Grunnarbeida for datasenteret på Undheim er kome langt. Nå ligg det an til at Green Mountain får kommunen med på å også bygga høgdebasseng. Men vil selskapet ta heile rekninga?
Grunnarbeida for datasenteret på Undheim er kome langt. Nå ligg det an til at Green Mountain får kommunen med på å også bygga høgdebasseng. Men vil selskapet ta heile rekninga? Foto: Nora Sevland

– Green Mountain har aldri hatt noko godt rykte her i kommunen, seier Tarald Magne Oma, gruppeleiar for Senterpartiet i Time kommunestyre.

– Dei er ofte forbunde med press, ei splitta bygd og naboar som ikkje kan snakka saman på Kvernaland. Sånn må det ikkje bli på Undheim, seier Oma.

- Green Mountain har ein jobb å gjera med å bygga tillit. Her kan dei visa om dei vil det, meiner Tarald Magne Oma, gruppeleiar for Senterpartiet i Time.
- Green Mountain har ein jobb å gjera med å bygga tillit. Her kan dei visa om dei vil det, meiner Tarald Magne Oma, gruppeleiar for Senterpartiet i Time. Foto: Foto: Privat

Før kommunestyremøtet onsdag ettermiddag, som skal behandla spørsmålet om høgdebasseng i tilknytning til Green Mountain sitt komande datasenter på Undheim, jobbar Sp-leiaren saman med Venstre med det dei håpar blir eit breitt fellesframlegg:

– Dette framlegget inneber at Green Mountain dekker heile kostnaden med å bygga høgdebasseng på 2.000 kubikkmeter, altså at dei òg betaler for byggetrinn 2. Det vil vera ein grei måte å visa at dei verkeleg ønsker å bygga tillit, meiner Oma.

Framlegget vil i alle fall ha støtte frå Venstre, Høgre, KrF, og fleirtalet i Senterpartiet, etter det han veit. Det sikrar eit sterkt fleirtal.

Green Mountain sitt initiativ

Initiativet om å bygga høgdebasseng kom frå Green Mountain andre veka i februar.

Framlegget var å etablera eit høgdebasseng med kapasitet på inntil 1.000 kubikkmeter, som kommunen skal driva, i staden for at selskapet forsyner sprinklaranlegget ved datasenteret frå eiga tomt. 350 kubikkmeter skal bli sett av til reservekapasitet for brannvatn i næringsområda.

Viss kommunen skulle ønska eit høgdebasseng med større kapasitet enn 1.000 kubikk, må kommunen kosta dette sjølv. Prosjekteringa vil bli for to høgdebasseng, kvar på 1.000 kubikk, heiter det i framlegget.

Formålet med intensjonsavtalen, ifølge Green Mountain, er å legga til rette for samarbeid for å sikra fleire ting:

Drikkevatn i periodar med lite vatn, trykk i vassleidningsnettet når straumen er borte, vassforsyning i eit område med aktivt landbruk, kommunal beredskap og samfunnssikkerheit – og til slutt brannvatn for planlagt og framtidige næringsområde.

Det har vore mykje anleggstrafikk i området rundt datasentertomta i vinter. Her frå ein formiddag då anleggsfolk stansa trafikken før sprenging.
Det har vore mykje anleggstrafikk i området rundt datasentertomta i vinter. Her frå ein formiddag då anleggsfolk stansa trafikken før sprenging. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

- Må vera ferdig før julaftan

Green Mountain har hatt det travelt før, og har det også nå, ifølge framlegget frå februar:

«Høydebassenget med tilhørende infrastruktur må være ferdigstilt og operativt innen 24. desember 2026. Dette er nødvendig for å sikre tilstrekkelig vannmengde før testing og idriftsettelse av anlegget. Manglende oppnåelse av disse fristene anses som kritisk for prosjektets gjennomføring.»

Administrasjonen i Time behandla saka i rekordfart.

Éin månad etter initiativet frå selskapet, sist onsdag, ga formannskapet tilslutning til kommunedirektørens utkast til intensjonsavtale. Sju stemte for, to (Ap og SV) imot.

Motstandarane meiner saka kom brått på, og at kommunen behandlar ho fordi Green Mountain ber om det, ikkje fordi betre vasstryggleik og beredskap står øvst på kommunens agenda.

Saka kom brått på, og initiativet er Green Mountain sitt, påpeikte SVs Beate Aasen Bøe, til venstre, og Arbeidarpartiets Karen Hognestad Liland.
Saka kom brått på, og initiativet er Green Mountain sitt, påpeikte SVs Beate Aasen Bøe, til venstre, og Arbeidarpartiets Karen Hognestad Liland. Foto: Foto: snorre Standish Norheim

Dyrare å venta

Det nye høgdebasseng på Skjæret er tenkt plassert i vindmølleparken, nær inntil dagens vindturbinar og anleggsveg, 275 meter over havet.

Ifølge sakspapira har kommunen fått opplyst at det vil kosta 2,5 millionar kroner viss byggetrinn 2 blir bestilt samstundes med byggetrinn 1. Prisen vil stiga til rundt 7-7,5 millionar kroner viss ein skal setja byggetrinn 2 ut i livet seinare.

Vedlikehald av høgdebasseng er enkelt, ifølge kommunen. Dei årlege driftskostnadane for kommunen vil bli mellom 100.000 og 200.000 kroner i året.

- Lite pengar i stort sluk

Onsdag ettermiddag skal kommunestyret landa saka. Fleirtalet er for å satsa på samarbeidsprosjektet.

Ifølge Tarald Magne Oma vil minst tre av Senterpartiet sine fire representantar stemma for høgdebasseng-samarbeidet med ei skjerpa forventning til Green Mountain.

– Det vil vera merkeleg om selskapet ikkje går med på det. For i det store sluket er dette veldig lite pengar, men det betyr noko for å opparbeida tillit, meiner Oma.

Inviterte selskapet til partimøte

Sjølv snakka han med regionsjef Stig Erlend Eidså og ein kollega måndag i denne veka, på Senterpartiets gruppemøte. Dei kom på invitasjon frå partiet, ifølge Oma.

– Det var ting me syntest var uklart, om infrastrukturen rundt og kven som tar seg av å kopla den til nett, korleis dette med deira 350 reserverte kubikk skal fungera, og kvifor dei ikkje bruker si eiga tomt.

Svaret på det siste var ifølge Oma at kostnaden vil bli nesten den same, anten dei bygger på eiga tomt eller høgare.

– Men viss dei bygger høgare oppe, får vatnet fritt fall, og det er bra, også for Time kommune, seier Senterparti-politikaren, som også er bonde.

- Godt for beredskapen

Høgdebassenget er eit svært godt tiltak for kommunens beredskap, og særleg for dei som driv husdyrproduksjon, meiner han.

– Dei øvst i bygda har ikkje vatn viss dei ikkje har straum. Utan vatn går det ikkje mange timar før det er krise viss ein driv stor husdyrproduksjon, seier Oma.

Han viser til ei fersk undersøking frå landbrukspartnerskapet i Rogaland som tyder på at over halvparten av dei som driv med svin, fjørfe eller mjølk, manglar naudstraumsaggregat. 68 prosent har kommunalt vatn som hovudkjelde for vatn. 40 prosent seier dei ikkje har tilgang til alternativ vasskjelde, ifølge NRK.

Kommunen ville prioritert Kvernaland

Time kommune treng fleire høgdebasseng enn dei fire som finst. Skjæret ville ikkje ha vore den prioriterte plassen viss kommunen sjølv skulle tatt initiativet. Ifølge saksframlegget hadde kommunen «ideelt sett» valt ei anna plassering i Time om kommunen skulle ha finansiert eit nytt høgdebasseng i eigenregi.

Sånn er det, seier også Tarald Magne Oma. Kommunen ville ha prioritert Kvernaland/Fjermestad, trur han.

- Men viss me ikkje brukar pengar på høgdebassenget på Undheim, kan me bygga som planlagt i vann- og avløpsplanen utan forsinkingar, seier han.

Jærbladet har kontakta Green Mountain, men har ikkje høyrt tilbake før publisering.