Laurdag skreiv Jærbladet om Hå Senterparti og Hå Høgre som fleire gonger har mista tilgangen på Facebook-kontoane sine. Begge har sett seg nøydd til å oppretta nye, men har seinare mista kontrollen på desse òg.
Kontoane deira er ikkje lenger å finna for dei som prøver å søka dei opp. Innhald frå dei to Facebook-kontoane som andre har delt, er heller ikkje tilgjengeleg lenger.
Skremte lokalpolitikarar
Forsøka dei har gjort på fylla ut skjema eller på anna vis kontakta Facebook eller eigarselskapet Meta, har ikkje ført fram.
– Det er veldig spesielt og litt skremmande at ein så sentral medieaktør er så utilgjengeleg som det dei er. Når dei er så sentrale i formidling av meiningsutveksling og nyheiter og er så vanskelege å komma i kontakt med, får det enorme konsekvensar, sa Anders Braut Ueland til Jærbladet laurdag.
Dei to lokallaga i Hå er langt frå aleine om å slita med tilgang på Facebook-kontoen. Høgre anslår at i deira partiorganisasjon aleine har fleire titals lokallag opplevd det same.
I samband med saka, sende Jærbladet fleire spørsmål til Facebook-eigaren Meta. Måndag ettermiddag kom det svar frå Sami Tahir, som er assisterande leiar for kommunikasjon i Norden.
– Gå gjennom partiet sentralt
Tahir skriv at han utan nærare informasjon ikkje kan kommentera kva som har skjedd med Facebook-sidene til Hå Senterparti og Hå Høgre.
– Men politiske partiet skal gjennom dei nasjonale administratorane sine ha tilgang til supportportalen vår for tilfelle som dette. Me tilrår at dei tek kontakt med partiorganisasjonane sine for support, skriv Tahir i ein e-post.
Som Jærbladet skreiv laurdag, har både Anders Braut Ueland frå Hå Senterparti og Gunn Dalen Håland frå Hå Høgre vore i kontakt med partia sentralt, utan at dette førte fram. Frå sentralt hald i Senterpartiet og Høgre fekk Jærbladet stadfesta at partia har vore i kontakt med Meta på vegner av lokallaga sine, utan at dette førte til ei løysing.
På spørsmål frå Jærbladet om kor trygge slike Facebook-kontoar er frå tukling frå tredjepartar, svarar Tahir at dei tek sikkerheit på alvor og at dei investerer mykje i dette.
– Generelt sett er det også utruleg viktig at ein tek ei rekke forholdsreglar for å trygga profilar i sosiale medium, til dømes å skru på tofaktorautentisering, skriv Tahir.
Tofaktorautentisering vil seia å bruke to element når ein loggar på noko, til dømes eit fast passord saman med ei generert kode, slik ein gjer når ein loggar inn i nettbanken.
Har ikkje svart på kritikk
Tahir har ikkje svart på spørsmål om Facebook har vore i kontakt med andre politiske organisasjonar som har vore ute for dei same problema.
Tahir har heller ikkje svara på kritikk om at det er vanskeleg å nå fram til Facebook eller Meta for å få ordna opp i feil.
Han har heller ikkje svara på kritikken om at det er eit demokratisk problem når ein konto kan suspenderast utan at det vert oppgitt skikkeleg grunn og utan at det finst enkle måtar å få han opna igjen.
Laurdag uttalte Anders Braut Ueland at det er «veldig spesielt og litt skremmande» at så sentrale medieaktørar som Facebook og eigaren Meta er så lite tilgjengeleg som dei er, og så vanskelege å stilla til ansvar.
Heller ikkje denne kritikken har Meta sin assisterande leiar for kommunikasjon i Norden svart på.
Tysdag svarar Tahir på ein ny e-post at dei har god kontakt med alle partia og at dei ikkje er kjende med at partia skal ha hatt eit tilbakevendande problem med dette.
– Men dei er velkomne til å ta kontakt, skriv han.
Han skriv òg at Facebook jobbar med å sikra openheit og tryggleik i valperiodar.
– Det inneber blant anna verktøy som gjer at annonsører kan vera meir transparente overfor brukarane. I dag har me over 40.000 tilsette globalt som jobbar med desse tinga, skriv Tahir.