Ein dag i fjor kom det eit høgt smell frå kaien ytst på nordsida av vågen i Sirevåg. På kaien låg ein stor grushaug. Det hadde regna tungt i fleire dagar.

Då det blei oppdaga sprekker i betongfrontbjelken på kaien, blei dette sett i samanheng med dei store grusmengdene som låg lagra der. Ein rapport frå Multiconsult viser at dette ikkje kan vera heile forklaringa.

Konsulentane har vore på staden. Dei har dykka, dei har målt og dei har rekna.

Enkelte plassar i frontbjelken har betongen skalla av og armeringsjernet blitt eksponert.
Enkelte plassar i frontbjelken har betongen skalla av og armeringsjernet blitt eksponert. Foto: Foto: Multiconsult/Hå kommune

Nøyaktig kor mykje grus som låg på kaien er ikkje kjend. Ut frå eit bilde tatt same dagen som det smalt, har konsulentane laga eit estimat.

Grus ikkje nok aleine

Då dei var på staden i fjor haust, fann konsulentane fleire sprekker i betongen, i tillegg til eksponert armeringsjern og ujamne i kaidekket.

Etter deira utrekningar kan likevel ikkje vekta av grusen aleine ha vore nok til å forårsaka skadane på kaien.

Denne kaien lengst ute på nordsida av vågen, skal rehabiliterast for ein halv million kroner.
Denne kaien lengst ute på nordsida av vågen, skal rehabiliterast for ein halv million kroner. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Ei mogleg forklaring er at det kan ha blitt gjort feil då kaien opphavleg blei støypt. At det ikkje finst teikn på at pålane kaien står på har flytta på seg, støtter opp under denne teorien.

Om sluken og kaifronten har blitt støypt lågare enn opphavleg prosjektert kan det, i kombinasjon med grushaugen, ha ført til ei tilleggslast som igjen kan ha ført til oppsprekking. Konsulentane opnar òg for at det kan ha vore ei anna, ukjend tilleggsbelastning.

Dei gode nyheitene er at det ikkje er behov for å gjera noko med sjølve kaikonstruksjonen.

Skadane i frontbjelken er synlege bak dekket til høgre på bildet.
Skadane i frontbjelken er synlege bak dekket til høgre på bildet. Foto: Foto: Multiconsult/Hå kommune

– Ser at kaien får litt juling

Konsulentane tilrår likevel at sprekker, riss og avskalingar blir fiksa, for å unngå at armeringa, og sjølve konstruksjonen, skal svekkast over tid. Dei tilrår òg at det blir utført målingar over tid, for å følga med på om sjølve konstruksjonen flyttar på seg.

Hamnestyret har tatt tilrådingane til følge og sett av 500.000 kroner til arbeidet. Av dette skal 350.000 kroner gå til sjølve arbeidet og 70.000 kroner til administrasjon. Resten skal gå til å dekka eventuelle uventa utgifter.

Pengane er det hamna sjølv som står for. 300.000 kroner blir henta frå hamna sitt disposisjonsfond, medan 200.000 kroner skal komma frå kaia sitt forventa overskot i år.

Hamnestyret har i ei tid kjend til at det var moglege skadar på kaia.

Då dei behandla rapporten tysdag førre veke, gav Trond Knutsen (H) uttrykk for at han var letta over at utbetringane ikkje blei dyrare. Han var òg glad for at aktiviteten i hamna generelt har tatt seg opp.

– Samtidig må me vera obs og følga med på dette. Me ser at kaien får litt juling. Me må vera trygge på at pålessinga blir gjort på ein skikkeleg måte og at kaien ikkje blir øydelagt over tid, sa Knutsen.