Sirevåg Laks vil bygga eit landbasert oppdrettsanlegg på Oddane i Sirevåg. Her vil dei produsera , kilostore laks som kan seljast vidare til havbaserte oppdrettsanlegg, der han skal veksa seg slakteklar.

Målet er at anlegget, når det er fullt utbygd, skal produsera 10.000 tonn laks i året.

Eit biprodukt av dette er slam, om lag like mykje: 9.000 tonn i året. Mesteparten av dette skal vidare til ein tredjepart, truleg eit av biogassanlegga som er under planlegging i Hå.

Anlegget er lukka og skal nytta ein teknologi som resirkulerer opp til 99 prosent av vatnet.

Slepp ut i sjøen

Samanlikna med eit tradisjonelt oppdrettsanlegg, er det lettare å samla opp slam og avfallsstoff i eit lukka anlegg, men det betyr likevel ikkje at det er utsleppsfritt.

Planen til Sirevåg Laks er å senda reinsa utsleppsvatn gjennom ein leidning frå anlegget til Dyngjadypet, ei 97 meter djupne om lag 5 kilometer frå land.

Ved full produksjon ventar dei årlege utsleppa vera 45 tonn fosfor, 352 tonn nitrogen og 1.245 tonn organisk masse.

Til samanlikning tar ein vanleg lastebil for grus og stein rundt 14–15 tonn.

Det landbaserte anlegget, her i ei tidleg teikning, kan føra med seg mellom 20 og 25 arbeidsplassar.
Det landbaserte anlegget, her i ei tidleg teikning, kan føra med seg mellom 20 og 25 arbeidsplassar. Foto: Foto: Blue Planet/Norsea Group

Utslepp av denne typen fører til at partiklar spreier seg med havstraumar og etter kvart søkka til botnen. Utslepp av fosfor og nitrogen kan i nokre tilfelle føra til oppblomstring av algar, som igjen kan føra til fiskedød.

Kor stor effekt slike utslepp har, er avhengige av mengder, straumforholda og kor fort utsleppet blir fortynna og spreidd der det blir sleppt ut.

Tareskog, reker og laks

Dyngjadypet ligg i nærleiken av to store tareskogar og eit gytefelt for reker.

Statsforvaltaren meiner utsleppa frå oppdrettsanlegget i Sirevåg ikkje vil bli eit miljøproblem, blant anna fordi området rundt utløpet til utsleppsleidningen har stor kapasitet til å fortynna, ta opp i seg og prosessera utsleppet.

Dei årlege utsleppsmengdene er, ifølge Statsforvaltaren, heller ikkje så store at dei vil kunna påverka kjende marine naturtypar eller sjøen som økosystem.

Statsforvaltaren trur heller ikkje at sårbare artar kan bli påverka og reknar avstanden til dei næraste lakseelvene som monaleg. Det er høvesvis 7 kilometer til Ognaelva og 12 kilometer til Bjerkreimselva.

Sidan fleire lakseelver har utløp her, er heile kysten langs Jæren og Dalane rekna som ei nasjonal laksefjord. Området der utsleppet frå Sirevåg skal komma, ligg 950 meter utanfor buffersona til laksefjorden, men Statsforvaltaren trur ikkje denne vil bli påverka.

13. august gav Statsforvaltaren i Rogaland utsleppsløyve til Sirevåg Laks.

Får ja til relativt mykje

Det finst ikkje standardiserte reinsekrav til utslepp frå landbaserte oppdrettsanlegg. I Statsforvaltaren i Rogaland si vurdering av Sirevåg Laks sin utsleppssøknad, skriv dei at fokuset deira er området der utsleppa kjem, heller enn sjølve anlegget. Relativt like anlegg bli møtt med ulike krav, fordi det er omsynet til det ytre miljøet som tel mest.

På Dyngjadypet, som blir rekna for å ha høg toleevne, får Sirevåg Laks, ved full kapasitet, lov til å sleppa ut det dei søkte om: 45 tonn med fosfor, 352 tonn med nitrogen og 1.245 tonn med organisk masse i året.

Ifølge Statsforvaltaren er dette mykje større mengder enn dei har opna for ved andre anlegg med tilsvarande storleik.

Løyvet gjeld for produksjon opp til 10.000 tonn laks i året.

Oppdrettsanlegget skal byggast ut gradvis, først til 50 prosent kapasitet, så til 75 prosent og så til 100. Statsforvaltaren set derfor òg ei grense for kor mykje som kan sleppast ut for kvart tonn med produsert laks. For nitrogen er det 35,2 kilo, for fosfor er det 4,5 kilo og for organisk masse er det 12,45 tonn per tonn med produsert laks.

Det er på denne tomta på Oddane i Sirevåg at Sirevåg Laks vil bygga eit landbasert oppdrettsanlegg.
Det er på denne tomta på Oddane i Sirevåg at Sirevåg Laks vil bygga eit landbasert oppdrettsanlegg. Foto: Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Kan bli strengare

Løyvet kan bli endra på eit seinare tidspunkt. I den første tiårsperioden kan Sirevåg Laks møta krav om ytterlegare utsleppsreduksjon, eller krav om nye tiltak, dersom det viser seg at konsekvensane av utsleppet blir skil seg vesentleg frå det som blei lagt til grunn då dei fekk løyvet.

Statsforvaltaren skriv òg at næringa generelt kan forventa at det kjem strengare krav til utsleppsreduksjon enn dei som er rådande i dag.

Løyvet stiller fleire strenge krav til kontroll med utsleppa. Før dei set i gang må dei ha lagt fram eit program for dette.

Sirevåg Laks må òg dokumentera at dei har ein plan for å unngå plastforureining. Ifølge Statsforvaltaren har det dei siste åra vore fleire tilfelle av marin plastforsøpling frå landbaserte oppdrettsanlegg i Rogaland

Brot på utsleppsløyvet er straffbart. I løyvet presiserer Statsforvaltaren òg at sjølv om utsleppsmengdene er innafor grenseverdiane som er sett i løyvet, pliktar Sirevåg Laks å redusera utsleppa så mykje som mogleg utan at kostnadane blir urimelege.

Åtvarar om slamlukt

Slammet som slepp ut på Dyngjadypet er berre det som ikkje blir fanga opp av reinseanlegget. Dei store mengdene, ni tusen tonn i året ved full drift, skal gå til ein ekstern aktør. Jærbladet har tidlegare skrive at dette kan vera eitt av biogassanlegga under planlegging i Hå, eller det kan vera at det blir tørka og seld til gjødsel, jordforbetring eller liknande.

Eitt av vilkåra i utsleppsløyvet er at Sirevåg Laks dokumenterer kor mykje slam som blir produsert, kva det inneheld og korleis det blir handtert.

«Ved eventuelle leverings- og logistikkproblemer vil volumet av slam raskt kunne bli stort. Lagring av slam kan medføre lukt, som kan være til sjenanse for omgivelsene», skriv Statsforvaltaren.

Ikkje endeleg

Sjølv om Statsforvaltaren nå har gitt Sirevåg Laks utsleppsløyve, betyr ikkje det at dei kan gå i gang. Dei er avhengige av konsesjon frå Rogaland fylkeskommune. Den søknaden er framleis til behandling.

Opprdettsanlegget skal etter planen nytta vatn henta frå Holmavatn og lagt i røyr til Sirevåg. Norges Vassdrags- og energidirektorat har slått fast at dei ikkje treng søka konsesjon for dette. Det held med ein søknad til kommunen, som må behandla han etter plan- og bygningsloven.

Forum for natur og friluftsliv klaga på avgjerda, men fekk ikkje medhald, korkje hos NVE eller i Energidepartementet.

Fullt utbygd kan oppdrettsanlegget i Sirevåg sysselsetta ein plass mellom 20 og 25 personar. I tillegg er det venta at det vil føra med seg mellom 25 og 30 indirekte arbeidsplassar.

Det landbaserte anlegget har ein forventa prislapp på 2,3 milliardar kroner.