– Det er heilt vanvitig. Marknaden har losna skikkeleg, seier Asle Ingebrethsen i SI Bygg.
Det har over lengre tid vore lite bustadar på marknaden i Hå. I førre veke var det berre ni tilgjengeleg i heile kommunen. Fleire av desse gjekk godt over prisantyding. På Varhaug gjekk ein eldre einebustad med store oppgraderingsbehov 1,1 millionar kroner over prisantydning.
Nå kan det henda bustadkjøparane på Varhaug, og andre stadar i Hå, går lysare tider i møte. Fleire ulike bustadprosjekt, som har vore under arbeid i årevis, reknar med oppstart i løpet av 2026.
Varhaug-boom
Innafor ein dryg kvadratkilometer kan opp mot 200 bustadar vera under oppsegling.
På Leksaren, på sørsida av Varhaug, har det sidan 2013 vore planar om eit større bustadfelt. Prosjektet blei forsinka av ulike grunnar, men det siste store hinderet var omfattande rekkefølgekrav, blant anna fotgjengarundergang og ny rundkøyring på Varhaugvegen.
– Feltet vårt må ta alt av dette. Me meiner at akkurat ei rundkøyring kunne godt resten av Varhaug vore med og spleisa på, ettersom dei òg vil ha glede av ho, men me hadde nokre rundar på dette, utan at me kom vidare, seier Asle Ingebrethsen, dagleg leiar i SI Bygg.
Trass dette, har utbyggaren fått til det Ingebrethsen meiner er eit «ganske greitt» forslag til utbyggingsavtale.
– Det gjer det mogleg å komma i gang, seier han.
SI Bygg kikkar nå på tekniske planar og for å gjera nødvendige justeringar. Etter det, ventar ein ny runde med banken for å få finansieringa på plass.
– Så, når alt det er i orden, sender me ut førespurnadar på prisar på graving og sånn, og så er me eigentleg i gang, seier Ingebrethsen.
Tettare
Opphavleg var det snakk om eit prosjekt på totalt 150 bustadar, fordelt på rekkehus, bustadar og leilegheiter.
– Men sett med 2026-auge, er det fort plass til litt fleire einingar, seier Ingebrethsen.
Han viser til at byggekostnadar og andre utgifter har skote i vêret og seier at bueiningane, slik dei er regulert nå, blir for store.
– Me må nok fortetta noko, seier Ingebrethsen.
Han reknar med at Leksaren til slutt kan by på ein plass mellom 150 og 170 bueiningar, der litt over halvparten er leilegheiter.
– Men dei kjem først på sikt, i blokker som skal ligga mot jernbanen, seier Ingebrethsen.
I første omgang er målet å bygga einebustadar og rekkehus.
Dei siste åra har byggebransjen slite i motbakke. Unntaket har vore Rogaland.
– Her verkar det som det er bånn gass. Salet går vanvitig godt. For vår eigen del har me ingen ting som står ferdig og som ikkje er seld, seier Ingebrethsen.
Nærmar seg klar etter 18 år
På andre sida av jernbanen, ser det ut til at ting endeleg har losna i Ånestadvegen òg. Erling Skretting, som står bak utbyggingsselskapet Sentrumsplassen AS, seier det har vore ein lang, tung og vanskeleg prosess som har vart i 18 år.
Han vil ikkje dvela ved detaljar ut over å visa til at rekkefølgekrava har vore vanskelege, tidvis umoglege, å innfri – men at det som nå ligg på bordet, ser bra ut. Utanom at dei må ta ein runde til på arealutnyttinga, er det einaste som står igjen ei finjustering av teikningane.
– Det blir to blokker, med tolv leilegheiter kvar, seier Skretting.
Håpet er at leilegheitene kan komma ut for sal i haust.
– Dei blir veldig bra å bu i, lovar utviklaren.
Statoiltomta
Planane om utvikling av Statoiltomta på hjørnet av Varhaugvegen og Dysjalandsvegen er ikkje like gamle som dei for Ånestadvegen, men er likevel langt frå nye.
Her, på tomta der det før var bensinstasjon og Herredsvela transport har hatt hovudkvarter dei siste 23 åra, skal det komma bustadar.
Tommy Kvia i Planum er på reise og har ikkje høve til å svare på spørsmål, men under eit møte i kommuneplanutvalet før påske, blei bustadbygging i Hå eit tema. Der nemnde ordførar Andreas Bjorland (KrF) Statoiltomta som eitt av prosjekta som ventar oppstart i løpet av 2026.
På Planum sine nettsider er utvikling av blokker eller bustadar i Varhaugvegen lista som eit døme på eigedomsutviklinga deira. Dei har òg lagt ut teikningar av til saman 17 bustadar fordelt på tre rekkehus.
Tidlegare har det vore planar om å bygga bustadblokk med næring i første etasje på denne tomta.
Nye bustadar på Nærbø
Varhaug er ikkje den einaste tettstaden i Hå der det er nye bustadar på gang. Etter fleire år på teikneblokka, nærmar det seg oppstart i Sylvlia, mellom Bø skule og Vålandsvegen på Nærbø.
Her skal Sølvlia utbyggingsselskap bygga rundt 65 bustadar.
Dei tok over prosjektet etter at Bolig Partner Prosjekt gjekk konkurs. Dagleg leiar Dag Einar Andreassen seier at det tok tid å skaffa oversikt og rydda opp før dei kunne gå vidare.
– I tillegg har det tatt ekstra tid å få endeleg avklart tekniske planar for området, seier han.
Nå ventar han igangsettingsløyvet rett rundt hjørnet.
– Så fort det er på plass, begynner me å grava, seier han.
Andreassen seier bustadmarknaden på Jæren er bra. Han har merka seg at det er relativt få brukte bustadar til sals.
Høge renter, auka byggekostnadar og uvisse i marknaden har ført til krevjande år for byggebransjen.
– Samtidig opplever me nå gryande optimisme, særleg i område med bustadunderskot. Prosjekt som treff rett på pris, plassering og bustadtype har god interesse, og me opplever at folk igjen tør ta avgjerder om bustadkjøp, seier Andreassen.