Rogaland fylkeskommune har kjøpt tilbake eigedommen som var aktuell for eit høghus med vaskekjølt datasenter, som skulle varma opp leilegheitsblokker i Trallfavegen og Hetlandsgata.
Rogaland fylkeskommune har kjøpt tilbake eigedommen som var aktuell for eit høghus med vaskekjølt datasenter, som skulle varma opp leilegheitsblokker i Trallfavegen og Hetlandsgata. Foto: Asplan Viak

Til stades på rådhuset var Time kommune, teknologigiganten Nokia, eigedomsutviklaren Miris og det lokale selskapet Jæren Teknologiforum.

Etter å ha signert ein innleiande avtalte på Høghuset i januar, var den same gjengen nokre månader seinare klare til å legga fram ei konseptutgreiing for parkeringsplassen utanfor Bryne vgs.

Her hadde Asplan Viak teikna Norges første teknologi- og kompetansesenter som blir varma opp med energi frå eit lokalt datasenter.

Hypermoderne høghus

I motsetnad til datasenteret Green Mountain bygger på Undheim, skulle dette stablast i høgda, på ei lita sentrumstomt.

Høghuset skulle byggast i limtre og produsera straum på ein oppsiktsvekkande fasade, som var kledd med skråstilte solcellepanel.

Varmen som vart til overs når maskinparken vart kjøla ned med vatn, skulle gå til å varma opp andre bygningar i Bryne sentrum.

Vyane var store, men den vanskelege jobben stod att: Å skaffa kapital til å bygga, og nok leigetakarar til å fylla tolv etasjar med kontor.

Stiftinga Jæren Teknologiforum kunne ikkje aksla den økonomiske børa åleine, noterte Jærbladet i ei sak frå pressekonferansen.

Partnaren Miris hadde i første omgang tatt på seg å drifta datasenteret, men dei utelukka ikkje å vera med på å realisera bygget.

Data- og teknologisenteret vart teikna i same kvartal som Jærens høgaste bygning, Forum Jærum.
Data- og teknologisenteret vart teikna i same kvartal som Jærens høgaste bygning, Forum Jærum. Foto: Foto: Asplan Viak

Partnar gjekk konkurs

Signalbygget på Bryne er eitt av mange selskapet Miris var inne i, som alle har til felles at dei er spektakulære og aldri vart noko av.

Eit utval:

  • På ei kunstig halvøy utanfor Bodø skulle det byggast fritidsbustader
  • Ved Svartisen i Måløy kommune skulle Miris bygga eit energipositivt hotell, teikna av Snøhætta
  • Same anerkjende arkitektfirma var med og teikna ein næringspark i Os kommune

Etter at Miris vart slått konkurs i september 2021, kom det inn krav på 1,5 milliardar kroner, ifølge E24.

Dei rettslege etterspela er framleis ikkje avslutta.

I september 2021 forsøkte Stavanger Aftenblad å finna ut konkursen ville bety for prosjektet på Bryne.

Initiativtakar Jæren Teknologiforum svarte at prosessen fram mot bygging har tatt meir tid enn venta, og at dei var utolmodige.

– Men når ein går inn på noko som er så nytt, må ein også ha is i magen og økonomi til å venta.

I januar 2019 vart ein avtale om konseptutgreiing signert. Framme frå venstre: Svein H. Olavesen (Miris) og Arnfinn Vigrestad (Jæren Teknologiforum). Bak frå venstre: Ole Christian Braathen (Nokia), Time-ordfører Reinert Kverneland, Morten Kveil (Nokia) og næringssjef Reidar Hebnes i Time kommune.
I januar 2019 vart ein avtale om konseptutgreiing signert. Framme frå venstre: Svein H. Olavesen (Miris) og Arnfinn Vigrestad (Jæren Teknologiforum). Bak frå venstre: Ole Christian Braathen (Nokia), Time-ordfører Reinert Kverneland, Morten Kveil (Nokia) og næringssjef Reidar Hebnes i Time kommune. Foto: Foto: Nils-Ove Støbakk

Fekk tomta som betaling

Før dei to vidaregåande skulane på Bryne vart slått saman i éin ny skule, etter ei avgjerd i 2011, var dei yrkesretta faga samla i ein skule på Rosseland-sida av jernbanen.

Eitt av bygga som vart rivne for å gje plass til den nye storskulen, var det såkalla Trallfabygget, som Rogaland fylkeskommune, Time kommune og stiftinga Jæren teknologisenter eigde saman.

Fram til rivinga var yrkesskulen og stiftinga leigetakarar på bygget. Opphavleg skulle sambuarskapet halda fram i den nye skulen.

– Etter ei stund vart det klart at samlokalisering ikkje var ønskeleg, mellom anna som følge av samarbeidet til stiftinga med kommersielle leverandørar. For å kjøpa ut ein aksjepost vart løysinga at det skulle skiljast ut ei tomt på 1500 m² sør for det nye bygget C til Jæren teknologisenter, forklarer eigedomssjef i fylket, Cathrine Ekeberg Gaaseby

Først skulle Trallfabygget vera ein del av skulen, så skulle det rivast. Skulen og stiftinga skulle dela på nybygget, men så var heller ikkje det aktuelt- Løysinga på konflikten vart at stiftinga flytta til Forum Jæren, og så kjøpt ut av selskapet som eigde Trallfabygget. Betalinga skjedde ved at stiftinga fekk skilt ut ei tomt på 1500 kvadratmeter.
Først skulle Trallfabygget vera ein del av skulen, så skulle det rivast. Skulen og stiftinga skulle dela på nybygget, men så var heller ikkje det aktuelt- Løysinga på konflikten vart at stiftinga flytta til Forum Jæren, og så kjøpt ut av selskapet som eigde Trallfabygget. Betalinga skjedde ved at stiftinga fekk skilt ut ei tomt på 1500 kvadratmeter. Foto: Foto: Jorunn Erga Steinsland

Skrinlegg prosjektet

I 2017 etablerte stiftinga underselskapet Jæren Teknologiforum AS, for å eiga og driva utleige av fast eigedom.

I rekneskapen for 2025 – som blir det siste i historia – står det at selskapet har brukt seks millionar på konseptutgreiing og kjøp av tomt.

Gjelda til stiftinga, som er på seks millionar kroner, blir dekt med inntektene frå tomtesalet.

Tomta kosta 4,72 millionar kroner i mars 2018. Rogaland fylkeskommune kjøpte henne tilbake 16. januar i år, for 7,3 millionar kroner.

Prisstiginga er rekna ut etter ein SSB-indeks for bustadblokker, i tråd med ein salsavtalen som vart inngått i 2015.

Den hadde «utløpsdato» 1. juli 2025.

– Me hadde ein avtale med fylkeskommunen om at dei kunne kjøpa henne tilbake viss ho ikkje var bygt på. Det ville dei, og då var det ikkje så mykje meir å seia, fortel styreleiar Magnar Espedal.

Søkte om 10 år til

«Mulighetene for å kunne lokale lokalisere utvalgte leverandører i skoleområdet vil kunne bli en stor fordel for lærere og elever gjennom nær kontakt med leverandører av ny viktig teknologi», argumenterte stiftinga i ein søknad om å forlenga fristen.

Stiftinga spådde at samspelet mellom skule, næringsliv og leverandørar berre vil bli viktigare.

Fylkesdirektør Gunn Claire Westad meinte fylkeskommunen er best eigna til å vareta samspelet.

Ho hadde heller ikkje tru på at ti år ville gjera noko frå eller til.

«Fylkesdirektøren mener at stiftelsen Jæren teknologisenter har hatt god tid til å realisere sitt bygg, og mener det fremstår noe uklart om hvilke forhold som nå er endret og som tyder på at en realisering av bygget vil skje innen fristforlengelsen.»

Fylkesutvalet følgde oppmodinga hennar om å avslå søknaden om forlenging.

Styreleiar Magnar Espedal stadfestar at Jæren Teknologiforum ikkje vil forsøka noko tilsvarande andre stader. Selskapet skal avviklast.

Eigedommen skal brukast til parkeringsplass, og kan byggast på dersom den vidaregåande skulen skal utvidast.
Eigedommen skal brukast til parkeringsplass, og kan byggast på dersom den vidaregåande skulen skal utvidast. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim