– Det er ganske ekstremt etter dagens standard å måtte møte opp fysisk med pass og diverse, for så å skrive under på eit papir som sannsynlegvis ingen kjem til å sjå på igjen.
Det seier Christer Jenssen.
Då han flytta frå Trondheim til Stockholm i 2018, gløymde han å seie opp medlemskapet på treningssenteret 3T.
Etter ei stund innsåg Jenssen at han framleis betalte for eit treningsabonnementet i Trondheim, og ringde til 3T for å seie det opp.
– Men eg fekk klar beskjed om at det ikkje var noko dei kunne hjelpe meg med, med mindre eg møtte opp fysisk.
Av omsyn til personven vil ikkje 3T kommentere enkeltmedlemmar sine kundeforhold eller enkelthendingar.
Men marknadssjef Monica Berg Stothard kommenterer deira generelle rutinar:
– Digital oppseiing har vore ein service vi har tilbydd i mange år, og rundt halvparten av alle våre oppseiingar skjer digitalt, skriv ho i ein e-post til NRK.
Les svaret hennar lenger ned i artikkelen.
Måtte reise til Trondheim
For å seie opp treningsabonnementet sitt, blei Jenssen nøydd til å reise til Trondheim og sette av ein halv dag for å ordne det.
– Eg måtte ta med pass og kortet som blei brukt til betaling som dokumentasjon for å kunne seie opp abonnementet.
Jenssen fortel at han i etterkant har vore medlem på treningssenter der det har vore mogeleg å avslutte medlemskapet digitalt.
– Noko som burde vore standard, særleg sidan folk flyttar på seg og kanskje får eit anna treningssenter nærmare.
– Kva trur du er årsaka til at det er sånn, og ikkje kan løysast digitalt?
– Det skuldast nok eit eller anna regelverk frå tidlegare som framleis heng igjen, eller som blir brukt som grunngjeving for å oppretthalde denne praksisen, svarar Jenssen.
– Det er også mogeleg at eigarane tener litt ekstra på at folk må møte opp fysisk. Og at nokon rett og slett gløymer det, etter å ha fått beskjed om at det ikkje kan løysast på avstand, legg han til.
– Gjer det ikkje så enkelt å seie opp
– Det er ei moderne bedrift som tenker at dei skal effektivisere seg, men akkurat på dette så effektiviserer dei seg ikkje.
Det seier Inge Johnsen. Då han skulle seie opp abonnementet sitt på treningssenteret 3T i Trondheim, viste det seg å vere vanskelegare enn han hadde trudd.
– Dei gjer det ikkje så enkelt å seie opp, så det blir som ei lita treningsøkt å seie opp treningsabonnementet.
For Johnsen fekk ikkje til å seie opp abonnementet over nett – han måtte møte opp fysisk på treningssenteret.
– Eg blei litt forundra over det, og måtte ironisere det litt, seier Johnsen som la ut ein innlegg på Facebook om opplevinga.
Då kommenterte fleire om likande opplevingar. Ei av dei er Karina Gjellien som seier at ho blei støttemedlem i nokre månader, fordi ho måtte møte opp fysisk.
– Tanken var jo at eg skulle dit å seie opp, men det blei utsett i nokre månader fordi eg anten gløymde det då eg allereie var ute, eller ikkje var i form til å kome meg ut.
Endra vilkåra for å avslutte medlemskapet
Etter at Johnsen publiserte innlegget om 3T på Facebook har treningssenteret endra det som står på nettsidene sine, om korleis medlemmane kan seie opp abonnement sitt.
– Vi blei gjort merksame på at informasjon om oppseiing var formulert tvitydig på nettsidene våre. Det beklagar vi.
Det svarar Monica Berg Stothard, marknadssjef i 3T, i ein e-post til NRK.
– Vi oppdaterte derfor informasjonen for å gjere det tydelegare og enklare å forstå for medlemmane våre, forklarar ho.
Før stod det mellom anna at oppseiinga «må signeres ved personleg oppmøte i resepsjonen». Det står det ikkje lenger på nettsida til treningssenteret:
– Digital oppseiing har vore ein service vi har tilbode i mange år, og rundt halvparten av alle oppseiingane våre skjer digitalt.
NRK har spurt 3T kvifor, og om kva dei tenker om at medlem har fått beskjed om å møte opp fysisk for å seie opp, trass i at dette skal ha vore mogeleg å gjere digitalt.
– Vi har også minne dei servicetilsette hos oss om gjeldande rutinar, slik at medlemmane våre skal få lik og tydeleg informasjon uavhengig av kven dei er i kontakt med.
– Målet vårt er at det skal vere enkelt å få hjelp, anten ein ønsker å vere medlem hos oss eller avslutte medlemskapen sin, legg ho til.
Forbrukarrådet: – Det framstår som svært bakvendt
Trass i at treningssenteret no har endra kva som står på nettsidene sine, er det delar av oppseiingsrutinane forbrukarrådet reagerer på:
– Det framstår som svært bakvendt at «oppsigelse er gyldig ved mottatt bekreftelse fra 3T», som selskapet sjølv skriv.
Det skriv Thomas Iversen, juridisk seniorrådgjevar og fagsjef i Forbrukarrådet, i ein e-post til NRK.
Han meiner treningssenteret burde fjerne eller justere dette vilkåret.
– Ved sjukdom eller fråvær hos tilsette på senteret vil kundar i praksis kunne oppleve at oppseiinga ikkje blir gyldig før neste betalingsperiode trer i kraft.
– Eit slikt oppseiingsvilkår vil fort vere urimeleg å nytte i standardavtalar med forbrukarar, legg han til.
Stothard i 3T seier til NRK at dei opptrer i samsvar med lovar, reglar og rettleiar for bransjen. Ho forklarar at senteret registrerer oppseiingar manuelt og at månaden du seier opp, er siste månaden trekket går.
– Vi registrerer oppseiinga den dagen vi mottok ho, ikkje den dagen vi ser ho. Det er ikkje for å utsette perioden, men dette er avslutting av ein avtale og bekrefting på det må sendast skriftleg tilbake.
For ordens skuld: NRK sin journalist betaler medlemskap for å trene på 3T. Vedkommande har hatt treningsabonnement på treningssenteret sidan våren 2023.