Over ei veke er gått sidan det blei kjend at Mette-Marit hadde vore gjennom ein livsviktig lungetransplantasjon, og at den hadde vore vellukka.
Håp i det håplause
Etter sin årlege sommartur over fjella frå Asker til Bryne på tung motorsykkel, går ein av legane ved Rikshospitalet og gler seg over dette resultatet, som eit tital kollegaer var med på å sikra.
Pål-Dag Line driv rett nok ikkje med lunger og har ingenting med behandlinga av Mette-Marit å gjera. Men frå sitt eige arbeid (sjå faktaramme) veit han alt om korleis det kjennest å ha hjelpt eit menneske som ikkje kan leva utan å få eit nytt organ.
– Det endrar ikkje verda. Men det endrar eit menneskeliv som før ikkje hadde håp, seier 66-åringen frå Rosseland, som er heime for å besøka mor si.
Tusen transplantasjonar
Line sitt felt er tre andre ting i kroppens innmat som også må fungera: Nyrer, lever og bukspyttkjertel.
Minst tusen gongar dei siste 30 åra har han operert inn ein av desse på pasientar. Pasientane har vore frå heile Norge, også frå Jæren, for «Riksen» er det einaste sjukehuset i landet som utfører transplantasjonar.
36 personar fekk nye lunger i Norge i fjor. Desse inngrepa er dermed langt sjeldnare enn å skifta nyre, som Line og hans kollegaer gjer på pasientar rundt 250 gongar i året.
Den første veka
Det er mange fellestrekk mellom transplantasjonar, fortel han.
Eit av dei er det som kronprinsessa truleg går gjennom den første tida etter det store inngrepet.
Dette er ikkje sjukehusavdelingar der kven som helst kan komma ramlande på besøk. Ingen får heller ta med blomar.
For her står mykje på spel.
– Den første veka handlar det om å komma seg etter narkosen, å komma seg opp av senga, å klara dei enklaste ting, og å handtera smertene. Dei skal vera så behandla at dei ikkje dominerer. Men dei er der. Dessutan skal pasienten få i seg næring og drikke, få pusta godt nok, få opp slim – og få mental støtte.
– Me er profesjonelt paranoide
Samstundes blir den nyopererte undersøkt nærmast konstant, seier Line.
– Me er profesjonelt paranoide, me trur ikkje på ting me ikkje ser.
Det dei ikkje kan sjå utanpå pasienten, kan blodprøver ofte avsløra. Mellom anna den eine store risikoen som alltid må handterast:
Betennelsen som kroppen set i gang med for å bekjempa det framande nye organet.
– Avstøyting, seier Line.
Kroppen reagerer på framand organ
– Viss me ikkje gjer noko, vil kroppens immunforsvar avstøyta det transplanterte organet. Men me klarer å snu dei fleste avstøytingar med immundempande medikamentar som pasienten får både før inngrepet og etterpå, fortel han.
Kunststykket blir likevel å finna ein balanse: Viss pasienten får for mykje immundempande for at kroppen skal godta det nye organet, aukar risikoen for infeksjon. Dette gjeld endå meir etter lungetransplantasjon enn etter bytte av hjarte, nyrer, lever eller bukspyttkjertel, ifølge kirurgen.
– Desse andre organa har ikkje kontakt med verda utanfor. Men det har lungene. Sånn sett er det meir komplisert, seier han.
– Større fallhøgd
Det er dessutan dårleg med backup-løysingar etter ein lungetransplantasjon.
– Viss ei ny nyre fungerer dårleg, kan me bruka dialyse, altså at pasienten får reinsa blodet jamleg. Det er altså ikkje dødeleg. Men viss eit transplantert hjarte eller lunge ikkje fungerer, så døyr pasienten. Desse inngrepa har altså mykje større fallhøgd, seier Pål-Dag Line.
Statistisk lever 85–90 prosent av dei lungetransplanterte eitt år etter operasjonen. Etter fem år gjeld det 70 prosent. Ti år etter inngrepet lever framleis over halvparten.
Alle som lever vidare med ein transplantert kroppsdel, anten det er lunger, hjarte, nyrer, lever eller bukspyttkjertel, må uansett gå på immundempande tablettar resten av livet.
– For kroppen gløymer ikkje, seier Line.
Ein annan har døydd
At ein svært sjuk person kan bli hjelpt av organ frå eit anna menneske, er stort.
Ny nyre kan ein få frå ein annan person som lever og er frisk.
Men hjarte- og lungetransplantasjonar inneber eit menneskeleg og medisinsk drama:
Ein person måtte ha døydd rett før, før Mette-Marit kunne få sjansen til eit nytt og friskare liv.
Det måtte dessutan vera ein person med lunger som på fysiske og medisinske måtar kunne matcha kronprinsessa.
Ikkje enkelt.
Men det måtte òg vera ein person som har vore positivt innstilt til å bli såkalla donor i tilfelle plutseleg død – eller med pårørande som sa ja til dette.
Ein del seier nei
I fjor blei 29 prosent av donasjonar ikkje noko av fordi pårørande sa nei, ifølge Stiftelsen Organdonasjon.
Problemstillinga er såpass sær og langt frå folk sine vanlege liv, i alle fall før ein blir eldre, meiner Pål-Dag Line.
– Ein person på 17 eller 25 kjenner seg jo ofte udødeleg. For andre er heile ideen skremmande; at et menneske skal døy og nokon skal skjera i han eller henne.
Men dei beste ambassadørane for organdonasjon er familiane til transplanterte eller transplanterte sjølv, er hans erfaring.
– Og med ein kjent person blir den effekten oppskalert. Det er ille at kronprinsessa blei sjuk. Men når ho blei det, er det ein gledeleg bi-effekt, seier kirurgen.
Éin død kan hjelpa sju andre
Men om ein del sa nei, var avdøde eller pårørande positive i 71 prosent av dei aktuelle donasjonane i fjor.
I løpet av året blei organ frå 119 avdøde sett inn i kroppen til andre som trong dei.
Desse 119 hjelpte langt fleire, for organa frå éin person kan redda inntil sju andre til eit lengre liv: Heile 420 pasientar fekk eit nytt organ i 2025, ifølge statistikken.
I dag er Pål-Dag Line den eldste av kirurgane på si avdeling. Han brukar mykje av tida på å læra opp dei yngre.
Svært mange gonger har det vore han, men nå er det også mest dei som rykker når det kjem melding frå andre delar av landet, som SUS i Stavanger, om at dei har ein pasient som er hjernedød og som kan vera aktuell som donor.
Klokka tikkar
Då er det minutta som tel.
Til Stavanger flyr dei med eige fly og eige team for å ta hand om organ som blir operert ut av den avdøde pasienten på SUS.
– Dette er eit stort inngrep, og me må sikra at organa ikkje blir skada på vegen, slik at dei kan brukast, forklarer Line.
Eit par timar etter at organa sat i kroppen på personen som har døydd på SUS, er dei tilbake på Rikshospitalet.
I mellomtida har sjukehuset kontakta den eller dei som skal få nye organ – og som har gått og venta med mobilen på – for å få dei klare.
– Eit hjarte kan tola å vera utanfor kroppen i cirka fire timar, lunger i rundt seks timar, lever i cirka 12 timar, nyrer i 24 timar og bukspyttkjertel i 12. Så dette krev god logistikk og presisjon, seier Line.
Dødsfarleg på motorsykkel
Nokre av dei som blir donorar, er motorsyklistar som døyr i trafikkulukker.
Pål-Dag Line har sett dei.
Sjølv er han òg ein ihuga MC-mann. Det er i kollektivfeltet på E18, på sin 1.300 kubikk BMW, at han tar seg frå heimen i Asker til Rikshospitalet i Oslo.
– 25 minutt dør til dør, seier Line.
I fjor omkom 24 MC-førarar i trafikken, ifølge Trygg Trafikk. Høgare har ikkje talet vore sidan 2016.
Line ser ironien i at han, som lever av å transplantera organ som iblant kjem frå motorsyklistar, er så glad i å ta seg fram slik.
– Det er ingen tvil om at det er farleg. Men derfor er det viktig å vera forsiktig og elles oppføra seg slik at det blir mindre farleg. Dei som vedder på om folk vil krasja, er forsikringsselskapa. For dei som køyrer så stor sykkel som eg gjer, og som er så gamle, er premien ganske låg, seier 66-åringen.
Han køyrer aldri utan hjelm, seier han, og under jakka har han airbag-vest.
- Tenk over det
«De kan i alle fall ikkje bruka organa mine», seier enkelte til Pål-Dag Line når dei høyrer kva han jobbar med.
Då svarar han dette:
– Det treng du ikkje å tenka på. Me er eit heilt apparat på Rikshospitalet som er betalt 24/7 for å ta stilling til dette. Det einaste du treng å tenka over, er om du seier ja eller nei – og at du formidlar det til dine nærmaste.
Mette-Marit sin situasjon har tydeleg fått mange til å tenka.
Tusenvis har meldt seg
Tusenvis meldte seg som organdonor etter at det blei kjend at kronprinsessa var sett på liste for lungetransplantasjon, ifølge Stiftelsen Organdonasjon. Dette kan gjerast ved å oppretta eit digitalt donorkort i kjernejournalen sin på Helsenorge, eller ved å lasta ned appen "donorkort" og få det på mobilen.
Pål-Dag Line er svært glad for tilstrøyminga. For sjølv om det til vanleg blir meldt inn mellom 350 og 400 potensielle givarar, vil to av tre falla vekk i dei medisinske vurderingane eller fordi pårørande ikkje vil. Då står Rikshospitalet igjen med drygt 100 givarar.
Parallelt sto 604 personar på venteliste ved årsskiftet. 20 pasientar døydde i løpet av året mens dei sto på slik liste. Det er «eit konstant problem» at folk døyr i organkø, og dessutan strenge krav for å komma på lista, ifølge transplantasjonskirurgen frå Rosseland.
– Men med dobbelt så mange givarar kan me hjelpa mange fleire som treng det, seier Pål-Dag Line.