Kjetil Maudal og Andreas Vollsund
Kjetil Maudal og Andreas Vollsund Foto: Vebjørn Olsen

Kommune-struktur/samanslåing. Berre ordet får mange politikarar til å grøssa, dette snakkar me berre ikkje om, punktum finale.

Det som eg stussar mest på, er kvifor nokre lokalparti så radikalt endrar sitt syn på spørsmålet om strukturendringar så snart dei blir ein del av eit styringsfleirtal, og kvifor vert desse usynlege kommunegrensene plutseleg er så heilage når ein kjem innafor rådhusdørene, sjølv om partia til fleire av representantane sentralt står for ein fornuftig og nødvendig berekraftig samfunnsutvikling.

Sjølv var eg ein delvis aktiv lokalpolitikar rundt siste århundreskifte, og mi oppleving var den same då, så dette må jo etter kvart oppfattast som fastgrodde lokale politikarkulturar, der patriotisme framfor realisme i stor grad får dominere.

Under ein kommunevalkamp for nokre år sidan så spurde eg ein kommunestyrekandidat frå Sp om kommunegrensene var viktigare enn jordvern – svaret var sjokkerande nok ja.

Langt tilbake i tid, då nåverande kommunegrenser vart teikna så var landbruk den dominerande næringa. Dei industrielle verksemdene saman med tilhøyrande bustadutvikling vaks etter kvart opp rundt desse landbruksområda utan at ein såg om kommunegrensene burde vore justert samstundes.

Ungane som den gong vaks opp i landbruksområda og i dei nye bustadfelta, vart sjølvsagt splitta grunna grensene, dei gjekk på kvar sine skular i sin kommune, men på fritida hadde dei som oftast fellesskap innafor organisasjonslivet på tvers av grensene.

Politikarane på den tida var tydelegvis heller ikkje interessert i å slå saman kommunane eller alternativt flytte grenser, eg trur rett å slett at dei i likskap med mange av dagens lokale politikarar ikkje såg dei langsiktige konsekvensane av å ikkje gjere noko med dette.

Men med framtidas utfordringar i høve til arealknappheit for bustad og næringsutvikling på Jæren og Nord-Jæren så skyver ein nå føre seg ein heilt nødvendig strukturendring, det er etter mi meining status quo-politikk utan visjonar for framtidas oppveksande generasjonar med tilhøyrande mattryggleik.

  • Ytterleg vekst der ein konkurrerer om innbyggarar og næring i regionen, fører berre til at taparen til slutt blir natur og landbruk, altså dei viktige grøne verdiane som me er så avhengige av.
  • Me har så mykje til felles at eg trur at ei felles framtid i større kommunar har fleire positive enn negative sider, sjølv om eg veit at ikkje alle delar den påstanden med meg, men slik er demokratiet.

Eg oppfordrar uansett nåverande og framtidige lokalpolitikarar til å sjå framover i ein litt lenger tidshorisont, og bidra til ei fornuftig og berekraftig samfunnsutvikling, også for alle dei som ikkje bur i nærleiken til sentrumsområda og rådhuset.

Det er difor etter mi meining heilt feil å gå i skyttargrava når kommunenaboar spør om ein prat.