– Me menneske har lett for å like runde tal, men det er ikkje noko poeng i å gå til akkurat førti.
Dag Folkvord får spørsmålet om kvifor han ikkje takkar av om eit halvt år i staden – berre for eit litt flottare tal på papiret si skuld.
– Eg følte det var veldig rett å slutte nå, seier han.
Etter nesten fire tiår lang fartstid på folkehøgskulen på Kleppe, er det få som kan skrøyte på seg like høg lojalitet til arbeidsplassen som Folkvord.
Som både medielærar, inspektør, rektor og økonomiansvarleg gjennom desse åra, kjenner han kanskje skulen betre enn nokon. Men det er menneskemøta han trekk fram først, med både kollegaar og elevar, når han blir spurt om kva han tar med seg vidare.
– Å vere til stades i livet til tusenvis av 20-åringar når dei er i ei ganske viktig overgangstid, har vore eit privilegium, seier han.
– Trur ikkje det har gått heilt opp for meg
Den siste adventshelga hadde folkehøgskulen juleavslutning. Det einaste som gjensto for Folkvord var å pakke saman dei siste tinga.
– Folk spør korleis det kjennest å bli pensjonist. Det veit eg ikkje, for eg har aldri vore pensjonist før.
– Eg trur ikkje heilt det har gått opp for meg korleis det blir, men eg tenker at eg kjem til å kjenne på det i januar når eg ikkje har noko eg skal kvar morgon, seier han.
Folkvord var rektor i sytten år, før han i 2022 gjekk over til å ha ansvar for drift av anlegga og økonomi på huset. For å trekke til seg fleire søkarar til rektorstillinga etter han gjekk av, lyste skulen den ut utan økonomiansvar.
– Saman med styret diskuterte me korleis overgangen kunne gjerast på ein god måte. Me fann ut at ved å tilsette rektor ei stund før eg sluttar, får den nye rektoren god tid til å kome på plass og bli kjend med rutinar, seier han.
Det var Monica Cecilie Høien som stakk av med jobben.
Han er fornøgd med avskjedstidspunktet. Stillinga hans blir altså ikkje lyst ut, men fordelt på rektor og ein kontormedarbeidar som aukar stillinga si.
At han sluttar midt i skuleåret grunngir han med at han ønskjer fokus på elevane, ikkje seg sjølv, når det er sommaravslutning. I tillegg er rekneskapsåret ferdig no.
Ingen sjuande far i huset
Etter lang og tru teneste, kjem ikkje Folkvord til å bli sett i dørene på Jæren folkehøgskule lenger.
– Eg har ingen planar om å bli ein sjuande far i huset.
– Det er alltid fare for at når ein får ny rektor, heng den gamle i hornet på veggen, seier han med glimt i auget, men legg til at han trur det har gått bra i åra som kollega med noverande rektor Høien.
Folkehøgskule-bautaen har mange jern i elden, sjølv om dagane no blir rolegare.
Dei siste åra har han vore meklar i konfliktrådet, noko han har planar om å halde fram med. Han er aktiv i Time pistolklubb, og han legg ikkje arbeidet inn mot folkehøgskulane heilt på hylla.
– På sentralt plan har eg også vore med i mange år. No er eg med i økonomiutvalet, og kjem til å forstette å jobbe med økonomi sentralt for Folkehøgskulerådet.