– Me veit jo at Visit Jæren, som er digital, har gjort eit fantastisk arbeid. Jæren er synleg på nettet. Men det er ikkje noko knutepunkt her.
Det seier Thomas Gausel Olsen, som driv surfebutikken ved Coop marked på Voll.
Like i nærleiken reiser Coop Klepp eit nytt bygg som skal huse fleire aktørar, mellom anna ein Coop Extra-butikk og nytt samfunnshus.
Også surfebutikken har inngått avtale om å flytte inn.
Med dette er planen å utvide frå tre til sju opningsdagar i veka. Nyleg søkte Olsen også til Klepp kommune om tilskot og godkjenning til å bli ein fysisk turistinformasjon for kommunen.
– Turistar finn oss og spør kva dei kan finne på. Dei veit at surfebutikkar har veldig god peiling på området, hevdar Olsen.
– Ønsker å ta vertskapsrolla alvorleg
Status som autorisert turistkontor, med tilhøyrande rett til å bruke «i-skilt», blir tildelt av NHO reiseliv.
Eit viktig prinsipp er at kontoret ligg der turistane ferdast, ifølgje NHO. Det er hovudsakleg kommunar, destinasjonsselskap eller reiselivslag, lokale næringsselskap, opplevingssenter eller større attraksjonar som har ansvar for drifta her til lands.
Kontora har mange krav til uteområde, inneområde, lokalisering, parkeringsløysingar, toalett, opningstider og bemanning, for å nemne noko.
Ifølgje NHO ligg det til det offentlege å handtere vertskapsrolla, for kommunar som satsar på reiseliv. Dette kan dei altså velje å gjere gjennom eit turistkontor.
Turistinformasjonsverksemd er ikkje kommersiell verksemd, og krev derfor offentleg tilskot til drift, heiter det på nettsida.
– Nokon vil kanskje spørje om me skal bruke turistinformasjon til å selje meir utstyr. Det er eit heilt rettferdig spørsmål, men svaret er jo nei. Ikkje fordi me er edle av oss og ikkje skal tene pengar, men det er jo ikkje sånn det fungerer, seier Olsen, og held fram:
– Du skal gi nøytral og fagleg informasjon om heile området; om strendene, om turmoglegheiter, om overnattingar, aktivitetar og restaurantar me har rundt omkring. Så me vil jo naturlegvis fortelje turistar som kjem inn om surfing og utstyr og slikt når det er relevant. Men det er viktig å skjønne at me ønsker å ta vertskapsrolla alvorleg.
Unik plassering
Olsen meiner plasseringa verksemda skal til no, i krysset ved bensinstasjonen på Voll, er unik fordi «alle» køyrer forbi der.
– Og så ser me at det fell veldig godt saman med det området som samvirkelaget legg til rette no, med elbillading, toalettømming for bubilar, ein bensinstasjon som serverer mat og eit samfunnshus som har lang tradisjon i å ha bubiltreff, seier Olsen.
Han har sjølv drive to surfebutikkar i Stavanger-regionen tidlegare, og har reist mykje rundt i verda. Kontaktane og nettverket han har opparbeida seg, meiner han også gjer han godt skikka til å leie eit turistkontor.
«Som leverandør av teknisk og livsstilsbasert surfutstyr har våre medarbeidere daglig kontakt med både lokale og tilreisende som skal ut i vann og natur på jærkysten. Vi har følgelig praktisk kunnskap om forhold, vær, sikkerhet og aktivitetsmuligheter som er direkte nyttig i en vertskapsrolle, i tillegg til generell informasjon om kommunen og regionen», argumenterer han i søknaden til kommunen.
Vil ikkje konkurrere
Det finst fire forskjellige klassar i autorisasjonsordninga. I søknaden til kommunen skriv Olsen at han til å begynne med ser det som realistisk å starte i klasse to, som inneber sesongope kontor.
Det krev ein ansvarleg leiar og minst 37,5 timars opningstid i veka, i perioden 20. juni til 20. august.
Han håpar å få på plass autorisasjonen før opninga av butikken, som ligg an til å bli i oktober, men har heller ikkje noko imot om det eventuelt skulle kome på plass på våren eller sommaren neste år.
I søknaden ber han om at Klepp kommune vurderer og godkjenner Surfd sitt lokale på Voll som vertskap for ein slik fysisk turistinformasjon for Klepp kommune. Han ber dei også ta stilling til om kommunen kan bidra med årleg driftstilskot, og kva modell og nivå dette bør ligge på.
Han ønskjer også innspel på kva informasjonsmateriell, skilting og kommunal kommunikasjon som kan nyttast, og spør om dei kan bidra til kontakt med Visit Jæren for å sikre at tiltaket er godt regionalt forankra.
«Vi ser for oss et samarbeid med, ikke en konkurranse mot, Visit Jæren og kommunens eget reiselivsarbeid. Vår rolle vil være det fysiske, bemannede kontaktpunktet som forsterker den digitale informasjonen som allerede finnes», heiter det.
Må vente på svar
Like etter Jærbladets besøk til surfeentusiasten, sende Nils-Ove Steinbru Støbakk, rådgjevar for kommunikasjon og næring i Klepp kommune, eit svar på søknaden.
Han innleier med å takke for søknaden og initiativet til å styrke tilbodet til besøkande langs jærkysten, og skriv at kommunen set pris på engasjementet for å utvikle eiga verksemd og Klepp som reisemål.
– Klepp kommune har i dag eit avgrensa tilbod knytt til turistinformasjon, med ei ubemanna løysing på Jærhagen, og brosjyrar ved Klepp bibliotek. Frå november 2026 vil bibliotek, rådhus og kulturhus samlokaliserast i Kleppe sentrum. Det er derfor naturleg for kommunen å gjere ei heilskapleg vurdering av korleis lokal turistinformasjon skal organiserast frå og med 2027.
Støbakk utdjupar at det derfor er for tidleg å ta stilling til søknaden og spørsmål om lokalisering og samarbeid.
– Kommunen vil gjennomføre ein intern prosess knytt til dette, der ulike løysingar og samarbeid blir vurdert. Me ser positivt på initiativet, og vil ta søknaden frå Surfd Distribution AS med som eit relevant innspel i det vidare arbeidet.
Kommunen vil kome tilbake med ei avklaring i løpet av januar/februar 2027, heiter det.
– Elles vil me presisere at Visit Jæren er ein frittståande, kommersiell aktør utan formelt samarbeid med Klepp kommune. Kommunens arbeid med marknadsføring av reiseliv skjer i hovudsak gjennom Region Stavanger og Fjord Norge.