– Det å springe maraton nå er veldig glorifisert. Veldig mange skal gjere det. Men det er ei utruleg tøff påkjenning for kroppen. Eg trur veldig mange undervurderer det.
28 år gamle Odin Sørensen Tranås joggar i roleg tempo på veg mot Bakklandet i Trondheim. Han er kledd i svart treningsgenser og shorts og har kvite, raude og turkise sko på beina.
– Nå er det Oslo halvmaraton om tre veker. Så eg har trena godt i sommar.
Odin jobbar i bank, og spring fire–fem gonger i veka.
– Eg trenar vel seks til sju–åtte timar løping i veka, pluss styrketrening.
Odin begynte å jogge som ein del av det han kallar ei kvartlivskrise.
Han likte eigentleg ikkje løping da han var yngre, men det endra seg på slutten av bachelorstudia. Nå er joggeturane høgdepunkt i veka.
– Eg er jo ikkje så glad i å sitte stille for lenge, så det å få vere ute og bevege meg og kjenne litt på puls og pust, gir meg eit fint endorfinløft.
Med meir løpetrening har det også blitt fleire og fleire konkurransar. 5- og 10-kilometer og halv- og heilmaraton. Han debuterte på maraton i Barcelona i fjor.
– Eg trena bra, men forstod ikkje verkeleg kor tøff ein maraton er før eg passerte kilometer 30. Eg undervurderte kanskje litt kor hardt det faktisk er å springe fire mil.
I vår sprang han maraton i Roma, utan at erfaringa frå debuten hjelpte stort.
– Det viser seg at eg lærte cirka ingenting på eitt år, for eg fekk akkurat same knekken. Eg opna veldig hardt, og kjente eigentleg etter sju km at det her blir tungt og langt.
Menn i eigen klasse
Det er nettopp denne knekken forskarar har sett nærare på. Dei samla resultata frå nesten 900.000 løparar som fullførte Berlin maraton mellom 1999 og 2025, og nå er forskinga publisert i Scientific Reports.
Dei definerte det å møte veggen som at løparane gjekk ned 20 prosent i fart frå første til andre halvdel av maratonen.
Resultatet? Jo, 18 prosent av mennene møtte veggen. Berre 10 prosent av kvinnene gjekk på den same smellen.
Forskarane har ikkje sett på dei som braut undervegs. Derfor vil resultata for kor mange som sprekk, sannsynlegvis vere høgare.
Det å møte veggen er mest vanleg blant dei som spring sakte, men forskjellen mellom menn og kvinner blir berre større desto fortare dei gjennomfører løpet.
– Eg forventa at trening og erfaring ville flate ut forskjellen mellom dei beste. I staden blei forskjellen større, seier forskar Aldo Seffrin.
Metaforen som treffer
Odin forklarer korleis det kjennest.
– Det er litt som om lufta går ut av ballongen. Du blir litt tung, du søkk litt saman. Du er jo ute og det er veldig mange folk rundt deg som regel, så du mistar litt piffen. Det er ein metafor med at du treffer veggen, men det kjennest jo faktisk ut som du krasjar.
Ola Sakshaug er trenar for friidrettshåpet Håkon Moe Berg og fleire andre talent i Team Trøndelag.
Han er sjølv ein del av statistikken til forskinga frå Berlin maraton.
– I Berlin har eg både hatt storsmellen etter 32 km, og eg har persen min på 2 timar og 24 minutt.
Han trur den eine grunnen til at menn sprekk oftare enn kvinner, er at dei har litt for høg sjølvtillit og opnar for hardt.
– Det er ofte sånn, når gutar er små står dei og pissar og ser kven som pissar lengst og sånn. Det gjer ikkje jentene. Eg trur gutane ofte er litt meir konkurransemenneske, og er litt overambisiøse.
Det same er forskarane bak studien inne på.
Ei av dei andre forklaringane deira er at kvinner forbrenner feitt på ein annan måte enn menn, som kan gjere at dei har litt meir energi til den siste halvdelen av løpet.
– Men vi kan ennå ikkje seie kor mykje som kjem av åtferd, og kor mykje som kjem av fysiologi, seier Seffrin.
– «Testoet» tar over
Annik Bjørndal er med og arrangerer Nordmarka Skogsmaraton.
Ho seier at dei fleste som startar på maraton der, er godt trena og har ein plan.
Dei som spring halvmaraton, altså 21 km, dei er det verre med.
– Der kjem jo dei som er vane med ein 10 kilometer eller 5 kilometer. Så er det «testoet» som tar over. Det er menn, 25 til 30, som skal vise at dei er best i verda. Og så gønnar dei på så inn i granskogen.
Bjørndal seier mange også gløymer å drikke undervegs.
– I år hadde vi ein bråte med folk som rett og slett berre segna om.
Meiner ingen er trygge
– Å møte veggen er eit problem skapt av farta, ikkje av at du har trena for lite. I våre data blei ikkje menn verna av å vere godt trena eller erfarne. Så ingen bør rekne med at dei er trygge, seier forskar Seffrin.
Forskaren og trenar Sakshaug har nokre klare råd for dei som vil unngå den store smellen:
- Start løpet i rett fart, gjerne saktare enn du har lyst til. Dei første 5 til 10 kilometrane bør kjennast for lette ut.
- Vel fart ut frå nylege resultat, ikkje tida du håpar å klare det på.
- På førehand bør du ha trena på å halde farta du skal ha under løpet.
- Du bør også øve på å ta inn næringa og drikken som skal til under eit løp, sånn at du ikkje må improvisere undervegs.
Sjølv om mange opplever å gå på ein smell på ein maraton, er ikkje det nokon grunn til å la vere å melde seg på, ifølge Sakshaug.
– Det å ha fullført ein maraton, det unner eg alle. For det er ei stor meistringskjensle i seg sjølv. Der har eg hatt både vonde opplevingar og dei beste opplevingane. Og sånn er det jo gjerne.
Odin Sørensen Tranås har allereie planen klar for maratonen neste år.
– Neste gong, da skal vi klare det!