ungdomsklubben Axis få plass. Den skal «rebrandast», ifølge Vestvik og Eshaghi. Dei er temmeleg sikre på éin ting:
– Det blir veldig bra på Plogen!