Bjørn Ståle og Silje Bekkeheien på scenen under årsmøtemiddagen på årets Bondeting.
Bjørn Ståle og Silje Bekkeheien på scenen under årsmøtemiddagen på årets Bondeting. Foto: Norges Bondelag

Bjørn Ståle og Silje Bekkeheien frå Bekkeheien i Hå har fått årets God Bonde-pris, som blir delt ut av Norges Bondelag og Landkreditt til bønder som gjer ein særleg innsats for helse, miljø og tryggleik – og for psykisk helse – i landbruket.

Prisen blei delt ut onsdag kveld, under årsmøtemiddagen på årets Bondeting på Lillehammer.

– Viser kva naboskap og engasjement betyr

Dei to bøndene frå Nærbø-sokna blir heidra for godt HMS-arbeid på eigen gard, men også for noko som betyr mykje for mange i landbruket: Å samla folk, skapa rom for samtalar og byggja eit miljø der bønder kjenner seg sett.

Jurymedlem og leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, seier i ei pressemelding at prisvinnarane er viktige førebilete.

– Bjørn Ståle og Silje viser kva godt naboskap og ekte engasjement kan bety i landbruket. Dei skaper stoltheit, samhald og møteplassar som gjer kvardagen betre for folk rundt seg. Dei ser menneska bak drifta, og dei tek ansvar på ein måte som fortener stor respekt, seier Gimming.

Glade for prisen

Bjørn Ståle og Silje Bekkeheien gjev i den same pressemeldinga uttrykk for at dei set stor pris på å bli heidra.

Silje og Bjørn Ståle Bekkeheien frå Hå med beviset på at dei har fått den nasjonale God Bonde-prisen.
Silje og Bjørn Ståle Bekkeheien frå Hå med beviset på at dei har fått den nasjonale God Bonde-prisen. Foto: Foto: Norges Bondelag

– Det er veldig gildt å få ein pris, seier Bjørn Ståle.

Silje seier at arbeidet med å samle folk er noko dei står saman om.

– Dette er eit prosjekt vi er saman om. Bjørn Ståle elskar å prata med folk, eg òg, og så tek eg meg av mykje av organiseringa. Me er veldig glade i folk, me to, seier ho.

Då dei bygde nytt fjøs, var dei opptekne av at det skulle vera rom for meir enn drift og arbeid. Det skulle også vera plass til folk, kaffi og ein god drøs.

Kvar laurdag samlast bønder frå nærområdet på garden. Det går store mengder kaffi, og praten går om både stort og smått.

– Det er stinn brakke på kontoret kvar laurdag. Det er ikkje så avansert, men praten går, og vi får snakka om det som opptek oss. Det er ikkje alltid det skal så mykje til, seier Bjørn Ståle Bekkeheien.

For Silje handlar mykje av engasjementet om å skape rom for samtalar som ikkje alltid kjem av seg sjølv.

– Eg er med i tre bondekåneforeiningar. Det betyr mykje for meg, og det er nok derfor dei andre også ønskjer å delta. Når vi treffest, er ingenting for smått eller for stort til å bli samtaleemne. Den ventileringa er viktig, seier ho.

Ekteparet Bekkeheien delte årets God Bonde-pris med Kristin Syverstad frå Østfold. Dei to vinnarbruka fekk blomar, diplom og 25.000 kroner kvar.