Terrengløp blir stadig meir populært i Noreg.
Det blir berre fleire og større løp kvart år.
Lofoten Skyrace er eit av løpa som sidan oppstart i 2019 har fått fleire distansar og deltakarar.
Då var det litt over 150 påmelde. I år var det rundt 2500.
Der traseane har gått i år, har stien fleire plassar vore nedslite før sjølve løpet starta.
Opp Delpsheia, den første delen av den 42 km lange distansen, er stien både brei og gjørmete.
Det overraskar ikkje seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking, Marianne Evju.
– Ferdsel heile året vil slite på stiane, men eit terrengløp vil kunne gje kraftig auking av slitasje, seier Evju.
I motsetning til gateløp, er det litt enklare å arrangere eit fjelløp. I realiteten treng du eigentleg berre ei godkjenning frå grunneigarane.
Av og til seier grunneigarane nei til slike arrangement. Som tidlegare i år, då det blei sat ein stoppar for fjelløpet Lofoten 880.
Men fleire kommunar skulle gjerne også hatt moglegheit til å kunne forby eller be arrangørane om å endre trasé, om dei meiner eit terrengløp vil vere ei før stor belastning på stiane.
Fritt fram
Ein av dei er fungerande ordførar i Vågan kommune, Marit Olsen.
– Vi er heldige at dei arrangørane som er her i dag gjev mykje tilbake og at vi har ein god dialog. Men kva skjer den dagen det kjem nokon som ikkje bryr seg. No er det goodwill som gjer at vi får komme med innspel, seier Olsen.
–
Den usikkerheita har også andre kommunar kjent på.
Både i Rauma og Stranda kommune arrangerast det terrengløp.
I Åndalsnes går ein rekke terrengløp som Isfjorden Skyrace og Romsdalseggenløpet.
– Vi har løyst det meste med god dialog, men den dagen det ikkje går, hadde det vore kjekt å ha myndigheit til å kunne avlyse eller be dei endre trasé.
Det seier Yvon Wold, ordførar i Rauma.
Også Einar Arve Nordang, ordførar i Stranda kommune, seier at til no har det vore god dialog med arrangørane.
– Eg ser veldig godt problemstillinga, men til no har vi ikkje hatt denne problemstillinga.
Men i Vågan ser dei no at stiane i traseane til Lofoten Skyrace er slitne.
– Vi er ikkje imot løp eller slike arrangement. Men vi manglar verktøya for å kunne gjere noko med det dersom slitasjen på naturen blir for stor, seier varaordførar Marit Olsen.
– No står vi berre og ser på at stiane blir øydelagde. Vi treng meir kunnskap om kor slitasjen er størst og korleis vi kan hindre meir slitasje. Kanskje må vi leggje om eit løp. Kanskje kan vi få makt og myndigheit til å stoppe eit løp ved høve.
Arrangørane av det populære fjelløpet i Lofoten seier de tar forholdsreglar, og at omsyn til naturen alltid vil stå sentralt.
– Vi er klar over at enkelte parti opp mot Delpsheia er utsett for slitasje. Nettopp derfor har vi dei siste åra jobba aktivt med å utbetre og legge om stiar bort frå dei mest sårbare områda der det er mogleg, skriv dei i ein e-post til NRK.
Kan bli stor slitasje
Stiar kan tole stor belastning om dei er tørre og flate.
Motsett, kan dei tole lite om dei er våt og bratt.
Som under Lofoten Skyrace i 2024.
– Utan at eg kjenn akkurat til dei stiane, er det ofte at bratte stiar har lett for å bli sliten då jorda er lett å flytte på, og dette er vel litt typisk Lofoten trur eg, seier seniorrådgivar Marianne Evju.
Evju påpeiker også at det er totalbelastninga som spel inn.
– Det kjem som sagt an på underlag, kor våt stiane er og vêret dagane før og under sjølve løpet.
Arrangørane av Lofoten Skyrace seier at dei ønsker å bidra tilbake til lokalsamfunnet for å minimere slitasje.
– Overskot frå arrangementet går mellom anna til vedlikehald og utvikling av stiar, og vi har bidratt til finansiering av omfattande tiltak som klopper, sherpatrapper, steinsetting og andre utbetring som kjem alle turgåarar til gode, heile året, skrive dei.