Omtrent slik skal det kommande burettslaget på Nærbø sjå ut. Fasaden skal kles i impregnert tre.
Omtrent slik skal det kommande burettslaget på Nærbø sjå ut. Fasaden skal kles i impregnert tre. Foto: Asplan Viak

Det er ikkje rart at ordførar Andreas Bjorland (KrF) var glad for skryt, for det planlagde burettslaget for personar med funksjonsnedsetting har hatt ein vanskeleg start.

Det er godt over tre år sidan Jærbladet for første gong skreiv om eit prosjekt der åtte foreldrepar hadde gått saman med Hå kommune om å bygga eit burettslag spesielt tilpassa unge håbuar med funksjonsnedsetting.

Håbuane skal sjølv eiga leilegheitene sine, som får livsløpsstandard. Prisen for desse er venta å komma opp i 1,8 millionar kroner for dei minste og 2,2 millionar kroner for den største.

Burettslaget skal byggast i Viervegen på Nærbø. I dag står det to kommunale bustader der. Desse skal rivast.

Liknande burettslag finst både i Time og Klepp.

Forseinka

Men sidan politikarane først vedtok at dei skulle bygga eit slikt burettslag, har det oppstått fleire tilbakesteg. Pengane til å bygga skulle blant anna komma frå Husbanken. Men regjeringa sette av mindre pengar enn planlagt, og Hå kommune fekk ikkje søkt før kassa var tom.

Det viste seg at grunnen til at kommunen ikkje hadde søkt om støtte, var at kommunen, grunna usikker økonomi og kapasitetsproblem i kommunen, hadde stoppa den vidare prosjekteringa. Utan eit klart prosjekt, er det heller ikkje mogleg å søka om støtte frå Husbanken.

Dette førte til forseinkingar i arbeidet, noko som var lite populært i foreldregruppa som har vore pådrivarar for burettslaget.

Det toppa seg i fjor vår, då dåverande kommunedirektør Rune Kloster Tvedt frå talarstolen i kommunestyret måtte be foreldra om orsaking for at kommunen ikkje hadde følgt dei opp på den måten dei hadde grunn til å forventa.

I etterkant av det møtet, engasjerte kommunen Asplan Viak for utarbeida eit skisseprosjekt i samarbeid med foreldregruppa og kommunen. Undervegs i arbeidet har partane hatt fleire møter saman.

Rett før jul i fjor, vart skisseprosjektet ferdig.

«Krut»

Då formannskapet tysdag 30. januar diskuterte skisseprosjektet, sa ordførar Andreas Bjorland (KrF) at dette hadde vore ei sak med «mykje krut i». Han roste engasjementet til foreldregruppa som har stått på for prosjektet, og meinte kommunen har følgt dei opp på ein god måte.

– Det er ikkje så ofte at folk ringer berre for å skryta, men nå har det ringt folk som vil seia frå at nå fungerer det godt inne i prosjektet, sa ein nøgd ordførar.

Ordførar Andreas Bjorland (KrF) var glad for å ha fått skryt.
Ordførar Andreas Bjorland (KrF) var glad for å ha fått skryt. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Burettslaget er planlagt med til saman åtte leilegheiter, tre i første etasje og fem i andre. Dei fleste leilegheitene er 55 og 56 kvadratmeter, men ein av dei vert litt større: 64 kvadratmeter.

Burettslaget får eit eige fellesareal i første etasje, og dessutan eit felles uteareal. I tillegg er det eit privat uteareal knytte til kvar leilegheit; treplattingar i første etasje og balkongar i andre.

Alle bebuarane i burettslaget treng, og har rett på, hjelp i større eller mindre grad. Derfor vert det bygd personalbase med kjøkken, spiseplass og eit eige rom for nattevakta i første etasje. Kommunen reknar med at det vil vera 12 årsverk knytte til bebuarane i burettslaget, fordelt på 30 tilsette.

– Ei god løysing

Ei førebels utrekning tyder på at den totale prisen for burettslaget kjem på 55,8 millionar kroner. Av dette er kommunen sine totale kostnadar 16,9 millionar kroner etter momskompensasjon. Resten av pengane kjem frå Husbanken og sal av leilegheiter til bebuarane.

Ordførar Andreas Bjorland la ikkje skjul på at prosjektet inneber kostnadar for kommunen.

– Men dette er ei god løysing for ei gruppe som me uansett skal støtta og hjelpa, uavhengig av kva for løysingar me kjem fram til. Eg håpar at dette går på skjener vidare, sa Bjorland.

Neste stopp for burettslaget er godkjenning av skisseprosjektet i kommunestyret 8. februar. Etterpå kan ein utarbeida sjølve forprosjektet, som så må godkjennast av kommunestyret før prosjektet kan sendast ut på anbod.

Kommunedirektøren tek atterhald om forseinkingar, men reknar med at byggestart kjem i slutten av september eller november, avhengig av om kommunestyret får forprosjektet til godkjenning før eller etter sommarferien.