18 minutt brukte byggesakssjefen på å lesa gjennom eit teknisk notat som, ifølge advokaten og ein innleigd tredjepart, dokumenterer at terrenget i Steinslandsmyrane er ført tilbake og fungerer på same måte som i 2016.

– Dette er useriøst, skreiv Svein Harald Dyngen i eit e-postsvar til advokat Lise Opheim Hegre, med Fredrik Stensland på kopi.

Han var rask den gongen, men kjenner saka godt.

Ho er nå inne i sitt tiande år.

Langvarig sak

Stensland søkte om nydyrking i 2016. Han fekk godkjent eit mindre tiltak på eigedommen, men starta på eit anna og større tiltak etter at byggeløyvet var gått ut.

I 2021 var kommunen på synfaring og oppdaga ei massefylling. Fordi massane inneheldt bygningsmateriale og ureint søppel, oppretta kommunen forureiningssak, i tillegg til vanleg ulovlegheitsoppfølging.

Haver Advokatfirma har vore engasjert i periodar etter at kommunen sende det første førehandsvarselet i 2021.

I 2026 fekk kommunen tinglyst eit pålegg om retting og tvangsmulkt som hefte på eigedommen.

I sommar avviste Statsforvaltaren to klager frå Stensland. Den første klaga galdt kommunens sitt nei til å ettergodkjenna massefyllinga, den andre klaga galdt pålegget frå kommunen.

Bildet er tatt i 2025, same år som fakturaane frå Dalane Miljøverk. Advokaten meiner dei dokumenterer at massane er køyrt bort slik pålegget frå kommunen krev. Kommunen meiner fakturaane berre gjeld ei avgrensa mengd, ikkje alle massar som er tilførte eigedommen sidan 2016.
Bildet er tatt i 2025, same år som fakturaane frå Dalane Miljøverk. Advokaten meiner dei dokumenterer at massane er køyrt bort slik pålegget frå kommunen krev. Kommunen meiner fakturaane berre gjeld ei avgrensa mengd, ikkje alle massar som er tilførte eigedommen sidan 2016. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim / bilag frå Haver Advokatfirma (montasje)

Meiner han er i mål

Advokaten meiner at det siste notatet frå Prosjektil, saman med annan dokumentasjon Stensland har levert i byggesaka, dokumenterer at han har retta seg etter pålegget.

Saman med notatet kravde Lise Opheim Hegre derfor at Time kommune nå syter for å få sletta pålegget frå grunnboka.

Notatet på fem sider er frå september 2026. Forfattarane frå Prosjektil har vore på synfaring i området, men baserer seg elles på saksdokument og tidlegare innsendt dokumentasjon. Kommunen har vore kritisk til delar av den dokumentasjonen.
Notatet på fem sider er frå september 2026. Forfattarane frå Prosjektil har vore på synfaring i området, men baserer seg elles på saksdokument og tidlegare innsendt dokumentasjon. Kommunen har vore kritisk til delar av den dokumentasjonen. Foto: Foto: Faksimile

Byggesakssjef Svein Harald Dyngen svarte i staden at kommunen vil begynna å fakturera tvangsmulkt frå og med neste veke, det vil seia frå 28. september.

Han festa ikkje lit til notatet frå Prosjektil og varsla at kommunen kjem til å engasjera eit nytt føretak til å gjera uavhengige undersøkingar, til ein kostnad på rundt 300.000 kroner.

– Vil de la kommunen utføra desse undersøkingane eller må me gå vegen via pålegg for å få gjennomført det? spurte han.

Han informerte òg om at kommunen har innleidd samtalar om ein anbodskonkurranse for å tvangsfullbyrda pålegget. Ut frå dagens brev frå advokaten såg han det som einaste utveg.

Varslar søksmål

To dagar seinare kom varselet om at Stensland vil ta kommunen til retten, om ikkje pålegget blir fjerna.

Advokaten gjer gjeldande at kommunen ikkje har rettsleg grunnlag for å få krevja tvangsmulkt sidan dei fagkyndige vurderingane viser at pålegget er gjennomført.

Tvangsmulkta er på 1000 kroner dagen, pluss eit eingongsbeløp på 40.000.

Opheim Hegre skriv i varselet:

«Stensland er nå satt i en helt umulig situasjon når de fagkyndige mener at han ikke skal foreta ytterligere tiltak, samtidig som Time kommune vil ilegge løpende mulkt uten å konkretisere hva som er feil med rettingen, og hva som burde vært gjort annerledes.»

I ei melding til Jærbladet gjer ho merksam på at dei førebels berre har sendt varsel om søksmål.

– Me håper saka løyser seg utan rettslege skritt, skriv advokaten, som ventar på tilbakemelding frå kommunen.

Kommunalsjef samfunn og kultur, Reid Ivar Bjorland Dahl, seier at kommuneadvokaten er kopla på.

– Dei treng noko tid på å setta seg inn i saka. Når dei har gjort det, vil dei svara ut på vegner av kommunen.

Pålegget frå kommunen er hefta på eigedommen. Kartvesenet har ført det inn i grunnboka, som gjer at det er synleg for alle som finn fram adressa der. Heftet forsvinn ikkje utan eit vedtak om å oppheva det, heller ikkje ved eit eventuelt sal av eigedommen. Bakgrunnsbildet er frå 2025.
Pålegget frå kommunen er hefta på eigedommen. Kartvesenet har ført det inn i grunnboka, som gjer at det er synleg for alle som finn fram adressa der. Heftet forsvinn ikkje utan eit vedtak om å oppheva det, heller ikkje ved eit eventuelt sal av eigedommen. Bakgrunnsbildet er frå 2025. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim / faksimile frå saksdokument (montasje)