En ung mann som løper med krykker på en vei, og i forgrunnen ser man en gul åker.
LØPE MED KRYKKER: Erlend Lysebo må bruke styrken i armane når han løper med krykker. I Ironman i København skal han løpe maraton på 42,2 kilometer. Foto: Fredrik Pedersen / NRK

På ein landeveg langs frodige åkrar i Vestfold høyrest lyden av krykker som dunkar taktfast mot asfalten.

20-åringen som trenar, har ikkje fart i beina, men må bruke styrken i armane når han skal løpe.

Kvar bevegelse framover krev enormt mykje av heile kroppen.

Snart skal han gi seg ut på ein svimlande lang distanse.

FOTO: FREDRIK PEDERSEN, NRK
FOTO: FREDRIK PEDERSEN, NRK

Det har ingen andre gjort før med cerebral parese og krykker.

– Eg har fått nokre reaksjonar på kvifor eg gidd dette. Men eg vil teste potensialet og sjå kor grensa ligg, smiler Erlend Lysebo frå Kvelde i Vestfold.

Berre éin har klart det

Ein full distanse Ironman blir rekna som ei av verdas mest ekstreme fysiske påkjenningar:

3,8 kilometer svømming, 180 kilometer sykling, og til slutt eit heilt maraton på 42,2 kilometer.

For Erlend som har cerebral parese (CP) som påverkar begge beina frå hoftene og ned, krev dette mykje meir.

Etter det NRK kjenner til, har berre éin person i verda klart dette tidlegare, nemleg Bonner Paddock i 2012.

Han hadde ein mildare CP og brukte ikkje krykker, men eigne bein, påpeikar 20-åringen.

En ung mann står i våtdrakt ved et vann og smiler mot kameraet.
Erlend Lysebo håper å bli den yngste og raskaste i verda til å gjennomføre Ironman med CP. Foto: Fredrik Pedersen / NRK

CP-diagnosen gjer at Erlend har minimalt med muskelkraft i beina, spesielt i hamstringa.

Det gjer spesielt syklinga utfordrande.

– På sykkelen har eg mykje kraft når eg trakkar ned, men veldig lite når pedalen skal opp igjen. Og når eg kjem til løpedistansen, er eg heilt avhengig av å løpe med krykker, fortel han.

Starta med motocross

Da Erlend var liten, klarte han ikkje å gå ordentleg, men sprang da han krabba.

Foreldra var spente på om han kom til å lære seg å sykle.

– Så gjorde han heldigvis det. Da var det ganske mange hundre rundar rundt barnehagen. Dei andre barna løp og Erlend sykla, fortel pappa Jon Are Lysebo.

Som fireåring fekk Erlend sin første motocrossykkel, ein på 50 kubikk som han putra rundt med på garden.

Faren såg tidleg at sonen hadde vilje til å køyre på og ikkje gi seg.

Den første gongen Erlend prøvde seg på ei motocrossbane, fall han 14 gonger i den første runden.

I neste runde fall han litt færre gonger, og til slutt meistra han meir og meir.

Nokre år seinare konkurrerte han på bane med høg fart og luftige svev.

Å vere aktiv og trene har betydd mykje for han gjennom heile barndommen og oppveksten.

En liten gutt spiller fotball med krykker.
Erlend spelte også fotball da han var barn. Grafikk: Privat

– Det har gitt meg enorm glede ved at eg kan sjå like mykje resultat som dei andre kompisane. At ingen har sett dei grensene for meg, og da har eg berre «pusha» vidare. Å bygge stein på stein kan gi store resultat uansett, seier han.

Vil bli yngst og raskast med CP

Triatlon og andre ekstremløp har tatt Noreg med storm.

Idéen om å prøve kreftene i Ironman fekk Erlend i fjor da ei kamerat skulle delta i triatlonen i Leeds.

Erlend trente saman med kompisen, og merka at han meistra variasjonen.

– Eg svømte masse og begynte å eksperimentere med løping og sykling. Da fann eg ut at dette er noko eg faktisk kan bli god på, fortel han.

Det siste året har han hatt 15–20 treningstimar i veka.

En mann med treningsdrakt står i gangen med en sekk foran og gjør seg klar til å gå ut.
– Å sjå at ein får igjen for innsatsen ein legg ned, gir meg så mykje glede, seier Erlend. Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Mål om under 15 timar

Makstida for å gjennomføre i København er på 15 timar og 45 minutt. Erlend håper å klare det på under 15 timar.

Til samanlikning brukte Paddock, som da var 37 år, over 16,5 timar i 2012.

Før konkurransen har 20-åringen svømt heile distansen, mens han har sykla 100 kilometer og testa at han klarer å løpe ein halvmaraton.

I konkurransen skal han løpe dobbelt så langt.

– Det er eg eigentleg ikkje så stressa for. Syklinga blir nok det vanskelegaste. Eg reknar med å bruke sju og ei halv time på sykkelen. Svømminga gler eg meg veldig til, det er det eg er best på, seier han.

En mann med krykker og treningsdrakt som går på veien.
Erlend skal delta i Ironman for eiga maskin, og berre få hjelp til at nokon tar imot krykkene mens han svømmer. Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Imponert

Landslagslege i triatlon, Hege Havstad Clemm, er imponert over Lysebo sitt mål.

Ho følger opp kjente triatlon-trioen Kristian Blummenfelt, Gustav Iden og Casper Stornes.

– For det første tenker eg wow, det er jo heilt fantastisk. Eg håper han lykkast, seier ho.

En kvinne med dressjakke som smiler mot kameraet.
Idrettslege ved Norges idrettshøgskole og spesialist i barnesjukdommar, Hege Havstad Clemm, er imponert. Foto: Norges idrettshøgskole

For personar med cerebral parese er dette ekstra krevjande fordi de har utfordringar med bevegelse i form av spastisitet og kramper, både under trening, oppkøyring og sjølve løpet, forklarer ho.

I tillegg er det også meir utfordrande å restituere godt og få i seg nok ernæring.

– Når ein har cerebral parese, bruker ein veldig mykje meir energi per bevegelse enn det andre gjer. Å klare å øve seg opp til å ta opp veldig mykje meir næring, både undervegs og på førehand, er veldig viktig, seier ho.

En ung mann i våtdrakk som gjør seg klar til svømming.
Erlend gler seg mest til svømminga. Der føler han seg like god som dei andre deltakarane. Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Stor inspirasjon for andre

Det er ein enorm prestasjon, meiner generalsekretær i CP-foreininga, Jørn Mandla Sibeko.

– Noko av det vi er mest imponert over, er Erlend si evne til å sjå moglegheiter. Han viser oss at det er mogeleg å legge til rette for det umoglege, og slik er han ei stor inspirasjon for andre, seier Sibeko.

For personar med CP er trening er svært viktig for å oppnå best mogeleg funksjon og utnytte eige potensial, påpeiker han

– Eg vil nok ikkje påstå at eit maraton som inneber å løpe 42 kilometer på krykker er direkte helseframande. Men det å sette seg mål, gjennomføre og oppleve dette saman med andre kan ha ei enorm betydning, seier Sibeko.

Vil vere et forbilde

20-åringen, som studerer byggingeniør i Bergen, ønsker å vere et forbilde for andre i same situasjon som han.

Når han er ute og løper med krykker, blir han stoppa av foreldre som har barn med CP eller andre funksjonsnedsettingar.

En ung mann med sort hettegenser smiler.
Erlend Lysebo ønsker å vere ei inspirasjon for andre ungdommar eller barn som er i same situasjon som han. Foto: Fredrik Pedersen / NRK

– Når dei seier at dei blir rørt eller får ein tryggleik i å sjå at eg, som er fødd med cerebral parese, kan få til store idrettsprestasjonar. Det gir ei enorm glede og gjer opp for alle dårlege økter, seier han.