Det er i alle fall to ting konsertpublikummet kan bli flinkare til. Det er å vera tidleg på plass og det er å kjøpa billett på førehand.
Då Jærbladet laurdag dukka opp i Vigrestadhallen ti minutt etter at dørene opna, var den første beskjeden frå arrangørane i Vigrestad idrettsklubb at avisa var kommen for tidleg og at storinnrykket først ville komma seinare.
Og det er sant: Førsteinntrykket var at det var fleire kledd i gule dugnadsklede enn det var i festklede.
– Imøtekommande
Inne i salen hadde likevel dei ivrigaste allereie rigga seg til ved borda.
Blant dei var Erik Vold og Helge Pedersen. Sistnemnde var kommen heilt frå Tysvær for å vera med på festen.
– Det som er fint her, er at folk tar så godt imot deg. Dei er så imøtekommande, seier Pedersen til Jærbladet.
Han er godt kjend på Jæren, men det er første gong han er på Vigrestad.
Vold meiner arrangement som Bygdafesten er med på å setta Vigrestad på kartet.
– I seg sjølv er det ein litt liten plass, men her er stødige folk som er med på å halda bygda oppe, seier han.
Ved eit anna bord sit ein gjeng frå Stavnem & Vigrestad. Bedrifta er ikkje berre ein av dei næraste naboane til hallen, men òg ein mangeårig sponsor av idrettsklubben.
– Me må jo støtta opp om bygda, seier Roy Jarle Tønnessen.
Etter eige utsegn høyrer Tønnessen til den eldre garde som er i Vigrestadhallen denne laurdagen.
– Men det er ganske mange unge òg. Det er samlande for alle, seier han.
Så speler Ørjan & Øyvind med band opp, og det er ikkje råd å høyra kva meir han seier.
Lang kveld med dugnad
Langborda inne i hallen har fylt seg opp med festgjengarar, og når bandet drar på med ein opprocka versjon av Tønes sin song Bonde, vågar dei første seg ut på golvet.
I døra har det nå blitt travlare. Der står namnebrørne Morten Siqveland og Morten Fevang. Det er ikkje første gong.
– Me har gjort dette nokre gonger før. Det er ein grei dugnad å vera med på, seier Siqveland.
– Det er gildt å treffa folk, supplerer Fevang.
I tillegg synest dei det er fint å hjelpa idrettsklubben å skaffa seg inntekter.
Dei er budde på ein lang kveld. Dørene stenger i halv eitt-tida, men Siqveland og Fevang skal vera med å rydda og reknar med at dei må halde det gåande til to, halv tretida.
– Det pleier å gå ganske rakeleg, seier Siqveland.
Samlar bygda
Det er fjerde gong idrettsklubben arrangerer Bygdefest.
Dagleg leiar Ann Helen Østrem seier dei bygger vidare på ein gammal tradisjon. Før arrangerte klubben nærast årlege konsertar med DDE i hallen.
– Dei har vore her mange gonger. Me ville eigentleg ha dei her igjen, men dei var så sinnssykt dyre, seier ho.
Alternativa ser ut til å ha tak på vigrestadpublikummet, dei òg. I tillegg til tidlegare nemnde Ørjan & Øyvind, har klubben henta inn Onsdagsbandet og Silo & Saft.
Målet med festen er ganske enkelt: Det er å tena pengar til Vigrestad idrettsklubb. I tillegg er det gildt å gjera noko for bygda.
– Det er derfor me kallar det Bygdefest. Me vil samla bygda, seier Østrem.
Kalkulert risiko
Det gjer seg ikkje sjølv. Rundt 25 personar er på dugnad. I tillegg går det med eit par arbeidsdagar frå dei tilsette i idrettsklubben. At det heile går i pluss er heller ikkje så sjølvsagt som det kan henda burde vore.
– Det er vanskeleg å stipulera kva me endar opp med, men blir det ein kjekk kveld med godt sal, blir det sjølvsagt pluss, men det er alltid ein risiko, seier Østrem.
Som dei fleste arrangørar kan skriva under på, er førehandssalet av billettar ikkje ein gong det det var. Dei fleste kjøpar berre billett same dag eller kveld.
Dessutan er det mange som kjempar om folk si merksemd. Det er mykje som skjer, og ingen kan eller vil vera med på alt. I bransjen er det òg snakk om at det etter fotball-VM har komme ein liten dupp, der folk hegnar meir om kveldane sine, heller enn å gå ut.
Østrem seier det er nok til å ta nattesøvnen.
– Men det skal nok gå tolig greitt. Me har klart å selja 400 billettar før kvelden er begynt, seier ho.