Livet hennar blei snudd totalt på hovudet om kvelden 24. mars i fjor.
Huset på garden på Braut i Klepp, der ho hadde budd i over 60 år, brann ned til grunnen.
Sonen Kenneth Braut (62) mista livet.
Ein mann i 40-åra blei pågripen like ved brannstaden kort tid etter brannen.
Han er sikta for å ha forårsaka brann som har ført til tap av menneskeliv, etter det som tidlegare blei kalla mordbrannparagrafen.
Enno – tett på eitt og eit halvt år etter – ventar politiet på rapporten frå kriminalteknisk.
Dermed er etterforskinga ikkje ferdig.
– Eg runda 85 år i august. Eg føler ikkje eg har all verda med tid, og eg vil gjerne vita utfallet av rettssaka og få ei avklaring medan eg enno er her på jorda, seier Rut Braut.
– Svært beklageleg
«Det er svært beklagelig at saken har tatt så lang tid. Men politidistriktet har hatt mange alvorlige saker den siste tiden (kjente og ukjente for pressen) som opptar deres kapasitet», skriv politiadvokat Ann-Bjørg Ingebrigtsen i ein e-post som svar på Jærbladet sine spørsmål om kor saka står no.
«Det mangler fremdeles rapport fra kriminalteknisk. Når denne foreligger, vil politiet gjennomgå saken og sende sin innstilling til statsadvokaten», skriv Ingebrigtsen vidare.
Jærbladet har tidlegare skrive at politiet har bede om tre rapportar: ein kriminalteknisk rapport, ein brannsakkyndig uttale og ein rettspsykiatrisk rapport om den sikta mannen i 40-åra.
Politiadvokaten ønskjer ikkje å gå inn i detaljar om brannen, eller om kva bevis politiet har som knyter den sikta mannen til den.
Ho vil heller ikkje svara på kva den rettspyskiatriske rapporten seier.
Som Jærbladet tidlegare har skrive, har den sikta mannen ikkje erkjent straffskuld.
Han har overfor politiet forklart at han ikkje hugsar noko, men at han håpar han ikkje stod bak brannen, og at det ikkje ligg i hans natur å skada nokon.
Han er sikta etter paragraf 355a i straffelova, «grov fremkalling av fare for allmennheten», fordi det gjekk menneskeliv tapt i brannen.
Paragrafen har ei strafferamme på inntil 21 års fengsel.
Mannen blei varetektsfengsla i fire veker, og deretter sleppt fri. Politiet bad ikkje om vidare varetektsfengsling fordi dei meinte at det ikkje var nokon fare for gjentaking.
Har flytta til sentrum
Me møter Rut Braut i den nye heimen hennar, i bustadblokkene i Skulehagen på Kleppe, der ho flytta inn i mai i fjor.
Heime på Braut – både Rut og dottera Inger-Elise brukar det omgrepet enno – er det førebels ikkje reist noko nytt hus etter det som brann.
Garden er seld til naboen som hadde leigd jorda i mange år, og som dei kjenner godt.
Dermed er det fritt fram for å stikka innom på besøk, og det gjer dei rett som det er. Men garden er ikkje deira lenger, og der er ikkje nokon veg tilbake dit.
– Då det gjekk som det gjekk, var det her i Skulehagen eg ville bu. Her kjenner eg folk, det er nær alt, og her er luftig og lyst. Det er fint her, og alt er nytt. Men...
For der er eit «men» – eller eigentleg fleire.
Mange minne frå eit langt liv forsvann i brannen.
Bilda av ungane då dei var små.
Smykka. Bilda. Dei mange, fine møblane og andre tinga som svigerfar – ein ivrig og dyktig treskjerar – hadde laga.
Uerstattelege ting.
Og det mest uerstattelege av alt, sonen Kenneth, som mista livet.
Jobba til siste dag på garden
I det nye livet sitt saknar Rut sjølvsagt selskapet i sonen, og i ektemannen Kåre, som døydde for tre og eit halvt år sidan.
Bileta av dei to er det første ein ser når ein kjem inn i leilegheita, og eit gammalt måleri av gardstunet på Braut slik det såg ut, heng rett innføre i gangen.
– Heldigvis slapp far å oppleva det som skjedde, seier dottera Inger-Elise Braut, som er med på møtet vårt.
Dei to døtrene, barnebarna og oldebarna er ofte innom, og det set 85-åringen stor pris på.
Men livet er annleis.
– Eg jobba jo til siste dag på garden. Den dagen det brann, hadde eg klypt hekken. Her er det mindre å finna på, seier Rut Braut.
Ho kan tenkja tilbake på mykje hardt arbeid på garden, som nok var aller mest kjend for jordbærdyrkinga si, men der dei også hadde dei aller fleste dyreslag i hennar tid.
Rydding redda livet hennar
Det var jobbinga og pliktkjensla som redda livet hennar den måndagskvelden det begynte å brenna.
Både Rut og sonen hadde gått og lagt seg då begge høyrde eit smell.
Rut tok på seg litt klede og gjekk ut, og ute på terrassen stod eit par kanner grønskekverk, med korken av.
Dei sto ikkje der ho hadde sett dei, og ho hadde ikkje gått frå dei med korken av. Ho begynte å rydda, då sonen ropte at ho måtte ringa brannvesenet.
Då såg ho at den eine delen av huset stod i lys lue.
Ho hadde ikkje med seg telefonen, og ville redda ut sonen, som var dårleg til beins, men det kom fullt av svart røyk frå bislaget, og det lukta litt som ved ein bensinstasjon.
Ut av røyken kom ein mann springande.
Rut sprang ned til Jærvegen for å varsla og få hjelp.
Der skjedde det som ho enno synest er vanskeleg å forsona seg med: Seks bilar som kom frå Kleppe, svinga utanom den eldre kvinna som sto tynnkledd midt i vegen. Dei køyrde berre vidare.
Først då nabobonden kom på traktoren i motsett retning, fekk ho hjelp.
– Oppe i alt det forferdelege som skjedde den kvelden, er det kanskje dét som har sett djupast spor: At så mange berre køyrde forbi utan å stoppa og hjelpa, seier Rut.
Ho blei teken inn i ambulansen og skåna frå å sjå at huset hennar brann, med sonen inne. Men begge døtrene til Rut kom raskt til staden og såg brannen på nært hald.
– Det var heilt grusomt, det kan ikkje beskrivast, seier Inger-Elise.
– Forstår ikkje kva dei skal bruka så lang tid på
Mor og dotter Braut er skuffa over at etterforskinga har teke så lang tid.
– Eg forstår ikkje kva dei skal bruka så lang tid på. Politiet tok jo ein person omtrent på fersk gjerning, og det er ei alvorleg sak, der liv gjekk tapt, seier Rut Braut.
– Eg kjenner at eg misser litt tilliten til rettsvesenet. Det er jo ei alvorleg sak, så eg trur ikkje eigentleg at det skjer, men innerst inne fryktar eg litt for at saka skal fisla bort i ingen ting når det har teke så lang tid, seier Inger-Elise Braut.
Dei har fått litt informasjon undervegs frå bistandsadvokaten. Han har også førebudd dei på at lova er slik at gjerningspersonen får strafferabatt når det tek for lang tid å få saka opp for retten.
– Me får jo ikkje gjort noko, så me kjenner oss ganske makteslause, seier Inger-Elise.
– Belastande for alle involverte
Forsvararen for den sikta mannen, advokat Hans Marius Thorsnæs, er også kritisk til at etterforskinga har teke så lang tid.
– Eg reagerer på politiet si saksbehandlingstid i denne saka. Det er ei alvorleg sak, med eit tragisk utfall, som politiet burde ha prioritert høgare, seier Thorsnæs til Jærbladet.
– Saka er svært belastande for alle involverte partar, legg han til.