Datasenteret på Undheim treng store mengder sløkkevatn, og ser nå til Time kommune.
Datasenteret på Undheim treng store mengder sløkkevatn, og ser nå til Time kommune. Foto: Nora Sevland (arkiv)

I formannskapet på onsdag la kommunedirektør Trygve Apeland fram eit utkast til ein intensjonsavtale med Green Mountain om eit felles på Skjæret.

Han finn at det er god samfunnsnytte i å bygga meir beredskap inn i kommunen si vassforsyning, men ikkje alle dei folkevalde var samde i at eit samarbeid med Green Mountain er rette vegen å gå.

Karen Hognestad Liland (Ap) synest ikkje det er rett at innbyggarane skal vera med og sikra sløkkevatn til eit selskap som Time Ap ikkje vil ha noko med å gjera.

I fjor sommar ville partiet ha ordføraren med på erklæra Green Mountain og eigarane frå Israel, uønskte i Time kommune.

Kjapp saksgang

I veke sju kontakta selskapet Time kommune med ein førespurnad om å etablera eit større høgdebasseng, som kommunen skal driva, i staden for at selskapet forsyner sprinklaranlegget frå eiga tomt.

Eit nytt høgdebasseng på Skjæret er tenkt plassert i vindmølleparken nær inntil eksisterande vindmøller og anleggsveg. Ny straumforsyning til datasenteret vil gå rett forbi, og ein kan nytta felles trase for ny vass- og straumforsyning.

Den kjappe saksgangen gav Tarald Magne Oma (Sp) ein bismak. Green Mountain og korte tidsfristar har vore ein gjengangar i Time dei seinaste åra, både på Kalberg og på datasentertomta langs Undheimsvegen.

I forkant av formannskapsmøtet hadde Oma sendt inn to spørsmål som administrasjonen svarte på tidleg i møtet. Svara gjorde at han ville seia ja til førespurnaden.

Ikkje heilt ideelt

Leiaren for kommunalteknikk, Ole Bjørn Maråk, har i saksframlegget opplyst at kommunen «ideelt sett» hadde valt ei anna plassering i Time om kommunen skulle ha finansiert eit nytt høgdebasseng i eigenregi.

Green Mountain ønsker å bygga eit høgdebasseng med ein kapasitet på 1000 kubikk. Ved ein brann på datasenteret vil dei ikkje trenga meir enn 250 til 350 kubikk sjølv.

– Det vil alltid vera ein ledig kapasitet på 650 som vil dekka område me ikkje greier å dekka i dag, forklarte Mårak.

Utan store ombyggingar kan bassenget auka beredskapen for jordbruket på Risa (i Hå), Garborg, Lende, Undheim og Skjæret.

Bassenget vil òg ligga høgt nok til å kunna forsyna eit større område med Vestly og Bryne, men det føreset at kommunen investerer millionbeløp i ein ny vassleidning mellom frå Mossige til Fosse.

Leiaren for kommunalteknikk, Ole Bjørn Maråk, meinte tilbodet var godt til å seia nei til
Leiaren for kommunalteknikk, Ole Bjørn Maråk, meinte tilbodet var godt til å seia nei til Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Tydeleg tale

Maråk sa at kommunen nok har større utfordringar på Kvernaland og Lye, men at det alltid er ønskeleg å bygga inn meir beredskap i vassforsyninga – anten det er til datasenter, landbruk eller private hushaldningar.

– For oss er det ikkje eit anten–eller mellom eit høgdebasseng på Fjermestad/Lye, eller på Skjæret, men eit både–òg. Når me får det såpass rimeleg som me gjer i dette tilfellet, sjølv om me må stå for drifta, vurderer me at ville vera dumt å seia nei til samarbeidet.

Kommunen har fått ein opsjon på å utvida kapasiteten med ytterlegare 1000 kubikk, og betala 2,5–3 millionar kroner nå i 2025.

Dersom kommunen vel å utvida kapasiteten på eit seinare tidspunkt, står det i saka, vil kostnaden auka med 7–7,5 millionar.

Både Maråk og kommunedirektøren presiserte seinare at kostnaden for eit heilt nytt basseng, plassert på ein stad utan infrastruktur, ville vera langt høgare.

Beate Aasen Bøe og Karen Hognestad Liland sa tydeleg nei til framstøyten frå Green Mountain.
Beate Aasen Bøe og Karen Hognestad Liland sa tydeleg nei til framstøyten frå Green Mountain. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Såg bort frå firmanamn

Karen Hognestad Liland og Ap fekk støtte frå Beate Aasen Bøe (SV), som meinte saka kom brått på.

– Eg opplever at ein argumenterer sterkt med vasstryggleik og beredskap for å få dette i mål, men først og fremst er det fordi Green Mountain ber om dette høgdebassenget at me vil ha denne saka. Ikkje fordi me vil betra vasstryggleiken og beredskapen.

Synet møtte motbør – frå Anders Undheim (KrF), Ole Jørgen Alstadsæter (H), Andreas Vollsund (H) og Gaute Stokka (Frp).

I tur og orden oppmoda dei om å skilja mellom Green Mountain og datasenteret, som noko for seg, og høgdebassenget.

– Eg ser vekk frå firmanamnet og støttar innstillinga 100 prosent, sa Stokka.

Eit fleirtal på sju av ni i formannskapet røysta for å seia ja til intensjonsavtalen, som skal vidare til kommunestyret.

Over påske kjem ei sak administrasjonen har førebudd i lengre tid, om beredskap, der vassforsyning blir eit viktig tema.