4. juni sa rektor ved skulen, Andreas Årikstad, opp.
Han meiner styret har innsnevra trusgrunnlaget for skulen med det nye trus- og læredokumentet, den såkalla Jærtun-profilen.
Ingrid Hausberg er ein av foreldra som reagerer på styrets innsnevring av trusgrunnlaget og på at rektor går av.
– Det er utruleg tragisk at rektor sluttar. Han har gjort ein god jobb for skulen, seier Hausberg til Jærbladet.
Hausberg har ein son som til hausten skal opp i 9. klasse ved skulen. Ho gjekk sjølv på Jærtun Lutherske Friskule då ho var barn.
Protestar frå foreldre
Dagen etter rektor sa opp, fekk foreldra eit brev der styret informerte om Jærtun-profilen og at rektor gjekk av.
Brevet inneheldt ikkje dokumentet, men foreldra blei fortalt at de kunne få tilgang til Jærtun-profilen ved førespurnad.
Det gjorde fleire, og mange reagerte, ifølgje FAU-leiar Margit Eiken.
– Kva reagerte foreldra på?
– Foreldra ved skulen er som andre menneske. Dei er ikkje samde. Me i FAU har formidla protestane til styret. Nokre av reaksjonane gjekk på innsnevring av trusgrunnlaget. Andre reagerte på at foreldra ikkje har fått informasjon og ikkje har vore involvert, seier FAU-leiaren.
Innspela frå foreldra blei samla i eit dokument på 24 sider. Dette sende FAU til styret.
Da styret mottok dokumentet frå FAU, valde dei å trekka beslutninga. Samtidig held dei fast på trus- og læregrunnlaget frå profil-dokumentet.
Styret ved skulen har jobba med dokumentet i eitt år. Styreleiar John Peder Samdal seier dette dokumentet ikkje er ei innsnevring, men ei presisering av gjeldande evangelisk-lutherske ståstad.
I dokumentet tek styret avstand frå såkalla karismatiske trusretningar. Her står blant anna at ei slik tru vil føre med seg åndeleg død.
Styret har ansvar for rektor
– Styret har trekt vedtaket som var årsaka til at rektor gjekk. Kva tenkjer du og FAU om avgangen til rektor?
– Vi har ikkje vore samla sidan styret gjorde om på beslutninga. Difor er det ikkje rett at eg skal uttale meg som FAU-leiar om det. FAU har ikkje diskutert at rektor har sagt opp. Me har vore meir opptatt av at meiningar og reaksjonar frå forelda skal nå styret, svarer Eiken.
– Kva skjer no?
– Me må ta det som det kjem. Styret har formidla at dei tenkjer å ta med foreldra i arbeidet med profil-dokumentet. Tilsetjing av ny rektor er ikkje vårt ansvar. Det er opp til styret å kasta seg rundt og finne ei løysing på at rektor forsvinn, kommenterer FAU-leiaren.