Tretten år gamle Cassandra Haugland frå Stokkalandsmarka fekk eit innfall: Ho ville sjå om ho fekk til å gå 100.000 skritt og lurte på om nokon ville vera med.
Venninnene Amalie Høien frå Stokkalandsmarka og Oline Myklebust (12) frå Vigrestad melde seg.
Gjekk fem mil for å kjøpa burgar
Klokka fem laurdag morgon la dei av garde nordover frå Stokkalandsmarka.
Tanken var eigentleg å gå til Sandnes, men etter å ha unna seg ein burgar på McDonald's på Kleppe, bestemte dei seg for å snu og gå tilbake igjen.
Då hadde dei gått 50.000 skritt.
På dette tidspunktet måtte Myklebust gje seg.
– Ho hadde ekstreme smerter i føtene, fortel Haugland.
Haugland og Høien fortsette sørover, trass vinden, som var både sterk og kald.
Tomme for straum
Utanfor Varhaug kom botnpunktet. Då hadde dei to gått 85.000 skritt.
– Me begynte å få skikkeleg vondt, og det blåste sjukt mykje, fortel Haugland.
I tillegg var ho i ferd med å gå tom for straum på både mobil og klokke.
Løysinga blei å ringa heim. Foreldra til Haugland kom og henta dei.
På dette punktet halta Amalie og hadde vondt. Ho måtte gje seg.
Familien stilte opp
Haugland var likevel ikkje ferdig. Etter å ha fått lada både mobil og klokke, bestemte ho seg for å fullføra, slik at ho kom til 100.000 skritt.
Dermed bar det ut i Haugstadskogen, der ho gjekk runde etter runde. Med seg hadde ho mora, faren og storesøstera.
– Dei følgde meg dei siste 15.000 skritta, seier Haugland.
I ellevetida på kvelden, atten timar etter at ho starta, klokka ho inn 100.020 skritt.
Jærbladet snakkar med Haugland dagen etter. Då har ho ikkje like vondt i føtene lenger.
– Men eg kjenner det godt, seier ho.
I løpet av laurdagen gjekk Haugland 73 og ein halv kilometer.
– Vil du gjera det igjen?
– Ikkje på mange år, i alle fall.