Svein Arve Nygård (Frp) strålte som ei sol etter at førehandsstemmene vart kunngjort klokka 21 på valkvelden. Etter 20 år i politikken vert han varaordførar.
Svein Arve Nygård (Frp) strålte som ei sol etter at førehandsstemmene vart kunngjort klokka 21 på valkvelden. Etter 20 år i politikken vert han varaordførar. Foto: Håvard Ovesen

I ungdommen vart Svein Arve Nygård (Frp) inspirert av Carl I. Hagen og melde seg inn i Framstegspartiet. Der har han vore sidan.

Etter 20 år i politikken tek Nygård den politiske karrieren til eit nytt nivå: Frå 19. oktober vert han varaordførar i Hå. Det vart klart natt til 12. september.

– Kunne ikkje takka nei

Frp fekk 16,6 prosent av stemmene, og vart tredje størst i Hå. Dei klarte likevel å snappa varaordførarvervet framfor nest største parti, Høgre, etter intense forhandlingar heilt på tampen av valkvelden.

Då forhandlingsresultatet vart kunngjort, viste Nygård til at partiet fleire gonger ved tidlegare høve har enda opp med lua i handa, utan makt.

– Denne gongen fekk me brått tilbodet om varaordførarvervet. Då var ikkje det noko me kunne seia nei til, seier han.

Nygård ser fram til å samarbeida med påtroppande ordførar Andreas Bjorland (KrF).

– Eg trur me kan verta ein god duo. Me har alltid hatt ein god kjemi, sjølv om me har vore usamde i mange saker. Men eigentleg trur eg ikkje me står så langt frå kvarandre, seier han.

Nygård legg til at ingen av dei «er blyge».

– Ingen av oss er redde for å ta ein kamp, sånn at dette trur eg kan verta spennande, seier han.

– Drog lasset saman

Tysdag morgon, med valresultatet i ryggen, kjenner Svein Arve Nygård at han er letta.

– Eg er veldig glad for alle som har bidratt i valkampen. Me har vore eit heilt lag. Me har fått med oss mange nye, og alle var med på å dra lasset. Då var det gildt å sjå resultata. At me vart dobbelt så store, er veldig gildt, seier han.

Nygård legg til at han òg er glad på partiets vegner.

– Det er klart at for partiet er det viktig å få ordførarar og varaordførarar rundt om i heile landet. Nå ser eg at det er spennande ting på gang i Time og Klepp. Eg må seia at me har jobba godt, seier han.

Etter valet i 2019 fekk Framstegspartiet tre mandat i kommunestyret i Hå. Fasiten etter 11. september i 2023 er seks.

Brigt Skrettingland (frå venstre) frå TV-Vest intervjuar ordførarkandidatane frå dei tre største partia i Hå: Svein Arve Nygård (Frp), Andreas Bjorland (KrF) og Trond Knutsen (H).
Brigt Skrettingland (frå venstre) frå TV-Vest intervjuar ordførarkandidatane frå dei tre største partia i Hå: Svein Arve Nygård (Frp), Andreas Bjorland (KrF) og Trond Knutsen (H). Foto: Foto: Håvard Ovesen

I valkrinsen Nygård sjølv soknar til, Ogna, stemte 32,8 prosent – nær ein tredjedel – av veljarane på Framstegspartiet. «Fantastisk», seier Nygård.

– Det har nok litt med meg å gjera, men det er andre politikarar her sør òg. Dei har gjort ein god jobb. Og så har me fleire saker som er viktige for folk i Søre Hå der me har vore tydelege, seier Nygård.

Han nemner motstand mot ny detaljregulering for Indre Sirevåg og flytting av eldre frå Olsvoll bu- og Omsorgssenter til Hå sjukeheim som døme på saker der partiet har markert seg.

– Eg trur og håper at folk legg merke til jobben me har gjort i dei siste fire åra. Det har vore nokre saker der me har tapt, men eg trur folk likevel har vore fornøgde med jobben me har gjort, seier Nygård.

Kompromiss

– Men det vert vel ikkje heilt lett å gå i koalisjon med fire andre parti. Er det nokre saker de har vore nøydd til å gje opp for å komma i mål?

– Dei neste dagane skal me gå nokre rundar for å finna ut av detaljane. Me har overhovudet ikkje gitt opp nokre saker, men me har jo diskutert nokre hovudsaker der alle veit alle sine standpunkt.

– Vert det Sambrukshus på Nærbø?

– Fordelen når fleirtalet er så breitt som det er nå, er at du kan faktisk stemma imot. Det er vanskeleg når fleirtalet er 17 over 16, slik det har vore. I tillegg kjem det nå inn nye folk frå alle parti. I dei sakene der ein veit det er skilnad i meiningar, kan det vera andre syn som kjem på bana.

Trond Knutsen frå Høgre, det nest største partiet i kommunen, er inne på noko av det same.

– Det er litt sprik i partiprogramma til dei fem som er inne. Det gjev oss litt meir rom til å stå på for det me har gått til val på, seier Knutsen til Jærbladet.

Njål Sikveland, som representerer Arbeidarpartiet, den minste partnaren i fleirtalskoalisjonen, innrømmer at heller ikkje partiet hans kan rekna med å få gjennomslag i alle saker, men at det å vera til stades med sine perspektiv tidleg i ein politisk prosess, aukar sjansen for å påverka.

– Sambrukshus vert det, for mange av dei partia som er for har styrka seg. Men det er klart ein må rekna på prisen. Det er eit stykke til det står ferdig bygga, seier han.

Nygård understrekar at dei fem partia må vera innstilte på å vera samde om prioriteringane i budsjetta dei legg fram.

Trur ikkje det vert keisamt

Med ein så stor fleirtalskoalisjon som det dei fem partia styrer mot, kan det verta keisamt å vera opposisjonspolitikar eller tilhøyrar i kommunestyret, i alle fall om alt har vorte avgjort på bakrommet på førehand.

Nygård, Knutsen og Sikveland tvilar alle på at det vert eit problem.

– Eg trur ikkje nokon er innstilt på å avgjera alt på bakrommet. Eg håpar ikkje det, for det kan drepa interessa for å vera med i lokalpolitikken, seier Knutsen.

– Det er klart, i store, tunge saker om budsjett og overordna planar vil det gjerne vera vanskeleg å få gjennomslag om du er liten. Men elles trur eg at om nokon kjem med gode forslag, vert dei tatt seriøst, uavhengig av om dei er i posisjon eller opposisjon, legg han til.

Sikveland seier han er spend på dynamikken dei nye partia i kommunestyret, INP og Konservativt, vil bringa med seg.

Nygård seier han har hatt god dialog med alle dei tre partia dei siste fire åra, sjølv om partiet hans har vore i opposisjon, og saman med Hå-lista har takka nei til å samarbeida om budsjettet.

– Nå har dei styrt med eit 17-16-fleirtal i fire år. Eg kan berre tenka meg kor stressande det kan ha vore, seier Nygård.

Fekk ikkje sova

I dei intense forhandlingane etter valet i 2019, var Nygård i ein periode nær ved å få ordførarjobben. Då kunne ein lesa i Jærbladet at arbeidsgjevaren til Nygård, som er assisterande salsdirektør i Pelagia, var letta over at dei ikkje måtte finna nokon som kunne erstatta han.

På spørsmål om kva arbeidsgjevaren seier nå som han vert varaordførar, svarar Nygård tysdag morgon at han ennå ikkje har fått snakka med dei.

– Men eg sende dei ein orienteringsmail i morges. Eg har jobba sidan fire-fem-tida, sidan eg uansett ikkje klarte å få sova. Men eg skal alltid få gjort jobben min. Eg har alltid hatt stor arbeidskapasitet, seier Nygård.