Politikarane løyva 1,5 millionar kroner til i ei midlertidig isflate i Plogenparken i vintersesongen som var. Bildet er frå november, og viser arbeidet med å få den på plass. No håpar fleirtalet at det skal kome eit midlertidig overbygg her, og moglegheiter for is kvart år.
Politikarane løyva 1,5 millionar kroner til i ei midlertidig isflate i Plogenparken i vintersesongen som var. Bildet er frå november, og viser arbeidet med å få den på plass. No håpar fleirtalet at det skal kome eit midlertidig overbygg her, og moglegheiter for is kvart år. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

På tidlegare bestilling frå politikarane, har kommunedirektør Torild Lende Fjermestad svara ut om moglegheita for å etablere ei permanent flate med overbygg, som kan nyttast som isflate i ein periode vinterstid.

Ho føreslår eit gjennomsiktig overbygg i glas og tre på grasflekken i Plogenparken, og anslår at det vil koste kommunen 12 millionar kroner.

I tillegg kjem 3 millionar for isflate og tilrettelegging for den, og rundt 500.000 i driftsutgifter årleg, avhengig av kor lenge det skal vere isflate.

Siri Øksnevad Olsen (Frp) gjorde det klart at gruppa hennar ser på det som ei gladsak.

Prisen synest også Fridtjov Helland (H) er heilt overkomeleg, og trakk fram at det kan finnast potensial for å involvere stiftingar og næringsliv.

– Ei permanent isflate med overbygg handlar ikkje berre om å gå på skøyter, men også om å skape ei heilårleg møteplass, sa han frå talarstolen.

Sa nei: – Bør ringe ei bjølle

Kommunestyret enda med å vedta Fjermestads innstilling.

Ho skal derfor vurdere å innarbeide kostnadene i handlings- og økonomiplanprosessen, basert på prinsippa i saka ho har skrive.

Tore Bore (KrF), Kolbjørn Sandve (SV), Børge Brunes (V) og Martin Wiig Haukali (V) stemte imot.

– Eg er overraska over lågt anslag for både investering til driftsutgifter til bygg og isflate. Tala me ser her er eg meir enn halvredd for at kan kome til å syne seg til å vere for gode til å vere sanne, sa Bore.

Han trur det neppe blir like billig å halde Klepp med is, som det var i den kalde vinteren i år.

– Desse 15 millionane til investering og 500.000 til årleg drift bør me heller styre inn på anna som er kjekt å ha i kommunen, som ikkje ligg i sentrum, sa han.

Haukali var einig. Han meinte prisen er for høg i forhold til kva dei får for pengane, og vil få ned investeringane i sentrum.

– Når til og med kommunedirektøren skriv så tydeleg at ein må vekte opp isbygget mot lovpålagde tenester og behov for framtidige investeringar, bør det faktisk ringe ei bjølle for kommunestyret.