Rektor Andreas Årikstad ved Jæren Lutherske Friskule seier dei ikkje har reglar om påkleding, men gjer venlege råd.
Rektor Andreas Årikstad ved Jæren Lutherske Friskule seier dei ikkje har reglar om påkleding, men gjer venlege råd. Foto: Ane Ommundsen (arkiv)

«Utan at ein kanskje vil det, kan kleda verka utfordrande. Det same gjeld bukser der store deler av undertøyet viser. Samtal gjerne med borna/dei unge om at kleda våre kan senda signal. Dette gjeld både eigen indre tryggleik og omsyn til dei me ferdast mellom. Me ynskjer heller ikkje klede som uttrykkjer bodskap som strid mot den kristne trua.»

Dette står i Skuleinformasjonen for skuleåret 2025/2026 henta frå Jærtun Lutherske Friskule sin heimeside.

– Kvifor er det naudsynt for Jærtun å ha reglar for påkledning?

– Dette er ikkje reglar, men rettleiingar. Eg trur dei fleste av Jærbladet sine lesarar skjønnar kva som ligg i dette. Me ynskjer at elevane går sømeleg kledd på skulen, akkurat som dei vil måtte gjere i arbeidslivet, som me utdannar dei til å ta del i, seier rektor ved Jærtun, Andreas Årikstad.

– Har de døme på kva for klede som er utfordrande?

– Det står eit døme i teksten – å gå kledd slik at undertøyet visast.

– Er singlet for ungdommar, jente som gut, utfordrande?

– Nei.

– Kva for bodskap er i strid med den kristne trua etter di meining?

– Det er alt som opponerer mot Bibelens bodskap, men igjen er ikkje dette reglar, men rettleiing og informasjon om kva skulen ynskjer.

Privatskulelova seier i § 5A-2 at elevane har rett til å ytre meiningane sine fritt.

– Er ikkje ynskjet om at elevane ikkje har klede med bodskap som strid mot den kristne trua eit brot på lova om at elevane har rett til å ytre meiningane sine fritt?

– Det kan handle om å syne respekt for trusgrunnlaget til skulen ein har valt. Men me er ikkje vanskelege på dette. Elevane går med det dei vil, og formuleringa er meir som eit venleg råd.

Trakk vedtatt innsnevring

I førre veke blei det kjent at rektor Andreas Årikstad sa opp etter usemje om læregrunnlaget til skulen.

Styret hadde vedteke ei innsnevring rektor ikkje kunne støtta.

Også foreldra protesterte.

Reaksjonane til dei føresette førte til at styret trakk den såkalla Jærtun-profilen.

Rektor si oppseiing står ved lag. Han held fram i stillinga ut september.

Jærbladet har gått gjennom Jærtun si Læreplan for skulen og Skuleinformasjonen for 25/26 for finne kva som er eksisterande profil og grunnlag for den kristne friskulen.

Kontroll av bøker

«Bibliotekbøkene på Jærtun gjennomgår ein kvalitetskontroll. Likevel kan det vera svikt i kontrollen eller at de i dykkar heim ikkje er nøgde med dei bøkene dykkar elev får låna. Send då bøkene attende til skulen – gjerne med ei tilbakemelding.»

Dette kan ein også lesa i Jærtun si Skuleinformasjon.

– Kva meiner de med kvalitetskontroll?

Som alle andre bibliotek veljar me ut kva bøker me vil ha og ikkje ha i biblioteket vårt. Det høyrer med til foreldreansvaret som skulane utgjer ein forlenga arm av. Dette skjer gjennom inntak av nye bøker og utfasing av andre. Det er rektor som har siste ordet i dette, dersom det oppstår tvil, seier Årikstad.

Jærbladet sende rektor Årikstad ei liste med fire barne- og ungdomsbøker for å høyre om desse ville bestått kvalitetskontrollen.

  • «Den store Brillebjørn-boka», der hovudbjørnen har to mødrer (Ida Jackson og Jens A. Larsen Aas).
  • «Julian er ei havfrue» – om ein gut som elskar havfruer og kler seg ut som ei (Jessica Love).
  • «Stolt» – ein bok om å vere skeiv i Noreg før og no (Benjamin Silseth og Kine Yvonne Kjær).
  • «Regnbue-sommar» – om Simone og Aaron. Det går rykte om at Aaron hadde jentenamn før (Camilla Dahle Otterlei og Tiril Valeur).

– Eg har ikkje lese desse bøkene og vil avstå frå å kommentere konkrete titlar, men generelt er det ikkje nokon hemmelegheit at me er ein skule som peikar på det livslange ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne som ramma for det seksuelle samlivet, kommenterer rektoren.

Skal ikkje indoktrinere

Følgjande står på heimesida og i læreplanen til Jærtun:

Kristne friskular verken kan eller vil indoktrinere elevar i kristen tru, men vil gje dei kunnskap, innsikt og erfaringar som grunnlag for eigne val. I læreplanen står dessutan at elevane må øvast opp til ei sunn, kritisk haldning til den påverknad som møter dei.

– Er ikkje desse rettleiingane og venlege råda til elevane det motsette av det de seier her?

– Tvert om. Gjennom skulekvardagen møter elevane ulike haldningar både frå lærebøker, medelevar og andre kjelder. Samstundes har me ein standard på skulen og i undervisninga som er tydeleg forankra i det me trur på. Det er ikkje berre noko me ynskjer, men og noko me er forplikta til gjennom godkjenninga av skulen. Men elevane skal ikkje berre møte eit sett med reglar. Me vil vere ein tydeleg kristen skule, ved at dei får møte ein levande frelsar.

Etter skulen si læreplan er Bibelen autoritet og norm i alt som gjeld tru, lære og liv. Dette står i læreplanen:

«Den Hellige Skrifts ord (Bibelen), slik det opphavleg blei gitt, er utan feil og selvmotsigelser i alt det uttaler seg om når det blir forstått i samsvar med sine egne forutseninger ... Den er den einaste sanne og fullt ut tilstrekkelege, klare og absolutte autoritet og norm i alle spørsmål som angår kristen tro, lære og liv.»