– Det er mange som parkerer utanfor, utan at dei har tilknyting til det som skjer rundt her, seier Mariann Hegrestad Egeland til Jærbladet.
Ho driv butikken Livs klær og gaver på Torgplassen i Nærbø sentrum.
Egeland og andre næringsdrivande i området er frustrert over det som har vorte eit aukande problem: Parkeringsplassar i sentrum vert tatt opp av folk som har køyrt til Nærbø for å ta toget på jobb.
– Tidvis kan det vera stappfullt utanfor, men ingen kundar i butikken, seier Egeland.
Ho fortel at det hender kundar kjem inn og lurar på kven som har parkert utanfor.
– Det er dagleg kundar hos meg som kommenterer det, seier May Tove Aase som driv frisørsalong i nabolokalet.
Vil ha tidsavgrensing
Problemet begynte då Bane Nor innførte betaling på parkeringsplassen ved Jernbanestasjonen. Heller enn å betala, vel enkelte å stå gratis i sentrum.
Aase fortel at dei etter kvart har begynt å kjenna igjen nokre av bilane.
Ved inngangen til parkeringsplassen ved Torgplassen, der Egeland og Aase held til, står det eit skilt som opplyser om at maksimal parkeringstid er tre timar.
– Men eg trur ikkje folk ser det, seier Egeland.
Dei to ønsker seg tidsavgrensa parkering og handheving av reglane, i alle fall på rekka rett framfor butikkane.
Ho fortel at dei har laga til det ho kallar «ein koseleg smiley-lapp» der dei oppmodar til å finna ein alternativ parkeringsplass. Legg dei merke til at ein bil har stått der i over tre timar, legg dei lappen under vindaugsviskaren.
Det hender òg at dei seier frå om dei ser nokon som parkerer og hiv sekken over skuldra på veg mot stasjonen.
– Då pleier me seia at det er greitt at dei står der i dag, men at me helst vil at kundane våre skal kunna nytta denne parkeringa. Dei fleste beklagar og viser forståing. Det har ikkje vore nokre sure miner så langt, seier Egeland.
Fryktar kundeflukt
– Me har eit parkeringsforbod utan at nokon handhevar regelen. Då er det verd null og niks, sa Merethe Elin Kvia då ho tok opp parkeringssituasjonen på Nærbø under førre møte i Utval for kultur og samfunn.
Ho fryktar at lokale næringsdrivande skal mista kundar til Bryne om dei ikkje kan parkera i nærleiken av butikken.
Løysinga hennar er enkel. Ho vil innføra to timars gratis parkering og parkeringsvakter i Nærbø sentrum. I dag er det få avgrensingar på parkeringa og ingen til å handheva reglane eller slå ned på regelbrot.
– Me må gjera noko med denne løysinga, slik at dei som pendlar anten syklar til stasjonen eller må betala for parkering, sa Kvia.
Ho poengterte samtidig at parkeringa på stasjonen ikkje er særleg dyr. Dei som har ukes-, månads- eller årskort betalar 100 kroner i månaden for retten til å parkera ved Nærbø stasjon.
Etter at det vart innført betaling på stasjonsparkeringa, begynte fleire å parkera i Jadarvegen i staden. Situasjonen vart etter kvart så uoversiktleg at kommunen innførte forbod mot parkering på austsida av Jadarvegen.
– Det verka ei stund, men ikkje nå lenger. Det er kaos, meinte Kvia.
Det er ikkje første gong parkeringstilhøva på Nærbø er oppe til diskusjon i Utval for samfunn. I oktober fremja utvalsleiar Magnus Ånestad eit ønske om at kommunedirektøren skal sjå på eventuelle parkeringsutfordringar og korleis desse kan løysast. Heile utvalet stemte for dette.
Etter planen kjem saka opp ein gong før sommaren.