Dette parkeringsanlegget er lagt ut for sal.
Dette parkeringsanlegget er lagt ut for sal. Foto: Håvard Ovesen

Tidlegare i sommar vart eit parkeringshus på Bryne lagt ut for sal. Prisantydinga er 280.000 kroner per parkeringsplass. Til saman er det snakk om 63 parkeringsplassar.

Det tilseier ein samla pris for 17,6 millionar kroner, før ein eventuell kvantumsrabatt.

Seljaren er eigedomsutviklar Steinar Haugseng.

Kjøpte det av kommunen

Til Jærbladet seier han at fleire har tatt kontakt med ønske om å kjøpa enkeltplassar, men at han òg er i dialog med ein aktør som vurderer å kjøpa heile parkeringshuset.

Haugseng har førebels ikkje heilt bestemt seg for om han vil selja heile parkeringsanlegget samla, anten til ein offentleg eller ein privat aktør, eller om han skal selja ein og ein parkeringsplass.

– Eg heiv det ut for å lodda stemninga, og for å sjå kva parkering er verdt i dag, seier Haugseng.

Steinar Haugseng vurderer å selja parkeringshuset han kjøpte for ti år sidan. Bildet er tatt i ein annan samanheng.
Steinar Haugseng vurderer å selja parkeringshuset han kjøpte for ti år sidan. Bildet er tatt i ein annan samanheng. Foto: Foto: Åge Bjørnevik (arkiv)

Det er om lag ti år sidan han kjøpte parkeringshuset i Meierigata. Seljaren var Time kommune.

– Då eg kjøpte det, var det med tanke på at det kom til å verta færre parkeringsplassar i framtida. Tanken var at parkeringshuset kunne brukast som eit slags magasin med parkeringsplassar til framtidige utbyggingar, seier Haugseng.

Ved bygging av bustader og næringsbygg vert det oftast sett eit krav om tilgang til eit visst tal parkeringsplassar.

Inspirasjon frå Kristiansand

Haugseng jobbar i hovudsak med eigedomsutvikling, og har hatt fleire prosjekt i området rundt Meierigata.

– Men nå er eg fornøgd med det eg har. Eg har parkeringsdekning nok for det eg skal bygga, så då går det an å skifta litt eigedom, viss det passar, seier han.

Tanken om å selja, kom etter at han såg at Kristiansand kommune la parkeringshuset Kilden ut for sal med ei prisantyding på 120 millionar kroner.

Dét parkeringshuset vart til slutt selt for 137 millionar kroner, noko som svarar til nær 350.000 kroner for kvar av dei 400 parkeringsplassane.

Haugseng meiner det uansett er billegare å kjøpa eit allereie eksisterande parkeringsanlegg enn å bygga nytt.

– Eg har sjekka med to-tre aktørar som bygger. Om du ikkje ender på den doble prisen, er det i alle fall fire-fem hundre tusen kroner per plass, og då er ikkje tomteprisen rekna med, seier han.

Opphavleg var det Time kommune som eigde parkeringsanlegget med adresse i Meierigata.
Opphavleg var det Time kommune som eigde parkeringsanlegget med adresse i Meierigata. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Fullt utleigd

Parkeringshuset i Meierigata er meir eller mindre fullt utleigd.

– Det er mange firma over heile Bryne som leiger. I tillegg er det nokre private, som anten har leilegheit i nærleiken eller som jobbar på Bryne, seier Haugseng.

Dei som bur i Sameiet Meto har si eiga parkering i etasjen under anlegget Haugseng har lagt ut for sal. Sameiet si parkering er ikkje til sals.

Eigedomsutviklar Haugseng seier han ikkje er i tvil om at parkeringsplassar er ein form for eigedom som berre kjem til å stiga i verdi.

– Det vert ikkje meir parkering, i alle fall. Nå skal jo alle helst sykla eller gå. På Bryne skal dei laga gågate av heile Storgata. Då er det nokon som treng nye parkeringsplassar. Det er fleire som held til i gata i dag som allereie har tatt kontakt med meg, fordi dei treng parkeringsplassar òg i framtida, seier han.