Lise Finckenhagen står for maten i årets 17. mai-sending frå slottsplassen.
Sjølv er ho oppteken av å gjera det enkelt når mange skal til bords på nasjonaldagen.
Menyen ho har komponert i år er både ting som ein kan dela, men òg som kan stå framme over lengre tid
– Noko ein berre kan gå og småeta litt på.
– Så må ein gjera det enkelt. Førebu så mykje du kan dagen før.
Salatar som smakar
Salatar av ulikt slag kan vera fint å ha på eit stort bord.
– Det må vera noko som treffer alle, seier Finckenhagen
– Eg synest jo det er veldig godt med friske salatar. No når det er litt høgare temperaturar er det jo godt å eta litt lett.
OppskriftFruktig tomatsalat Enkel
OppskriftMelonsalat med skinke Enkel glutenfri
OppskriftHjartesalat med jordbær og cottage cheese-dressing Enkel glutenfrivegetar
OppskriftPotetsalat med ramslauk Middels
Digg på grillen
For Lise Finckenhagen har pølser på grillen blitt ein slags «Guilty Pleasure».
– Me seier at me må kasta nokre pølser på grillen fordi ungane vil ha det, men me synest jo det er godt sjølv òg. Det same med burgarar.
– Men så kan me jo òg putta på litt meir spennande toppingar, så det ser litt «fresht» ut, legg ho til.
OppskriftPølsefest til 17. mai Enkel
OppskriftBurgar med karamellisert lauk og rosa dressing Middels
OppskriftGrilla laks med grilla kål og grøn saus Middels vegetar
Medan me ventar
Treng du noko kjapt og enkelt, har Lise den perfekte dippen som òg er enkel å ta med til selskapet du skal i.
– Det er dritenkelt, og det ser kult ut. Det handlar jo litt om presentasjon òg.
– Og viss du ikkje likar rogn, kan du berre køyra på med ein eller annan ost du likar.
OppskriftLise Finckenhagens ventedipp Enkel glutenfrivegetar
OppskriftSmørsteikt surdeigstoast med rekerøre Enkel vegetar
Me må jo ha dessert
Finckenhagen skjønar at folk kan bli stressa av matlaging i finstasen.
– Eg merkar jo at det er litt vanskelegare å laga mat når eg har pynta meg. Då er det lurt å få gjort unna piskinga og ting du veit at sprutar og søler på førehand.
– Eit godt forkle trur eg er lurt!
OppskriftPavlova med sjokolade og bær Middels
– Blir det tid til å markera 17. mai sjølv i år då?
– Nei, det trur eg kanskje ikkje det blir, men det er jo kjempestas å få stå midt på slottsplassen og få sjå barnetoget, smiler ho og legg til:
– Dette er jo den ultimate 17. mai-feiringa. Eg føler at eg har fått den beste festen.