Varaordførar Gaute Stokka i Time seier sender sine tankar og si djupaste medkjensle til dei som er råka av den tragiske dødsulukka på Kvernaland.
Varaordførar Gaute Stokka i Time seier sender sine tankar og si djupaste medkjensle til dei som er råka av den tragiske dødsulukka på Kvernaland. Foto: Håvard Ovesen

– Det er mange som kjenner kvarandre. Det er ei bygd i sorg.

Det seier varaordførar Gaute Stokka i Time kommune dagen etter at meldinga kom om at ein seks år gammal gut døydde av skadane han fekk då han blei påkøyrt i eit nabolag på Frøyland.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 15:08 onsdag ettermiddag. I 17-tida sette kommunen krisestab.

Kort tid etterpå kom dødsbodskapet.

«Hvil i fred, lille venn». Blomar, lys og helsingar er lagde ned på ulykkesstaden der ein seks år gammal gut blei påkøyrd onsdag. Guten døydde av skadane.
«Hvil i fred, lille venn». Blomar, lys og helsingar er lagde ned på ulykkesstaden der ein seks år gammal gut blei påkøyrd onsdag. Guten døydde av skadane. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Ordfører Andreas Vollsund startet på ferien sin i går.

Han skriver på Facebook at hans tanker går til de pårørende og bygda Kvernaland.

«Ferien min starta i går, det blei ikkje heilt som tenkt. Ei tragisk ulykke med verst mogleg utfall ramma Kvernaland i går. Mine tanker går til dei pårørande og til bygda Kvernaland. Ord blir fattige», skriver Vollsund.

Stor pågang

Mannen i 40-åra som køyrde bilen er sikta for aktlaust å forårsaka nokon sin død. Han erkjenner ikkje straffskuld.

Kommunen sitt fokus nå er å ta vare på personar som sto guten nær og andre som er råka av hendinga.

Varaordføraren seier ulukka er noko av det mest tragiske som kan skje i eit nærområde.

Han fortel at hjå legevakta har pågangen vore stor av folk som ønsker bistand eller treng nokon å snakka med.

– Me oppfordrar dei som treng det, anten dei var vitne, eller er råka på andre måtar, til å kontakta legevakta på telefonnummer 116 117, seier Stokka.

Det psykososiale teamet har vore i aktivitet sidan i går. Nå er dei forsterka.

– Dei er rundt og besøker pårørande og andre folk som ønsker det. I tillegg har me helsesjukepleiar som er til stades i barnehagen nær ulukkesstaden, seier Stokka.

Kommunen har òg sendt ut ein eigen e-post til alle som har barn ved Frøyland skule eller i barnehagen.

– Det er så alle blir informert likt, seier Stokka.

Opnar kyrkja

Torsdag kveld mellom 18:00 og 20:00 opnar Frøyland og Orstad kyrkje dørene for dei som vil ha nokon å snakka med, vil tenna lys eller kjenner på behov for å vera saman med andre.

– Eg kjem til å vera til stades der, seier han.

Det psykososiale hjelpeteamet er i drift torsdag og fredag. Drifta vidare vil bli tilpassa etter behov. Stokka reknar med at for mange vil behovet vera til stades i lang tid framover.

– Det er ein liten stad, med mange involverte, seier han.

Varaordføraren reknar med at behovet for bistand i ei eller anna form vil halda seg stort framover.

– I eit samfunn så tett som dette, er det klart at det blir behov for hjelp til å takla dette, seier Stokka.