– Klepp og Hå kan dela på Time, så blir me kvitt det maset, sa Hå-ordførar Andreas Bjorland – og hausta god stemning rundt formannskapsbordet.
– Klepp og Hå kan dela på Time, så blir me kvitt det maset, sa Hå-ordførar Andreas Bjorland – og hausta god stemning rundt formannskapsbordet. Foto: Håvard Ovesen

Administrasjonen i Hå kommune har lagt fram årsmelding og årsrekneskap for 2025. Kort oppsummert står det godt til, i alle fall økonomisk: Kommunen enda med eit årsresultat på 85 millionar kroner.

Det svarar til 3,9 prosent av driftsinntektene – ein god del høgare enn dei 1,75 prosentane som er målet i kommuneplanen.

Hå er framleis ein av kommunane i fylket med lågast skatteinntekter per innbyggar. Grunnen til at kommunen likevel endar opp med eit såpass godt resultat er, ifølge kommunedirektøren, god økonomistyring i tenesteområda, i tillegg til meir inntekter enn venta, både frå eigeninntekter, tilskot og refusjonar.

– Det er godt, ingen tvil om det, sa varaordførar Svein Arve Nygård (Frp) då formannskapet diskuterte årsmeldinga.

Spark til Vollsund

Varaordføraren hadde merka seg at òg dei andre kommunane på Jæren har gjort det betre enn venta.

– Dei gode resultata viser kor viktig det er når enkeltkommunar kan samarbeida på enkelte område og konkurrera på andre, sa han.

For dei som har vondt for å lesa mellom linjene la Nygård til:

– Det der var eit spark til Andreas Vollsund.

Vollsund er ordførar for Høgre i Time og ein uttalt tilhengar av kommunesamanslåing. Seinast denne helga hadde han eit lesarinnlegg i Jærbladet, der han hevda at tida er mogen for å ta ein ny diskusjon om kommunesamanslåing.

Time-ordføraren sine argument var blant anna reduserte administrasjonskostnadar og meir heilskapleg arealplanlegging og -utvikling.

Vollsund har var ute i media med same utspel seinast i vinter.

I formannskapet i Hå fekk han støtte av Høgres Trond Knutsen, som viste til at òg Sandnes og Stavanger, som er mykje større kommunar, gjorde det godt økonomisk.

Grensejustering

Ordførar Andreas Bjorland (KrF) var skeptisk til argumentet. Han meinte det er lite som tyder på at dei økonomiske fordelane ved kommunesamanslåing har vore store. Bjorland viste òg til konsulentfirmaet Agenda Kaupang si rangering av det dei meiner er dei økonomisk best styrte kommunane i landet.

Ingen av dei ti kommunane øvst på fjorårets liste (Klepp kom på 4. plass og Hå på 5.) er spesielt store. Konsulentane har berre funne ein svak samanheng mellom kommunestorleik og kvaliteten på tenestene som blir levert.

– Me ser ikkje at innsparinga slår til, meinte Bjorland i formannskapet.

Med eit lurt smil sa han at han hadde funne det som kunne vera ei løysing på Vollsund sitt «mas» om samanslåing.

I staden for samanslåing føreslo Bjorland å opna for ei grensejustering.

– Klepp og Hå kan dela på Time, så blir me kvitt det maset, sa Bjorland og hausta stor latter rundt formannskapsbordet.

Då låtten la seg, rykka Knutsen ut for å forsvara partikameraten i nordaust.

– Det er ikkje tvil om at me kan ha behov for ytterlegare samarbeid i enkelte sektorar, til dømes barnevernet. Her er me litt meir sårbare som kommune, sa Knutsen – før Bjorland endeleg fekk pensa diskusjonen tilbake på årsmelding og rekneskap.